Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2004/2005

Bilde-reportasje frå andre del av
Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2004/2005

19. - 26.02.05: Stratford i England
Foto: Alexander Holmeseth

Avreisedag
Slike dager er alltid spennande. Mobilnummer blir memorert i den enkelte sin telefon, og sansane blir skjerpa. Har alle med seg alt - passet !?!
I år gikk avreisedelen bra. Alle hadde med seg det dei trengte - nokon litt meir enn det. Og stemninga var god.


- Sånn, nå har jeg nummeret ditt og. -


Etter landing på Heathrow, London, var alle ønska velkomen
ombord i bussen som frakta gjengen sørover mot Stratford.



Fridag i Stratford
Søndag var sett av til å bli litt kjend i området. Som det sto i programmet:
"shopping & sightseeing in Stratford. Meet at Stratford Leisure Centre".

Som sagt så gjort. I strålande solskinn var alle på plass kl. 10:30, klare for en rundtur i den idylliske byen. Og det var nok av nye inntrykk å konsumere!

Berre bussane var jo eit syn for seg!


Øvst skal ein sitje i ein dobbeltdekkjar som denne,
sjølv om februarlufta var skarp nok!
Tru du oss.

Det var mykje artig å sjå.
Ikkje minst var byggjestilen fasinerande ...


Shakespear sin fødestad.
(Bileta over og under)


Slik såg det ut frå hagesida, der hagegangen var tidsriktig bein.


Engelske rekkjehus - stilig, rett og slett.


Ja, nokre stilige bilar var det her og.
- Ser han ut som vår no? -



Så begynte alvoret.
Mesteparten av undervisninga og prosjektgjennomføringane gikk føre seg i hovudsetet til stiftinga The Smallpeice Trust.

Måndagen starta vi med ein halv dag med undervisning der ingeniørarbeid generelt vart sett i fokus. Tysdag, onsdag og fredag var prosjektdagar, med fullt opplegg frå vi kom kl. 09:30 til dagen vart summert opp kl. 16:30. Tysdag gjorde vi unna Project Management med Terry Sumner, mens onsdag og fredag var via til Design and Make Project med Derek Wiggins.

Velkomen til ...


Project Management
med Terry Sumner.


Vi fikk grundig innføring i planlegging og gjennomføring av prosjekt.

Vi arbeidde i grupper, og målet for arbeidet var å leggje ein
best mulig plan, tidsmessig og økonomisk, for eit prosjekt.
Ingen enkel jobb, der det var mykje å ta omsyn til undervegs.


Både PC, penn og papir, og uunnverlege Post-It-lappar var arbeids-
verkty i prosessen, som krevde sampel og konsentrasjon i gruppa.



Ikkje alle trekk var like smarte?
Eller var det kan hende lurt likevel å gjere denne vrien?
Diskusjonane gjekk ...


Arbeidskjemaet til prosjektet vart etterkvart ferdig, og vurdert ...
Mens nokre Post-It-lappar på avvege, framsto i ny og kreativ form.



Måndag tilbrakte vi, som sagt, berre halve dagen hos
The Smallpeice Trust. Etter lunsj reiste vi til Warwick Castle i Warwick.

Warwick Castle
Warwick

Eit frodig, stemningsfull museum - fullt av mange gode historier.
Sikkert fleire enn kva vi fikk vite - det følte vi på oss ...


Ruvande!


Med flotte detaljar overalt.


Inne glei vi nesten inn i det
daglege livet ved slottet.

Sjølv mat var det sett fram til oss -
men vi fann den ikkje spisande etter alle desse åra ...

Så høgdepunktet, bokstaveleg tala.


Borggården, sett frå høgste utsiktstårn.


Utsyn over Warwick.


Jo, det var høgt - nesten for høgt ?

Berre sjå her!

--- --- --- --- --- --- ---

Kveldsaktivitetar hadde vi gjennom heile veka.

Tysdag kveld
var det klart for ein kulturell aften.

Etter middagen heime i vertsfamiliane kledde vi oss om, og samla dro vi til
The Swan Theatre, Stratford-upon-Avon, og såg Shakespear-stykket


(The Swan Theatre, Stratford-upon-Avon)
"Two Gentlemen of Verona".


Kjelde: RSC -The Two Gentlemen of Verona
"Shakespeare's sparkling,
hard-edged comedy.

Valentine and Proteus' life long friendship is tested to the limit as one betrays the other in matters of love, honesty and integrity."


Onsdag
var sett av til fotballkamp, og vi besøkte den lokale Coventry City Football Club. Men nei, er man ikkje lokal patriot bør ein heller ikkje reise på lokale kampar.


Torsdag
Da var det meir spennande å vere på bedriftsbesøk på BMW MINI.

Heile torsdagen var sett av til ein tur til Oxford.
Først ut var eit besøk på BMW Mini plant med Glyn Marsh, The Smallpeice Trust, som guide. Interessant!

Fotografen fall pladask for dei sjarmerande køyretøya - for dette her er berre ein brøkdel av bileta frå besøket.

Kjempestilige!


Passer for barske karar ...


... og for stilige damer!


Resten av dagen tilbrakte vi rundt omkring i Oxford sentrum, inkludert ein rundtur med besøk på The Museums of Oxford og middag ved senteret Kasam Stadium Complex med tilgang til både bowling og kino

Fredag var arbeidsdag igjen.
Studieturen vart avslutta med "spaghetti-bru"-prosjektet, ein særs populær aktivitet.

Arbeidet kravde kreativitet
og konsentrasjon.



Men det var og moro!

Her ser du bruene våre!


Går den gjennom vekt-testen?


Jada, denne og haldt mål.


Såg litt spinkel ut


Dette var meir solide saker,
Litt meir god, gamal og norsk design ...

Kven det var som vann?
Jo, det var gruppa på bilde nr.


Så var kurset ferdig.
Dei 16 elevane frå Ulstein vgs. og Haram vgs. var godt nøgde etter veka.


Vil du vite meir om Motivasjonskurs for ingeniørutdanning?
- Historikk
- Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2004/2005 - del I


Hovudsida