Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Utviklingsarbeid
> IBD Skuleåret 2004/2005
Ungdomsbedrifta
Global Connections ved HVS i aktivitet i Molde.
26.04.05 |
|
Læreplankonferansen "med innsIKT og
utsIKT til ny læreplan"
Onsdag 26. april var det ein stor konferanse
I Molde som handla om IKT i utdanninga. Konferansen vart kalla
InnsIKT
og UtsIKT, og omhandla erfaringar frå
arbeid med IKT i skulen og det vart drøfta korleis IKT
vil verte eit nyttig reiskap i skulen framover. Elevane frå
HVS var deltakarar på programsida av konferansen og demonstrerte
bruk av Design studio i læring og samarbeid.
Dette vart svært godt mottatt av deltakarane, og det vil
kome meir om konferansen – og Global Connections –
i neste nr. av Skolemagasinet.
Digital kompetanse
Regjeringa si satsing på IKT i skulen vert kalla Digital
kompetanse. Konferansen i Molde var eit tiltak for å få
fram utfordringane som skulen har i dette programmet, og å
vise god praksis som kan vere til inspirasjon og nytte. 300
lærarar frå Møre og Romsdal var samla i Molde
for å arbeide med temaet.
Kursdeltakarar i Molde snakkar med elevar i Brattvåg
Malin (t.v. under) og Maren frå
IBD-gruppa var på konferansen i Molde saman med lærar
Torleiv Austnes. I Brattvåg var nokre av medelevane, Christoffer,
Trine og Kine, samla i Design studio. Dermed var det opna for
ein demonstrasjon av korleis ein relativt greit kan kommunisere
"ansikt til ansikt" over avstand.
 |
Elevane såg kvarandre,
prata med kvarandre og arbeidde på felles dokument.
Dette vart vist fram på storskjerm i Molde. Kursdeltakarane
kunne sjå og høyre – og greitt kommunisere
med elevane i Brattvåg. Elevane forklarte korleis
tekologien verka på ein særs god måte.
Bruk av felles dokument vart vist då Christoffer
hjelpte Malin med å teikne inn grensene for dei
norske fiskerisonene på kart. Begge kunne arbeide
med kartet samtidig og dei såg og høyrde
kvarandre slik at kommunikasjonen vart optimal. |
Maren i samtale med medelevar i Design studio ved
HVS.
(Bilete av elevane på storskjermen er diverre
ikkje synleg her). |
Nye læreplanar
I dei nye læreplanane for grunnskule og vidaregåande
skule er IKT definert som grunnleggande dugleik på linje
med lesing, skriving, rekning og bruk av munnleg språk.
Det tyder at IKT er meir enn eit verkty for læring i skulen.
Det er eit mål for skulen å gjere alle elevar til
brukarar av IKT for å kunne leve i eit moderne samfunn.
UB Global Connection
UB Global Connections er ei ungdomsbedrift ved Haram vidaregåande
skule som har kursing i bruk av digital kommunikasjon som
forretningside. Den vesle bedrifta har gjennomført
kurs for lærarar, og har elles hatt fleire oppdrag i
tillegg til presentasjonen av ny samhandlingsteknologi i Molde.
Til dagleg brukar elevane teknologi og metode i Haram Designstudio
ved Haram vidaregåande skule.
Elevar kan!
UB Global Connection imponerte med flott presentasjon i Molde.
Teknikken fungerte perfekt med klare bilete og god lyd. Etterpå
vanka det mange spørsmål til elevane, og det mangla
ikkje på at dei kunne gi gode svar! Til sist poengterte
elevane at dette er arbeidsmåtar dei trur dei vil få
nytte av i framtida – både i utdanning og i arbeidslivet!
Guttorm Ulla
- Leiar av Haram Innovasjonsstudio - |
Kort innblikk i
- nokre
av Global Connection sine kurs
- IBD generelt
Meir om konferansen:
- Møre
og Romsdal fylke skriv ...
- Romsdals
Budstikke skriv ...
Hovudsida
|
|
|