| |
Du er her: Allmennfag/IBD
> Besøk av Guttom Vik, ambassadør på
Island, hausten 2005.
Besøk av Guttorm Vik, ambassadør
på Island.
Artikkel i Haramsnytt 16. september 2005.
Tekst og bilete ved journalist Tina Mari Flem (tina.mari.flem@haramsnytt.no)
IBD - Nytt internasjonalt fag
16.09.05.
International Business Development (IBD) er eit
nytt fag som Haram vidaregåande skule no tilbyr studentane
sine.
I haust starta vi opp med endå ei IBD-gruppe. Finansiering
av utanlandstur og avgrensing i utplasseringsplassar gjorde
at vi måtte sette eit tak på 12 elevar. I inneverande
skuleår (05/06) har vi 12 elevar på IBD1, VKI-nivå,
og 7 elevar på IBD2, VKII-nivå.
I IBD, som handlar om internasjonal handel og globalisering,
gis det rom for mange spanande innfallsvinklar, ikkje minst
foredragshaldarar. IBD var første gong tilbydd i fjor,
og kullet som hadde dette faget har no starta på IBD 2.
- Elevane tykkjer dette er eit interessant fag, men er samstundes
ute etter forbetringar, så vi har gjort justeringar i
forhold til i fjor, seier Jan Magne
Helland, lærar i faget. Han kunne nyleg introdusere Guttorm
Vik, ambassadør på Island, men født og oppvokst
i Brattvåg, som forelesar.
|
Kunnskap
Vik gav elevane i klassa ein god smakebit på kor
viktig internasjonal handel og globalisering er for
heile det norske samfunnet - også for oss ute
i havgapet. Ambassadøren, som er i heimbygda
Brattvåg på ferie, bur og jobbar i dag på
Island, men har hatt ei rekkje internasjonale og ikkje
minst sentrale jobbar gjennom det norske Utanriksdepartementet
(UD). Han har mellom anna jobba i EFTA sitt brusselkontor,
UNCTA (United Nations Conference of Trade and Development),
|
Foredragshaldar Guttorm Vik,
ambassadør på Island. |
CERN (atomforskingssenteret), nord/sør avdelinga i UD
og FN kvarteret i New York. Dette la eit naturleg grunnlag for
det imponerande foredraget han heldt til elevane.
Elevane i IBD 1 og IBD 2 sit og lyttar til foredragshaldar
Guttorm Vik.
Om ikkje lenge skal gjengen i IBD 2 på studiereise
til York,
og det var litt av kvart dei kunne ta med seg.
|
Elevane i IBD 1 følgde alvorleg med på
det ambassadøren fortalde. |
Krevjande læreplan
Helland fortel at IBD har ein krevjande læreplan å
følgje, då det er lagt opp til utplassering i
bedriftene og ein utanlandstur.
– Det er slik at kvalitet kostar, og for dette opplegget
er det næringslivet som tek i mest økonomisk,
men skulen har også bidratt med ein del midlar sjølve,
seier han.
-– Vi er i ein oppbyggingsfase no, men det er heilt
klart at Reform 2006 kjem til å verte ei utfordring
for dette faget, seier Helland - og legg til at det då
blir krav om å ha fleire fag innanfor same studieretning
når ein skal fordjupe seg.
Trivst på Island
Ambassadør Guttom Vik tykte det var artig å halde
foredrag for elevane i IBD klassa. – Har du undervist
på denne måten før? – Når
eg hadde jobben i Brussel hadde eg forelesningar ein gong i
veka om EFTA og EØS, men no er eg berre på ferie
og tok dette litt meir på sparket.
_ Kor lenge blir du i jobben som ambassadør? –
Eg blir vel på Island eit par år til tenkjer
eg, seier han, og dreg litt på spørsmålet
om han kjem heim til Brattvågen når han blir pensjonist.
– Tjaa, eg har no mor mi og to brør her, og er
heime fleire gongar i året, seier han og smiler.
Jan Magne Helland saman med foredragshaldar, den
islandske ambassadøren Guttorm Vik. Han tala
til elevane om mellom anna internasjonal handel, og
fekk lokal norsk eksport laks som takk for innsatsen.
|
Meir om IBD
Hovudsida
|
|