Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Kva skjer? > Ungt entrepenørskap - Fylkesmessa 2006

"Dagens ungdomsbedrifter,
fremtidens næringsliv!"


Fylkesmessa 2006

Onsdag 15. februar vart Fylkesmessa for ungdomsbedrifter 2006 arrangert i Braatthallen i Kristiansund!
"Braatthallen vil summe av ung aktivitet denne dagen," annonserte Kirsten Aure, ansvarleg for Ungt Entreprenørskap i Møre og Romsdal fylke i invitasjonen, og ho fikk rett i det!



I år hadde 62 ungdomsbedrifter frå fylket meldt seg på, deriblant våre to frå HVS;
UB GODT FOLK og URO UB. Alle ungdomsbedriftene kunne delta i ein eller fleire konkurransar, og det var tydeleg at det var nedlagt ein formidabel førebuingsinnsats hos mange av deltakarane. Messa viste at undommen har fått utdelt store porsjonar med kreativitet og dugleik.

Standen til
UB GODT FOLK blir til ...


Ein spennande fase - kor skal vi starte?


Så er arbeidet i gong for alvor.


Standen begynner å ta form ...


- og farge ...


Til slutt blir prosessen og produktet presentert for publikum.
Heimelaga, fargeglad drops fall godt i smak hos mange.

Litt lenger borte har
URO UB
etablert sin stand.


Den kvinnelege delen av ungdomsbedrifta
presenterer kunstkalenderen med bilete av lokale kunstnarar.



Her er det gutane i bedrifta som passer jobben.

Dagen vart avslutta med seremoniar med premieutdeling i 14 konkurransar.
Sjølv om vi ikkje kom opp blant dei aller beste, var det lærerikt å inspirerande å vere med, smiler dei gjenkomne elevane dagen etter.

Resultat frå Fylkesmessa for ungdomsbedrifter 2006


Besøk gjerne:

UNGT ENTREPENØRSKAP MØRE OG ROMSDAL
Ungt Entreprenørskap er ein fri og uavhengig medlemsorganisasjon, som vart etablert i 1997. I vidaregåande opplæring er det i hovudsak sett fokus på tema Ungdomsbedrift, d.v.s. ein pedagogisk metode som skal gje ungdom i vidaregåande skule kunnskap om og forståing for bedriftsetablering.
(Meir informasjon finn du på heimesida deira).


Hovudsida