Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > IBD-ekskursjon til York, H-05.

Biletreportasje frå York,
ein ekskursjon for IBD-elevane hausten 2005.



Vi lovde ein fyldigare rapportar frå England - og her kjem den, melder IBD-gjengen. Dei er no i full gong med tentamensførebuingane før jul, men ser tilbake på turen med glede
.

Dei har valt å presentere sine opplevingar i ein bilet-reportasje. Her er det mykje å sjå, så ta deg tida til å vente på at bileta lastar seg opp, sjølv om det kan ta litt tid.

London og England, - her kjem vi!
- 25.09. - 03.10.05 -


Søndag 25. september landa vi i London/Heathrow i strålande ettermiddagssol. Deretter gikk turen direkte til York.

Som fortalt, reiste vi via London til York søndag 25. september. Formålet med turen var å lære meir om engelsk språk, kultur og historie, og val av lokalitet vart gjort tidleg. York var jo eit viktig senter for skandinavar i vikingetid, så slik sett er det naturleg for nordmenn å starte her. I tillegg har dei eit studiesenter, The University of York, som tar i mot språkstudenter frå inn- og utland. Her går det mellom anna studentar frå norske universitet og høgskular, og studiesenteret er kjend for å ha god kvalitet på dei oppleggene dei tilbyr.
Byen har med andre ord mykje å by på for dei som vil lære meir.


Transportetappe:
- Kine, Laila, Jeanette og Maren har tatt plass i minibussen
som frakta oss til York. Vi slapp å slepe koffertar, men
bussturen på over 5 timar vart lang.


Halvfabrikata på hjul.


Første møte med York by.


Det var ingen forskjell
- uansett kjønn og alder, som turister elsker vi å gå gatelangs
og berre kike oss om ...

Universitetet i York


Måndag 26. var vi klar for det Norske Studiesenteret
ved Universitetet i York.

Blyantane er spissa og vi er klare
for praktisk informasjon og York si historie.


I fotspora til England si industrihistorie

Ikkje alle leksjonane vi fikk vart gjennomført innandørs.

"Industrial Revolution in Yorkshire"
høyrast ut som ein passe støvtørr tittel for ein leksjon om temaet, men her fekk både elevar og lærarar bakoversveis. Måndag ettermiddag tok Peter MacNamara oss med på ei verbal lavtflyging over det historiske landskapet som vi seint vil gløyme. Med totalt fråver av vasshjul, dampmaskiner og mekaniske dingsar, fekk vi høyre om dei sosiale omveltingane, urbaniseringa av den engelske landsbygda og dei endra levekåra som industrialiseringane førte med seg. Spinning Jenny var ikkje nemnt med eit ord.

Peter MacNamara framfor statua til Titus Salt.


Her er vi framfor fabrikken i Saltaire.


Frå kanalen ved fabrikken -
ein viktig transportveg for råvarer og ferdigvarer.


Dagen etter vandret vi rundt i dei same landskapa og fekk sjå meir og høyre meir om dette tidsskiftet som også etter kvart skapte store endringar i vårt land.

Malin, Christoffer og lærar Torleiv i farta.
Vi gjekk i fotspora til England si industrihistorie.
Vi starta på heia med heimeproduksjon og følgde utviklinga
mot byen med sin industriproduksjon.
Det vart ein særs interessant spasertur.


Telefonkiosken er fortsatt å sjå på landsbygda.


Guiden vår, Peter MacNamara, trossa veret og fortalte engasjerande historier om den industrielle revolusjonen. Han har hatt eige TV-program i England om temaet, og var ein glimrande forteljar.


Regnet er over og sola tørkar opp våte IBD-elevar.


Vi tok oss tid til å helse på dyra vi passerte på rundturen.
Mange flotte hestar,


og ikkje minst, desse mini-saudane var populære fotoobjekt.


Vannvegane var viktige i industrihistoria. Ei lita åre, som denne,
kunne drive ei vannmølle til ei kjellerbedrift.


- Salt -
Industrigrunnleggjaren, som evna å bygge opp storindustrien, samtidig som han gav og arbeide for gode levekår for arbeidarane sine. Allmennkunnskap såg han på som svært viktig og han bygde mellom anna eit bibliotek og skule for sine tilsette i Saltville.


Minster of York.
Den største i sitt slag nord for Alpane.


Murane rundt York er godt bevarte, og gir byen sitt historiske særpreg.
Husa blei bygt breiare i høgda for å utnytte plassen. Vi merka oss at mange av gatenamna fortsatt har norske namn, og ligg om lag i same retning som i vikingtida.


På besøk hos Rolls Royce i Derby.

Først fikk vi ein fyldig informasjon om aktiviteten ved bedrifta i Derby, deretter vart vi tekne med på ei omvisning rundt i bygningane som tilhøyrde anlegget. Mykje interessant å sjå og høyre, og vi prøvde å finne likskapstrekk samt forskjellar, mellom norsk og engelsk bedriftskultur.
Her ein blid og entusiastisk tilsett hos Rolls Royce, som gjerne ser
at IBD-elevane skal bli ingeniørar.


Mellom alle flya og flymotorane kom Trond Vågnes (Rolls Royce, Brattvåg)
og Guttorm Ulla (Haram Innovasjonsstudio) over modellen til ein trufast nordsjø-slitar.

Kine utrustar seg til prosjektarbeid/teamwork på
treningsverkstaden til Rolls Royce.


Heile turgjengen er samla utanfor Rolls Royce
sitt opplæringssenter i Derby.


Sosialt samvær i haustmørkret

I York har vi funne ein spesiell og populær Kina-restaurant som vi er stamgjestar på. Prisane er tilpassa den Sunnmørske lommeboka;
- Et og ver glad.

Så nærma opphaldet i York seg slutten.
Maren takkar for opphaldet på flytande engelsk
og overleverer her ei gåve som takk for opphaldet ved studiesenteret.


Farvel til York for denne gong


På historisk grunn.
Jernbanestasjonen i York. Vi venter på toget til London.


Ny transportetappe, York - London.
Simen bruker togtida til å presentere opptaka sine.


London


London Eye by night

Vi tok sjølvsagt pulsen på London sitt kulturelle liv.


Møtte på desse flotte damene på Royal Lancaster.
Standarden på hotellet var og super.


Undergrunnen,
eit raskt, billeg og effektivt framkomstmiddel.

Kor vi skulle?
På musikalen FAME!


Klanen klar for Fame.
Vi hadde orkesterplass til forestillinga.

Men,
London og omegn er like fasinerande på dagtid.

Om vi ikkje fikk med oss alt, og eigentleg langt frå det meste,
var programmet tettpakket og inntrykka og opplevingane mange.


Hayde Park låg like ved hotellet, veret var upåklageleg.


Vi tok båten frå Westminister til Greenwich (ca.1 time).


Tower.


Tower Bridge.


Ved sjøfartsmuseet, like ved Greenwich.


Med eit bein i to tidssoner.


Moderne kunst, salsutstilling like ved Hyde Park.


Morgenrush i London.

Royal Albert Hall.


Naturvitenskaplig Museum.


Ferdig pakka og på tur til Paddington Station
og hurtigtoget til Heathrow.


Måndag 03.10. var det slutt
-
London og England goodbye.


Tilbake til York-artikkel


Elles tilrår vi:
- Meir om studieretningsfaget IBD
- Andre ekskursjonar knytt til IBD

Hovudsida