Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Faglege
turar > Arbeid i vinterferien for 1TAF
Veke 8 - 2005
1TAF tar ikkje vinterferie!
- Sveisekurs ved Søviknes Verft -

(Foto: Eldar Korsnes)
|
Elevar ved studieretninga Tekniske Allmenne Fag (TAF)
arbeidar jamnt ute i ulike verksemder ved sidan av skulegangen.
Dette gjeld og i skuleferiar, slik som i vinterferien. I år
var det lagt opp til sveisekurs for grunnkurselevane våre.
Utdanninga ved TAF-lina er 4-årig, med ein kombinasjon
av yrkesfag og fag frå allmennfagleg studieretning. Opplæringa
har ein praktisk og ein teoretisk del, der praksis blir gitt
i verksemder og teoriundervisninga på skulen. Etter endt
4-årig vidaregåande opplæring, får elevane
både yrkeskompetanse (fagbrev) og spesiell studiekompetanse,
retta mot t.d. ingeniørutdanning på teknisk høgskule.
Både på grunnkurs- og VKI-nivå er elevane
3 dagar på skulen og 2 dagar ute i opplæringsbedrifta.
Det siste året er elevane ute i verksemda 3 dagar for
veka. Når elevar elles ved skulen går ut i sine
skuleferiar, aukar TAF-elevane den praktiske delen av arbeidsveka
si til 5 dagar.
Ettersom det er viktig at grunnkurselevane ved TAF får
eit breidt erfarings-grunnlag i yrkesfagsopplæring si,
blir det halde ulike kurs, t.d. innan sveising, for å
sikre at alle elevane har grunnleggjande ferdigheitar innan
teknikken. Nokre år er kursa gjennomførte i sveisehallen
ved skulen, men i år var det Søviknes Verft som
sto for opplæringa. Hovudinstruktør, og ansvarleg
for kurset, var Sundthraralingan Ravinthrakumar, bas på
sveiseavdelinga ved Søviknes verft. Med seg hadde han
Olav Furnes og Kjell Terøy. Furnes, og bas ved verftet,
hadde ansvar for maskineringsdelen av kurset, mens Terøy
sto ansvarleg for ei spesialøkt på 1 dag, der elevane
fikk byggje røyr etter isometrisk teikningsystem.
Korleis opplevde elevane denne arbeidsveka?
- Sjølv om dei fleste allereie hadde vore borte i sveising
dette skuleåret, var det noko nyttig å lære
for alle, fortalde elevane etter kurset. Nokon fikk gode tips
og råd om korleis ting kunne eller skulle gjerast, anten
frå instruktørane eller frå medelevar, mens
andre gjorde seg sine erfaringar undervegs. Til dømes
lærte nokon at det er naudsynt å vere nøyaktig,
ikkje minst i oppmålingsfasen, hintet nokon med lure augekast
bortover i klassen.
Mikal og Kristoffer er til vanleg utplassert fast
ved Søviknes Verft, og melder at dei trivst godt.
Dei roser medarbeidarane sine, og fortel at verftet
er god på formidling av kunnskap til dei utplasserte
elevane.
|
Kumar og dei andre instruktørane blir omtala
særs positivt.
|
Her er gutane i fullt arbeid.
Dei har fått ei teikning som utgangspunkt, og
må sjølve leggje alt til rette før
dei kan klippe opp materiale, sveise og kose seg, som
dei sjølv seier det. Arbeidsoppdraget
er sveising av kassettar til å ha ulike røyrdelar
i.
|
Elevane poengterer at verneutstyret er viktig i
slikt arbeid!
Ingen slurver med sveisehanskar, -hjelm eller -briller.
|
- Materialet er aluminium, eit litt vanskeleg metall
å arbeide med, fortel gutane. - Men med deira
erfaring går det på strak arm, smilar dei
ublyge.
Men glimta i augo deira vitnar om stor grad av humor.
|
- Krevjande, men veldig gøy! -
|
Thor Audun viser gjerne fram sin "arbeidskrok"
og utstyret der.
|
Han lager oppheng for automatikk på motorer.
|
Her er det eigenproduserte arbeidstykket nesten
ferdig. |
Kurskoordinator ved skulen, inspektør II Eldar Korsnes,
var godt nøgd med både kurset og elevane etter
veka. - Joda, kurset gikk greit det, smiler han, og syntest
at elevane viste god arbeidsvilje og -evne på kurset.
Meir informasjon om TAF
Hovudsida
|
|
|