| |
Du er her>>
Skule - næringsliv: Forskingsprosjekt i samarbeid med
NTNU - 2005
Nærvær over avstand
– forskingsprosjekt i samarbeid med NTNU
Tekst : Guttorm Ulla (Leiar i Haram Innovasjonsstudio)
I veke 11 hadde Haram Innovasjonsstudio
og Haram vidaregåande skule besøk av forskarar
frå NTNU i samband med prosjektet ”Nærvær
over avstand”. Dette er eit prosjekt som skal utvikle
gode metodar for læring og samarbeid, og som tar i bruk
teknologi for å gjere dette over avstand. Bedrifter i
Haram har og vist positiv interesse for prosjektet.
Forskarane Jens Røyrvik og Kjetil Kristensen frå
NTNU har samarbeidd med Haram Innovasjonsstudio og Haram vidaregåande
skule i om lag eitt år. Dei har arbeidd med prosjektet
”Physual Designing” sidan 1999.
Physual er ei samansmelting av fysisk, visuell og
virtuell arbeidsmåte. Studie av gode metodar for læring
og samarbeid når ein er saman fysisk ved mellom anna
å nytte visuelle hjelpemiddel er ein føresetnad
for å få til effektivt virtuelt samarbeid.
Prosjektet i Haram er eitt av fleire prosjekt dei er engasjerte
i.
(Les meir om ”Physual Designing”
på www.physual.net).
Haram Designstudio ved Haram vidaregåande skule er
eitt av fleire studio som er bygt for å prøve
ut denne arbeidsmåten. Nye studio er under bygging ved
Høgskolen i Ålesund og på Ålesund
kunnskapspark. Professor Hans Petter Hildre ved Høgskolen
i Ålesund har vore pådrivar for å få
til dette, og han har tidlegare arbeidd med prosjektet i Trondheim.
Denne veka har forskarane møtt elevar og lærarar
ved HVS. Forskarane har besøkt Haram kommune, Haram
kompetansepark, Søviknes Verft AS og Rolls Royce Marine
på Longva og i Brattvåg for å drøfte
dekte og udekte behov for metodar og teknologi til samarbeid
over avstand. Med globaliseringa har behovet for kontakt mellom
personar som ikkje arbeider på same staden, auka sterkt
dei siste åra. Bedriftene i Haram har medarbeidarar,
kundar og leverandørar over heile verda, og god kommunikasjon
er viktig for å lukkast.
Faget IBD (International Business Development) gir elevane kompetanse
som vil vere svært nyttig i arbeidslivet framover. Denne
veka avslutta elevane arbeidet med temaet finansiering. Bjørg
Haram frå Sparebanken Møre var på besøk
for å høyre korleis elevane hadde løyst
oppgåver og case. Fagpersonar frå banken hadde tidlegare
hatt timar med elevane i faget, og gitt dei arbeidsoppgåver.
Å bringe verkelege problemstillingar og reelle oppgåver
inn i opplæringa er eit viktig poeng med dette faget.
Les meir om:
- Informasjon
om IBD
- Samarbeidsprosjektet
til Sparebanken Møre og IBD.
-
Tidlegare besøk frå NTNU til Haram
Hovudside
|
|