Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: IBD - Eksterne forelesarar H2005


Eksterne forelesarar
- spreiar kunnskapen sin til elevar ved HVS.
 
 

I haust (2005) starta vi opp med endå ei IBD-gruppe. Finansiering av utanlandstur og avgrensing i utplasseringsplassar gjorde at vi måtte sette eit tak på 12 elevar. I inneverande skuleår (05/06) har vi 12 elevar på IBD1, VKI-nivå, og 7 elevar på IBD2, VKII-nivå.

Bedriftsbesøk og eksterne forelesarar på IBD.
  Det er viktig å skape variasjon i undervisninga, og det er minst like viktig å kunne skape variasjon i synsvinkel når ein skal hjelpe elevar til å tilnærme seg nytt stoff og skaffe seg innsikt i eit emne. I slike samanhengar er det særs positivt for oss som skule å kunne trekkje inn kapasitetar frå nærmiljøet - personar som velvilleg stiller opp for å bidra med sin kunnskap og som er posistive i sitt møte med ungdommen. Dette verkar inspirerande, både for elevar og lærarar.

Trond Vågnes (Rolls Royce, Brattvåg)
09.09.2005
Ungdomsbedrift er ein del av opplæringa i IBD, der elevane skal tileigne seg kunnskap på ein praktisk måte.
Elevane har i år starta 2 ulike undomsbedrifter; UB Uro og UB GodtFolk. Det er 6 elevar i kvar av bedriftene. Elevane har lagt lista høgt og dei fleste har meldt seg opp til Cambridge eksamen og er med og konkurrerar under Fylkesmessa.

UB er på mange måtar å sjå på som eit prosjekt som er tidsavgrensa til eit skuleår. I tillegg til å tileigne seg faglege kunnskapar, blir det å kunne innøve ferdigheiter som prosjektleiing, prosjektarbeid og samarbeid, sett på som viktige ingrediensar i IBD-faget.

Vi fekk Trond Vågnes frå Rolls Royce til å halde foredrag om dette emnet, og å relatere det til det komande arbeidet i UB. Elevane har mellom anna brukt Gantt-skjema for å sikre framdrift og kontinuitet i UB-arbeidet. Opplegget var proft gjennomført, og elevane lærte eit nyttig verktøy dei kan bruke direkte inn mot IBD-faget.

Trond Vågnes er og representant i IBD-ped. gruppa, ei arbeidsgruppe sett saman med representantar frå skule, næringsliv og kommune. Desse personane har vore avgjerande i utviklinga og gjennomføringa av IBD faget

(T.v.: Trond Vågnes)


Guttorm Vik, ambassadør på Island.
16.09.05.
Tidleg i haust fekk skulen og IBD-elevane besøk av ein spanande forelesar. Vi fekk tips om at Guttorm Vik, som er født å oppvaksen i Brattvåg, var på vitjing i bygda. Han takka ja til å halde foredrag om økonomisk samhandling i Europa,
med utgangspunkt i eigne røynsler som diplomat i Utanrikstenesta. Guttorm Vik er for tida ambassadør på Island. Han har tidligare arbeidd ved EFTA i Geneve, og har vore tilsett ved UD med arbeidsområde EU/EØS og internasjonale handelsspørsmål. For IBD elevane var det interessant å møte ein person som hadde stor kunnskap om internasjonale avtaler som er rammeverk og basis for vår internasjonale industri.

Les artikkel frå Haramsnytt...

- Guttorm Vik, ambassadør -
Foto: Tina Mari Flem


Jan Petter Hagen
11.11.05.
Næringslivet i Haram
Valfag Internasjonalisering, grunnkurs (21 elevar), fekk fredag 11.11. besøk av Jan Petter Hagen, Aker Brattvaag. Tema for foredraget var næringslivet i Haram. Det er i valfaget lagt opp til at elevane skal lære om næringslivet i vår region, for deretter å sette dette inn i ein internasjonal samanheng. Jan Petter viste seg å vere ein engasjert og kunnskapsrik forelesar, som gav elevane god innsikt i vårt lokale næringsliv.


- Jan Petter Hagen -

Jan Petter Hagen er og representant i IBD-ped. gruppa, ei samansetning frå skule, næringsliv og kommune, som har vore avgjerande i utviklinga og gjennomføringa av IBD faget.


Reidar Vågnes.
23.11.05. 
Organisasjonsbygging og utvikling av eigen kultur innan organisasjonen.

Reidar Vågnes var ein engasjert foredragshaldar ved HVS onsdag 23.11.
Tema for foredraget var organisasjonsbygging og utvikling av eigen kultur innan organisasjonen. Utgangspunktet for innhaldet i foredraget var organisasjonar i ein konkurransesituasjon, med utgangspunkt i lagidrett, og dei som fikk glede av å vere med på det drivande foredraget, var elevar med studieretningsfaget IBD og grunnkurselevar med valfaget Internasjonalisering.



Arild Eiken (Rolls Royce, Brattvåg).
25.11. og 09.12. 2005
Investeringsanalyse.
Arild Eiken frå Rolls Royce hadde forelesingar på HVS to fredagar før jul, både 25.11. og 09.12. var han smilande til stades ved Haram vidaregåande skule. Elevane frå IBD1 (VKI-AF) var målgruppa, og tema var investeringsanalyse (dag 1) og reelle kostnader (dag 2).


Arild Eiken (t.v.) saman med IBD1-elevane i auditoriet.

I økta med investeringsanalyse tok Arild Eiken utgangspunkt i eit konkret case frå eigen praksis. Han veksla mellom gjennomgang av fagstoff og løysing av case-oppgåve der elevane fikk arbeide seg fram til høvelege løysingar. Opplegget var både interessant og lærerikt, og vi ser fram til eit vidare samarbeid.


Bedriftsbesøk på Brattvåg Skipsverft AS (Aker).

07.12.05.


IBD1-elevane var onsdag 7. desember på bedriftsbesøk på Brattvåg Skipsverft AS (Aker). Etter å ha inntatt ein flott lunsj, fekk dei møte Endre Sandnes (marknadssjef), som fortalde om kva som skal til for å lukkast i ein internasjonal marknad. Elevane gav positiv tilbakemelding på bedriftsbesøket.

Dei hadde og ønskje om å få kome ombord i ein båt, men dette let seg ikkje gjere denne gongen. Difor har dei fått eit lite vink om at dei får kome tilbake i februar, når båtane er meir ferdige. Det ser både dei og faglærarane fram til.


Litt blyge sat IBD1-elevane og venta, før omvisninga starta.

Vi takkar for det gode samarbeidet denne hausten.

Faglærargruppa i IBD


Vil du vite;
- meir om IBD ...


Hovudsida