Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Aktivitetsdagar
>> Basketballturnering, jula 2005.
Basketball-turnering i Brattvåghallen
Tysdag 20.12.05.
Nest siste skuledag før jul var det yrande liv
i Brattvåghallen.
Då "avreagerte" elevar og lærarar etter
mykje stillesitting i tentamens-perioden. Kroppsøvingslærar
Stein Ravnestad utfordra basisgruppene til tevling i basketball,
og då vart det liv!
Kvar basisgruppe skulle stille med eit lag og eit dommarpar,
mens kontaktlæraren var den sjølvsagte lagleiar.
Nokre grupper måtte samarbeide litt for å klare
å stille komplette lag, og der sjukdomsfråveret
skapte vanskar på turneringsdagen, trådte ivrige
skulekameratar til og spilte gladeleg nokre kampar ekstra. Sporty!
Her er det eit lag frå 2AF (grøne vestar)
som bryner seg på eit av laga frå VKII AF.
|
Spelarane for VKII AF fikk ballen i kurven, og samla
seg poeng,
|
| |
|
- opptil fleire
gongar!
Men det såg berre ut til å skjerpe gjengen
frå 2AF.
|
Her var det ingen respekt for dei eit år eldre
avgangselevane å spore .
|
På sidelina satt engasjerte tilskodarar.
Både klassekameratar og medelevar følgde
ivrige med -
her ein flokk frå 1AFA.
|
- Vi har full tiltro til klassekompisane våre,
smilte to av desse jentene.
Tredje kvinne i flokken vart etterkvart meir usikker
- ho hørde til i 3AF ...
|
Joda, det var 2AF som gikk seirande ut av denne
kampen,
men vi er like gode vennar likevel, vi, forsikra jentene
oss om.
|
Sekretariatjobben
var ein alvorleg sak, skal vi døme etter
desse ansiktsuttrykka.
For i sekretariatet på nabo-banen sat to heller
"molefunkne karar ...
Var det ingenting som skjedde - eller skjedde det for
mykje gale vegen?
Det får vi høyre med 1TAF-gjengen etter
jul.
|
Denne karen såg ut til å trivast betre
i jobben,
men kanskje var det betre kjemi i støtteapparatet?
|
Desse to lagleiarane, Tormod Strand (foran)
og Torgeir Lausund (bak),
tok livet meir med ro. Men at kroppsøvingslærar
Ravnestad stilte
seg i vegen for utsikta ville dei ikkje ha noko av.
|
Ikkje så rart, for utpå bana skjedde
det litt
av kvart - og det meste skjedde fort!
|
Nye kampar
vart sett i gong etter tidsplanen, og det på slaget!
Her har vi eit bilete frå innbyttargjengen
til elektro i kampen mellom
VKI Elektro og eit av laga i 2AF.
|
Det var til tider harde tak,
trass i at kroppskontakt kanskje ikkje er så vanleg
i basket ?
|
Konsentrasjon!
|
"In action"
|
Lagleiarbenken deira,
Torbjørn Volstad (VKI Elektro) og Per Johann
Sandbakk (2AF).
|
- Jo, ditta går so bra so, smiler ein fornøgd
Ravnestad
godt ut i turneringa. Han liker at ungdommen rører
litt på seg!
|
Kven vart så vinnarane av turneringa?
Ja, det var det nok ikkje alle deltakarane som fikk med seg
denne dagen - for finalen gikk utan for mange tilskodarar, diverre.
Men nokon sto løpet heilt ut.
Heldigvis var det nokon med kamera blant dei!
For vår utsendte fotograf gikk tom for straum på
sitt... Men det gjorde ingen ting.
Her er ein fotokavalkaden frå årets vinnarfotografering.
Joda, du ser rett, det er gjengen frå høgare oppe
på sida her. Jentene i 2AF hadde rett når dei stolte
på klassekameratane sine.
Vi gratulerer 2AF
ved Alexander, Sindre, Ann Mari, Line, Lars Petter,
Demir og Sveinung
med ein vel fortent siger!

|
Andre aktivitetsdagar
Hovudsida |
|
|