Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Storyline
ved HVS - Folk og samfunn i norrøn tid, hausten 2005
Folk og samfunn i norrøn tid
- eit tverrfagleg prosjekt i norsk og geografi
September 2005
Over ein peride
på 2 veker, i totalt 12 skuletimar, har elevane
i 2AF (VKI allmenne fag) gjennomført eit storyline-prosjekt
med fokus på folk og samfunn i norrøn tid.
Eit stramt tidsskjema, eit rikt litterært innhald
og ein utfordrande avslutting, engasjerte den kreative
gjengen i 2AF.
- Vi har verkeleg tatt ein bit av norsk historie på
alvor, få med det, smiler ein av dei humoristiske
elevane i gruppa og gaper godt over ei av kjeldene sine. |
|
Målsetting
Målet for arbeidet med denne storylinen var å gjere
elevane betre kjent med viktige personar og maktsenter i norrøn
tid. Elevane fikk prøve ut vitskapeleg og kreativ bruk
av kjelder i arbeidet, og arbeide med dramatisering av det utvalde
stoffet sitt fram mot framførføringa i auditoriet.
Viktige moment i storylinen
Kvar elevgruppe skulle fordjupe seg i spesifikke personar og
miljøet rundt dei. Samstundes var det viktig at elevane
skaffa seg oversikt over utbreiinga av noregsveldet før
og under Håkon Håkonsson, og at dei fikk kjennskap
til korleis ein på den tida forholdt seg til, og forklarte,
sære naturfenomen.
Elevane skulle nytte oppgitte, litterære kjelder i arbeidet
med å byggje opp personane, skildre miljøet dei
levde i og hendingar i livet deira. Fokuset gjennom det heile
skulle vere på ein konfliktsituasjon knytt til personane
elevane valde seg. Sluttproduktet var og ei utfordring for elevane
- ei framføringa med eit rollespel som skulle innehalde
to episodar, med eit tidsspenn, som formidla til publikum utviklinga
i den gitte konflikta.

" Er det nokon av personane som har utvikla
seg eller forandra seg?
Er maktforholdet det same? Oppfører dei seg annaleis?",
spurde norsklærar Ingunn Hellevik.
Og elevane analyserte personar, situasjonar og konflikter. |
Dei ulike miljøa gruppen fikk fordjupe seg i
| - |
Skaldar i konflikt med andre, og
deira forhold til makthavarane.
|
| - |
Sigurd Jorsalfar og broren Øystein.
Reisa til Sigurd, og motsetningane mellom brørne. |
| - |
Snorre og miljøet rundt han.
Islendingane sitt forhold til Håkon Håkonsson
og hertug Skule. |
| - |
Håkon Håkonsson og hertug
Skule.
Maktkamp, tvil og trua på retten til kongedømet. |
| - |
Biskop Laurentius og maktkampen ved
erkebispesetet i Nidaros. |
Elevane vart oppmoda til å bruke kjeldene vitskapeleg
og kreativt, og det såg ut til at dei koste seg med oppgåva.
På biblioteket sat denne gruppa, i full fordjuping
om maktkampen ved erkebispesetet i Nidaros på
slutten av 1200-talet. Utgangspunktet var forteljinga
om livet til biskop Laurentius, men og andre kjelder
vart nytta for å finne fram kunnskap om miljøet
på den tida og personane i historia.
|
Inne på klasserommet hadde andre grupper basen
sin.
Denne gruppa hadde om Sigurd Jorsalfar, med reisene
og konflikta med broren Øystein som hovudfokus
i arbeidet.
Da var Snorres kongesagaer - Magnussønnenes
saga naturleg lesestoff.
|
Kjelder
- Det er generelt viktig for elevar å lære seg
å bruke kjelder på ein fornuftig måte i høve
gitte oppgåver. Sjølv om storyline som metode,
set elevane sin kreativitet og skaparevne i fokus, var det viktig
for oss å få elevane til å gå i djupnen
i kjeldematerialet og vere tro mot kjeldene i arbeidet sitt,
fortel norsklærar i prosjektet Ingunn Hellevik.
Elevane vart viste til meir generelle kjelder som Snorres kongesagaer,
Cappelens Norges historie, bind 2 og 3, Historien om Noreg (K.
Alnæs), Norske konger og regenter (Skaadel og Skarsbø),
samt Kongsspegelen og Adam av Bremen.
I tillegg fikk kvar gruppe tildelt 1-2 litterære verk
som omhandla deira sine personar. Størst merksemd fekk
desse bøkene, der Kongsemnene til Henrik Ibsen
nok var den tyngste å fordjupe seg i.
Men når datida si oppfattingar, og ikkje minst forklaringar,
på ulike naturfenomen skulle studerast, var Adam av
Bremen og Kongsspegelen gode å ha.
Mykje godt lesestoff, ja.
Men med ei slik vinkling, var det interessant å
finne informasjon
i kjeldene, meinte elevane i 2AF. |
Dramatisering og rollespel
Fredag 23. september var det framføring i auditoriet.
Alle elevane stilte, og dei fem gruppene gjennomførte
sine sjølvproduserte rollespel. Med enkle, men effektfulle
rekvisitar førte dei publikum tilbake i tid og gav dei
innblikk i norrøn tids miljø og enkeltpersonar
sine dramatiske liv. Ettersom ingen av gruppene hadde same oppgåve,
og tidsspennet strakk seg frå tidleg 1000-tal og fram
til 1300-talet, var det ei lærerik stund for alle i salen,
anten ein kjente historiane godt frå før eller
ikkje.
Ein vellukka avslutning på to arbeidskrevjande veker.
Det var både elevar og lærarar samde om! Veka etter
var det skriveøkt i norsk, med individuell innlevering
og vurdering. Emnet vart avslutta endeleg veka før haustferien,
med filmen om Kristin Lavransdatter.
Meir
om STORYLINE
Hovudsida
|
|
|