Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Tekniske Allmenne Fag > Artikkel

Susanne styrer store maskiner


Haramsnytt, 24. august 2005

Tekst og bilete: Hjørdis Kristine Skaar (hjordis.skaar@haramsnytt.no) 

TAF-eleven Susanne Beathe Klokk har ansvaret for maskiner med store dimensjonar.  I over tre år har Rolls-Royce Tennfjord vore arbeids-plassen hennar kombinert med undervisning ved Haram vidaregåande skule. 
  Susanne Beathe Klokk frå Eidsvika har byrja på fjerde og siste året Teknisk og Allmenne fag (TAF) ved Haram vidaregåande skule. Det er ei fire årig utdanning med ein kombinasjon av yrkesfag og fag frå allmennfagleg studieretning. Opplæringa er ein kombinasjon av praksis og teori, som etter fire år gir elevane yrkeskompetanse med fagbrev og studiekompetanse retta mot ingeniørutdanning.

Stor maskin
Haramsnytt møtte TAF-eleven Susanne i maskinavdelinga ved Rolls-Royce Tennfjord. Der var ho i full gang med å programmere ei diger datastyrt CNC-maskin.
Det er ikkje noko problem for den unge jenta å passe den store maskina. Susanne fortel at i maskina held dei akkurat på å lage eit deksel som skal til Rolls-Royce Frydenbø i Bergen.


Sivagnanaratnam forklarar Susanne korleis ho skal gå fram
for å programmere maskina.

Spennande med jobb og skule
19 åringen har hatt Rolls-Royce som sin arbeidsplass sidan ho byrja på vidaregåande skule, og ho trivest godt i det «mannlege» miljøet. Tidlegare har ho jobba to dagar i veka og gått på skulen tre, i år blir det omvent. Før året er omme skal Susanne ta fagbrev som industrimekanikar, og det er mykje ho skal kunne til den tid.

­ Vi er over alt i fabrikken og skal kunne litt om alt, fortel Susanne, og nemner både dreiing, elektronikk og montering. TAF-elevane roterer rundt om på avdelingane og er innom alle avdelingane på verkstaden. Før ho kom over på maskinavdelinga var ho på elektroavdelinga.
­ Der fekk eg lage ein startar og det var spennande, seier Susanne. Neste stopp er monteringsavdelinga der ho skal montere ei styremaskin. Susanne trur at det å sette saman ei styremaskin vert  ein del av fagprøva hennar.

Dyktige elevar
Ved Rolls-Royce  Tennfjord har dei ein TAF-elev til. Det er 17 år gamle Solveig Lausund Tennfjord frå Tennfjord, som går andre året ved TAF-lina. Arbeidsleiarane skryt uhemma av dei unge elevane.
­ Dei er dyktige arbeidarar. Det er nesten synd at dei går vidare, eg kunne godt tenkt meg å behalde dei, smiler arbeidsleiar ved maskinering Arne Solvang. Det same meiner arbeidsleiar ved monteringa Torbjørn Hove.
­ Eg har berre gode erfaringar med TAF-elevar. Dei står på og det er berre så vidt vi greier å halde dei i arbeid, seier han.

Susanne fortel at TAF-utdanninga leiar fram mot ingeniørutdanning, men ho er ikkje sikker på om ho blir å finne ved NTNU i Trondheim neste år.
­ Eg har heldigvis eit halvt år til å bestemme meg på kva retning eg skal gå, smiler ho.


Susanne Beathe Klokk har byrja på siste året som TAF-elev.
No har ho eit halvt år til å bestemme seg for vegen vidare.


Meir om TAF

Hovudsida