| |
Du er her >>
Skule + næringsliv >> Motivasjonskurs for ingeniørutdanning
2005/2006
M for
Motivasjon
05.11.05.
Artikkel frå Haramsnytt
Tekst og bilete: Tina Mari Flem
|
|
Haram kommune treng kompetanse, og bedriftene Aker Brattvaag
og Rolls-Royce Marine tek dette på alvor. For åttande
året på rad sender dei elevar ved Haram vidaregåande
skule til England, slik at dei kan få ein smak på
utfordringane innan ingeniøryrket.
– Du får verkeleg prøvd
«ingeniør-skills´a» dine, kan fjorårets
deltakar, Kurt Louis Krogsæter stadfeste.
Den maritime klynga i Haram treng kompetanse, og spesielt
er det behov for kreative nytenkande ingeniørar.
I åtte år på rad har bedriftene Aker Brattvaag,
Rolls-Royce Marine og Ulstein verft sendt elevar på ei
vekes motivasjonskurs i England. Dette for å stimulere
elevane til å utdanne seg innan dette feltet. I løpet
av kurset får dei oppleve litt av dei morosame og utfordrande
problemstillingane ingeniørar kan kome opp i.
I desse dagar er det på ny opptak til årets motivasjonskurs
og i den samanheng var Magnhild Fjørtoft frå Aker
Brattvåg, og Fredrik Gjøsund frå Rolls-Royce
Marine i Brattvåg og orienterte potensielle søkjarar
ved Haram vidaregåande skule.
Bakgrunnen
Magnhild Fjørtoft frå Aker Brattvaag fortalde elevane
om sjølve opplegget.
– Bakgrunnen for at bedriftene er med på dette,
er for at vi vil satse på ungdom, sa ho til søkjarane
som lytta til orienteringa i auditoriumet.
Nokre av stikkorda var kretive løysingar, gruppeoppgåver,
fotballkamp, teater og imponerande fabrikkbesøk. Bedriftene
betaler turen og opphaldet - det einaste deltakarane må
betale sjølv er lommepengar, i tillegg til ein liten
sum for altivitetar utanom kursopplegget.
Det bedriftene håper å få tilbake i etterkant,
er at elevane skal kan bidra når bedriftene ved seinare
høve jobbar opp mot barneskule-elevar eller på
messer. – Men det er viktig å presiserer at
ingen er forplikta ovanfor noko skuleval seinare, seier Fjørtoft.
– Dykk står heilt fritt på dette punktet,
men vil bli kalla inn til eit lite møte med Høgskulen
i Ålesund tredje året dykkar, der ein får
presentert framtidsval på skulesida, la ho til.
Undersøkelse
– Dette er åttande gongen ein sender elevar på
dette kurset. I haust vil vi gjere ein undersøkelse der
vi mailer og ringer alle tidlegare deltakarane på motivasjons-kurset
for å undersøke om kvar dei går på
skule, kva jobb dei har og korleis dei opplevde kurset. På
denne måten kan vi danne oss eit bilde om dette motivasjonskurset
nyttar, seier Fjørtoft.
Og skal ein tru fjordårets elevar var dette verkeleg
ein suksess.
– Vi hadde heilt klart reist igjen i år om vi hadde
fått sjansen, sa dei tre elevane som fortalde frå
fjorårets motivasjonskurs til dei nye aktuelle søkjarane.
Dei kunne fortelje søkarane om ei spanande veke blant
britane.
F.v.: Kristoffer Solmunde Remme,
Magnus Vatn Longva og Kurt Louis Krogsæter.
Dei var alle deltakarar på kurset i fjor, og kunne
forsikre elevane i salen
om at dei gjerne hadde reist i år igjen om dei
hadde sjansen.
|
Magnus Longva var ein av dei som var med i fjor, og han fortalde
dei framtidige deltakarane om både enkle og vansklege
oppgåver som dei måtte løyse i løpet
av kurset, i tillegg til mange artige sosiale opplevelsar og
happeningar.
Team building
Kurt Louis Krogsæter og Kristoffer Solmunde Remme var
også med på kurset i fjor. – Det handla
mykje om «team-building». det er svært sosialt
og ein blir ei samansveisa gruppe, sa Kurt.
Kursa gjekk på engelsk, noko som gjekk heilt greitt, meinte
dei alle.
– Når vi kom heim frå England var det litt
uvant å prate norsk faktisk, sa Magnus.
– Det var berre innmari artig - og ein fekk bruke «ingeniør-skillsá»
sine, sa Kurt.
– Vertsfamilien var skikkeleig engelsk og det var servert
store porsjoner, seier Magnus, og legg til at det var god mat
og hyggelege folk.
Behover for ingeniørar
Fredrik Gjøsund, som jobbar som teknisk produktmanager
(ansvarleg) for dekksmaskineri, ved Rolls-Royce i Brattvåg,
gav ein kort presentasjon av bedrifta si og kvifor Rolls-Royce
støttar opp om dette prosjektet.
– Vi er avhengig av eit godt samarbeid med høgskulane
og universitet for å kunne hente den kompetansen vi treng,
sa han til elevane. – Det er viktig for å kunne
behalde den lokale forankringa vår, og vere med på
samfunssutvikling i området - og å sikre vekst,
la han til.
– Rekruttering og spisskompetanse hentar vi gjerne frå
ingeniørutdanninga ved NTNU til dømes, sa han
og la til at ingeniøryrket er eit spanande og ikkje minst
utfordrande yrke. – Men dette ynskjer vi å stimulere
til at ungdommen vel ingeniøryrke.
Tirsdag 18. oktober (2005) er det frist for å søkje
på å få vere med på dette populære
opplegget.
FAKTA: Motivasjonskurset
Det er åtte elevar som skal plukkast
ut og som får delta. Desse blir plukka ut i frå
mellom anna fagkombinasjon, motivasjon og karakterar. Opplegget
og prosjektet er retta mot ingeniøryrket.
Første delen av kurset varer i fire
dager og starter midten av november. Av desse fire dagane
skal dei vere to dagar i Ulsteinvik, ein dag ved Høgskulen
i Ålesund, for så å avslutte i Haram siste
dagen.
I februar skal heile gjengen flyge nedover
til den vesle byen Stratford. Her blir dei inlosjert med vertsfamiliar,
og vil i løpet av ei veke følgje eit spanande
og tett program med base i «The Small Piece Trust»
sine kurslokale i Stratford.
Meir om
Motivasjonskurs for ingeniørutdanning
Hovudsida
|
|