| |
Du er her: Faglege
turar > Ekskursjon til Høgskulen i Ålesund,
februar 2006.
Laboratorieveka 2006
27.02.06.
"Årets laboratorieuke for elever i videregående
skole er over, enda større og mer populær enn
tidligere år", skriv HiAls på heimesida si.
3BI-elevar er godt nøgde med tilbodet og opplegget
dei fikk vere med på på høgskulen måndag
27. februar i år.
- Laboratorieveka er eit arrangement der Institutt for Biologiske
fag åpnar laboratoria sine for elevar i den videragåande
skulen. Elevane får høve til å gjennomføre
ei eller fleire oppgåver innan kjemi eller biologi i moderne
laboratorie, og på apparatur dei elles ikkje har tilgang
til ved eigen skule, fortel høgskulen.
- Det er og viktig å få kunnskap om og høve
til å bli kjent med tilboda innan høgare utdanning.
Det å få lunsje i kantina, og vere "student
for ein dag", er ei flott oppleving for avgangselevar frå
vidaregåande skule.
Noko elevane våre er samde i!
Her er deira referat frå dagen:
Ekskursjon til Høgskolen
i Ålesund!
Tekst og foto ved 3BI-elevane ved HVS 2005/2006
Vi skulle samle oss i kantina på høgskulen
ca. kl 09:30 måndag 27. februar og dei fleste tok
bussen inn. Vi var ein spent gjeng som etterkvart vart
samla der. |
|
Vi skulle vere "student for ein dag", men på
dåverande tidspunkt trur vi nok det var synleg at vi "bare"
var elevar frå vidaregåande på besøk
i høgskulebygget.
Men det forandra seg utover dagen.
3BI klare til å vere "student for ein
dag" |
Sjølve lab'en byrja kl 10:00.
Robert Wolff henta oss i kantina og viste oss litt rundt på
skulen, før vi gjekk opp til laboratoriet. Der vart vi
møtt av høgskulelektor Harald Gjøsund,
som skulle vere rettleiaren vår denne dagen.
Vi skulle gjere forsøk med elektroforese. Elektroforese
gjeng ut på å granske ekte DNA-molekyl. Teori og
litt utprøving hadde vi gjort unna hjemme på HVS,
nå så vi fram til nye utfordringar. Og det fikk
vi!
Høgskulelektor Harald Gjøsund instruerte
lydhøre elevar |
I denne lab’en fekk vi mange utfordringar, både
når det gjaldt det kjemiske og det biologiske innan genteknologien.
Handtering av farlege stoff og kjemiske utrekingar var noko
av det vi måtte bryne oss på. Men vi fekk god hjelp.
I forsøket fekk vi nytte høgskulen sine pipettar,
sentrifuger og diverse anna utstyr som vi ikkje hadde prøvd
før. Som eit resultat av forsøket hadde kvar gruppe
laga ein gel. Den blei etterkvart fotografert i ei spesial maskin
med UV-lys.
Teori og informasjon
Når hovuddelen av forsøket var unnagjort, fekk
vi ei orientering om kva studietilbod høgskulen har innan
biologiske fag. Det blei lagt mest vekt på utdanningane
for å bli bioingeniør eller marin biolog. Dagen
på Høgskolen i Ålesund var lærerik
for alle, og nokon av oss allereie bestemt seg for ei utdanning
innan biologi!, skriv elevane frå 3BI i oppsummeringa
si.
Her er vi opptatt med forelesningsdelen. |
Det populære tiltaket har vore tilbudt vidaregåande
skular i fleire år. Blant dei over 220 biologi- og kjemi-elevane
som var innom laboratoria denne veka, var det grupper frå
Molde, Sykkylven, Spjelkavik, Volda og Fagerlia videregående
skole, i tillegg til oss frå Haram vgs.
Helsing 3BI-elevane
Elevar frå Haram vgs. har tatt i mot tilbodet i 4 år
på rad no, og vi lærarar ser at tilbodet vert betre
og betre for kvart år.
Vi takkar for samarbeidet, og ser fram til Laboratorieveka
2007!
Hovudsida
|
|