Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Aktivitetsdagar
> Basketball-turnering - Jula 2004
Vinnarar
av
Basketball-turneringa 2004,
flankert av sine næraste støttespelarar,
gjengen i 3AF-1.
GRATULERER
3AF-3 !

|
Etter veker med prøver og tentamensavvikling,
var det tid for å få ut oppdemde spenninger og energi
hos elevane. Måndag 20.12. var det basketball-turnering
ved HVS i Brattvåghallen.
Kvar basisgruppe stilte med eit lag og eit dommarpar. Kontaktlæraren
var sjølvskreven oppmann, eller coach, for laget, og
stilte opp der det måtte vere behov for litt kyndig hjelp.
Kroppsøvingslærar Stein Ravnestad hadde laga eit
stramt kampoppsett, der alle lag fikk spille fleire innleiande
kampar før puljevinnarane gikk inn i den siste, harde
kampen om å kome til finalen.
Det var full innsats frå første fløyteblås
kl. 08:15. Etter dei innleiande kampane vart det stadig tydelegare
at det kom til å bli eit oppgjer mellom yrkesfag og allmennfag,
der utfallet var særs usikkert.
Publikumsmengda vaks etterkvart som lag etter lag gjekk ut,
og dei fordelte seg raskt på to fløyer da det var
klart for finalen mellom 2EL (VKI Elektro)
og 3AF-3 (gruppe på VKII Allmenne fag).
Det vart 15 minutter med intens spenning. Tempo på banen
tok seg raskt opp. Temperaturen steig fleire hakk, både
hos aktørane på banen og blant publikum.
2EL-supportarar!
Karane til høgre, Coach 1 og Coach 2, er klar
for finalekampen.
|
|
|
 |
| På
motsett side sto inspektør Hilde K. Aasgaarden
i lag
med, blant fleire, to strålande jenter frå
2AF.
|
Rett under tribunen hadde to utslåtte kontaktlærarar
funne sine plass.
Finalen må ein jo ha med seg, sjølv om
det er "feil lag" som spelar ..., smiler Oddleif
Tolås, støtta av Per Atle Ulvestad.
|
Publikum mista nok fort oversikta over poengstillinga, men mot
slutten var det klart at 3AF kom til å gå av med
sigaren - dei klarte å halde oppe tempoet trass i få
innbyttarar og og eit hardkjør gjennom heile dagen.
2EL gjorde ein heilhjarta og flott innsats, og hadde ein gjeng
treffsikre spelarar. Likevel måtte dei gi tapt. Vi gratulerer
begge finale-laga med innsatsen, og retter i tillegg ein spesiell
takk til alle elevane som stilte opp i den tøffe jobben
som dommarar. Dei gjorde og ein god jobb denne dagen.
Under juleavslutninga i kantina i morgon vil vinnarlaget verte
heidra på høveleg vis.
Juleavslutning 2004
Andre aktivitetsdagar
Hovudsida
|
|
|