Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Tekniske Allmenne Fag > Artikkel

Vil sikre TAF tilbodet

Haramsnytt, 24. august 2005
Tekst og bilete: Tina Mari Flem (tina.mari.flem@haramsnytt.no)

­ Vi skal ikkje sitje å sjå på at gode studietilbod som TAF blir tatt bort på grunn av Kunnskapsløftet, seier Rolf Jarle Brøske, 3. kandidaten på Møre og Romsdal si stortingsliste for Høgre. I går vitja han Haram Vidaregåande skule, som no opplever vanskelegheiter for vidareføring av Teknisk Almennefag (TAF) linja på grunn av Reform 2006.


Ein engasjert Rolf Jarle Brøske vil behalde TAF tilbodet ved
mellom anna Haram Vidaregåande skule.


Det var etter eit møte med  ein TAF-elev som jobba ved Nogva Motorfabrikk at den unge 3. kandidaten fatta interesse for den spesielle linja ved HVS. Han spurte på eget initiativ om å få ei orientering om opplegget, og møtte både engasjerte elevar og rektor ved skulen i går.

­ TAF tilbodet er eit godt tilbod og heilt i samsvar med dei ambisjonane Høgre har når det kjem til samarbeid med skule og næringsliv, seier Brøske.

Problem
Det unike studietilbodet som kombinerer skule med praktisk erfaring i bedrifter, er populært blant elevane. Utdanninga som tek fire år endar ut i studiekompetanse og fagbrev. Per i dag er TAF elevane tre dagar på skulen og to dagar ute i bedriftene. Timeplanen er stram, og det til tross for at dei har fritak frå kroppsøving, tysk og eldre historie.

Problemet som no har oppstått ved Kunnskapsløftet og Reform 2006, er eit nytt krav om å ta inn eit åtte timars språkfag i tillegg.
­ Framtida er usikker. Reform 2006 spikrar ein del fag som skal inn i almennefag retninga, seier Taftø.

Kabal med timetalet
For det er ikkje berre å auke antal timar dei går på skule, og såleis redusere timetalet ute i bedriftene.
­ Vi må nesten ha bedriftsdagane i heile skuledøgn, då fleire av elevane jobbar i bedrifter nært heimstaden sin. Likeins er det krav til antal timar ein må vere i bedriftene for å kunne få fagbrevet, seier Taftø.
Han viser til situasjonen i dag, der HVS har ein elev som arbeider ved bedrifta Moxy på Fræna.
­ Det er uhørt for han å kunne vere tre timar på skulen ein dag, for så å ha resten av dagen ved bedrifta. Det blir for lang reisetid, seier Taftø.

Flesibelt system
­ Gjennom Kunnskapsløftet er det lagt opp til eit meir fleksibelt system enn det til dømes var i Reform 94, seier Brøske. Han lova å ta opp problemstillinga med mellom anna statssekretæren til Utdanningsministeren.
­ Eg skal ta opp denne problemstillinga med våre folk. Eit slikt tilbud som held høg standard, er etterspurt og som næringslivet skryt av, er viktig å ta vare på påpeika han.
Brøske anbefalte Haram Vidaregåande og kome kjapt i dialog med fylke og søke om fritak, slik at søknaden blir behandla raskt. Likeins peika han på at dei skulane som har TAF tilbod kan gå saman om å sende ein felles søknad.


Når Brøske vitja Haram Vidaregåande fekk han og informasjon om Haram Innovasjonsstudio. Her er han i samtale med elevane som går fjerde året på TAF linja.  


Viktig prosjekt
Rektor ved Haram Vidaregåande, Jøstein Taftø, kunne fortelje den unge høgrekandidaten om eit spanade opplegg.
­ Det er berre tolv elevar per år som får gå denne linja, seier Taftø, men legg til at det har mykje å seie om ein har lærlingeplassar ved bedriftene.
­ Bedriftene har forstått at rekrutteringa her er med på å så, og det er ikkje alltid ein hauster noko tilbake med ein gong, seier Taftø - men kanskje ein gong i framtida, legg han til.  
Brøske peika på at han tykkjer det er  positivt at bedriftene ser verdien i dette programmet. Guttorm Ulla, styreleiar i Haram Innovasjonsstudio, roste dei lokale bedriftene.
­ Dei tenkjer langsikitig, og ikkje minst kompetansebyggjing, seier Ulla.

Elevane nøgde
Ved sitt besøk ved HVS, møtte Brøske også elevane som går siste året på TAF. Dei kom med gode rapportar.

­ Dei fleste som tek TAF, går vidare på skule, seier elev Trond B. Tennfjord. Og legg til at fleire mellom anna skal ein tur til NTNU for å sjå på tilbodet der.

­ Det som er så flott med dette tilbodet er at ein blandar skule og arbeid, og då blir ei ikkje lei av noko av delane, seier Ingebrikt Bjørkhaug, som og er TAF elev. ­ Og så knyter du ikkje minst eit vedifullt band med lokale bedrifter, legg han til.
­ Ute i bedriftene får vi jobbe for bedrifta, du veit at det du gjer og produserer skal selgast og brukast, og du har eit ansvar for at du må gjere din del av arbeidet, seier Bjørkhaug.

Ein annan ting som er flott er talet på jenter som tek utdanninga, påpeika rektor Taftø.
­ Vi har fire klasser med TAF elevar og ein fjerdedel av desse er kvinner. I forhold til anna teknsik utdannelse er det kjempebra!

Meir om TAF

Hovudsida