Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Helse og sosial > Nissefest 2005

Velkomen til NISSEFEST !
30.11.05.


Onsdag 30.11. kunne ein observere at noko var på gong i Brattvåg ...
Nærare bestemt - det var noko meir liv kring løa han's Peder, den i svingen ved Sønderland?
Jo, så sanneleg var det ikkje ei, nei to, eller var det fleire, raudlua kroppar som svinsa bakom løebrua? Du trur meg kan hende ikkje - du som ikkje heilt har oppdaga at nissen faktisk finst, men - der tar du feil!

For det var nissefest i løa denne formiddagen, med graut, og julemenn, og noko drikke attåt. Men det beste av alt - det kom besøk!
Frå Brattvåg barnehage BA kom ein STOR liten delegasjon, i flokk og følgje, og litt på rekkje og rad, slik barnehage-barn oftast går, når dei er ute på tur. Og dei lot seg lokke av songen på løa - eg trur nesten det lød "på låven sitter nissen med sin julegrøt ..." Ikkje rart dei då svingte bortom og hadde lyst til å kike inn bakom løedøra, berre for å sjå om ...


"Hei,
og velkomen inn! Kven er dykk for nokon då?" smilte ei triveleg nissemor rett innom døra.
"Vil de vere med på nissefesten vår, kanskje? Ja, berre kom inn, kom inn."

Slik vart det - og det gjorde sitt til at det vart enda trivelegare for alle saman!

Nissemor May-Sissel Osvik (t.h.) og hjelparen hennar nissen Ingegjerd Osvik (t.v.)


Godt kledd må ein vere på nissefest i løa.
Da er det ekstra godt å sitje i ro og nyte førjulstemninga,
mens nissane syng og fortel eventyr
.


Smånisser og "stornisser" fant fint tonen i lag.


Spennande, smiler dei små med strålande auge.


Godt med juleknask, er det og!


No er det snart jul, smiler nissane lurt til fotografen.

Det vart ein koseleg fest, der nissane song for barna og barna song for nissane. Og mens grauten forsvant i søte, små mager fortalde ein av nissane eventyr.

Vil du vite meir om nissene i løa han's Peder?
Ja, for dei var der i fjor og, på desse tider. Kanskje får du vite kven raudluene er og kvifor dei dukkar opp slik rundt 1. desember. Så klikk da - på ...

1. desember




Ha ei riktig koseleg førjulstid,
alle saman !



Med helsing
Nissemor, hjelparen hennar og alle ungane
(GK HS og VF Barne og ungdomsarbeid)

Hovudsida