Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: IBD - Ungdomsbedrift ved HVS 2004/2005

Global Connections
– kurs i bruk av kommunikasjonsverkty

Februar - mars 2005


Elevane som har faget IBD (International Business Development) har starta ungdomsbedrifta Global Connections. Ein del av konseptet er å halde kurs i bruk av kommunikasjonsverkty som MSN, Netmeeting og Skype.

Etter jul har elevane utarbeidd dokumentasjon for kurset, og i løpet av våren har dei avvikla to kurskveldar for ei gruppe ”pilotar” på 8 stk. Desse "pilotane" var først og fremst tilsette i Haram kommune, men og nokre av lærarane ved HVS fekk høve til å delta.

Elevane presenterte i løpet av kurset gode kommunikasjonsverkty - verkty som er gratis, lett tilgjengelege og som blir altfor lite brukte. Verktya er godt eigna for personar som som vil samarbeide over avstand med hjelp av kommunikasjon over internett. Ein kan enkelt samarbeide mellom to ulike lokalitetar med t.d. å utarbeide eit felles dokument, dele dokumentet og samtidig ha kommunikasjon med lyd og bilete.

Kursdel 1

Kurset starta opp i Design Studio,
der kursdeltakarane fikk demonstrert MSN og Skype.


Elevane (kurshaldarane) hadde lagt opp til kommunikasjon mellom Design Studio og eit anna, "eksernt" møterom. Oppe på skjermen ser du "den eksterne" kurshaldaren som instruerer kursdeltakarane frå sitt "kontor" ein annan plass i bygget.


Kursdeltakarane hadde fått utlevert brukarmanualar med
instruksjon og gode døme. Samstundes blei dei instruerte
undervegs av kurshaldarane i rommet.


Ei tavle i rommet fungerte som ei open kladdebok/info.tavle,
i tillegg til fellesdokumentet som alle samarbeide om.



Oppe på motsett vegg av kommunikasjonsskjermen var
fellesdokumentet slått opp. På den måten var det lett å føle at
både deltakarane i Design Studio og den eksterne kurshaldaren
hadde fokus på same dokument.
(Den eksterne personen har dette fellesdokumentet oppe som eige skjermbilete på sin eigen PC, og kan arbeide på dette på lik line med personane i Design Studio).

---

I etasjen over, i Innovasjonsstudio og på skulebiblioteket,
fikk den enkelte kursdeltakar arbeide vidare med individuell rettleiing.


Her er det Anne Seth (Haram kommune)
som får kyndig rettleiing av Trine.



Inne på arbeidsrommet til skulebiblioteket, sat tre andre
kursdeltakarar med kvar sin rettleiar. Individuell oppfølging
er viktig, meinte kurshaldarane.



Naudsynt, kommenterte Guttorm Ulla, leiar av Haram Innovasjons Studio, (kursdeltakaren midt i rommet).


Skulebiblioteket sitt hovudrom
fungerte som pauserom denne kvelden.



For ei lita pustepause var sjølvsagt og lagt inn,
med enkel, men oppkvikkande servering.




Nokre veker etter
var det klart for ein ny kurskveld - med nye utfordringar for kursdeltakarane. Denne gongen var det NetMeeting som var sett i fokus.

Kursdel 2

Kursdeltakarane fikk arbeide ved kvar sin PC,
anten inne på skulebiblioteket eller i Innovasjonsstudio.


Øyretelefonane på, rett skjermbilete oppe,
og så var inspektør jan Magne Helland klar for NetMeeting



Fysikk-lektor Terje Pettersen var ein ivrig deltakar på kurset.


Anne Seth såg og ut til å trives.


Sto ein fast, var kurshaldarane raskt framme for å gi hjelp, råd og vink.


Men ikkje for raskt!
Rollane var snudd om, no var det lærarane sin tur til å tenkje.



Nei, det var ikkje enkelt det der ...


Intenst arbeid, smiler Yvonne (Haram kommune).


Men litt småprat var det og tid til.


Til slutt blei alle samla nede i Design Studio igjen,
til ein oppsummering av det heile.



Det var to interessante kveldar, der tida løp like kjapt unna
som den alltid gjer når ein sit foran ein PC ...



Ungdommar er generelt mykje flinkare til å nytte desse verktya i kvardagen, seier IT-lærar Torleiv Austnes, men her er og mykje å hente for dei, likeins som for oss som er godt vaksne.

Elevane la opp til ei evaluering mot slutten av kurset og tilbakemeldingane frå kursdeltakarane har vore gode.

Så er det fleire som vil ha meir kunnskap om bruk av Netmeeting, MSN og Skype, i konkrete møtesituasjonar, ev. bruk av Design Studio, er kan hende elevbedrifta Global Connections rette plassen å ta kontakt.


Meir informasjon om IBD

Hovudsida