| |
Du er her: Skule
+ næringsliv > Motivasjonskurs 2005/2006
Ingeniørar i sikte
Nei, det er ikkje snakk om noko nytt realityshow, men eit forrykande
motivasjonskurs. I desse dagar deltek åtte elevar frå
Haram vidaregåande på kurs, i regi av Aker Brattvaag
og Rolls-Royce. Opplevelsane står i kø, og det
siste på tapetet var «Offshore Simulator Centre»
ved Høgskulen i Ålesund.
Haramsnytt
Tekst og bilete: Tina Mari Flem
10.11.05.
Dei åtte heldige elevane frå Haram vidaregåande
skule er utplukka blant fleire søkjarar til å få
delta på eit gratis motivasjonskurs, i regi av mellom
anna Rolls-Royce og Aker Brattvaag. Elevane har nyleg
vore i Ulsteinvik der det var arrangert forkurs. Her har dei
vore saman med åtte elevar frå Ulsteinvik vidaregåande
skule som også er med i dette opplegget.
Bedriftene rundt oss, treng mykje ingeniør kompetanse,
men per i dag er det ikkje mange som vel realfag på skulen,
og dermed ikkje kvalifiserer seg til å ta ingeniørstudiet.
Vi vil på denne måten vere med på å
stimulere folk til å ta realfag på skulen og vidare
velje ingeniørfaget, seier Knut Johan Rønningen,
personalsjef ved Rolls-Royce, som har vore med på dette
opplegget sidan det starta i 1998.
Høgskulen
Torsdag gjekk turen til Høgskulen i Ålesund der
elevane mellom anna fekk prøve ut den imponerande simulatoren
i «Offshore Simulator Centre». Det var Tore frå
Ulsteinvik som var så heldig å få prøvesitje
kapteinstolen og føre skipet. Diverre enda det heile
med at han styrte skipet bokstavlig talt rett vest, til stor
fryd for elevane rundt. Både han og mannskapet ombord
i simulatorbåten var nok glade for at dette berre var
ein test.
Simulatormaskina blir nytta til avansert opplæring og
trening av mannskap som skal ombord i ankerhandteringsfarty,
og gjer at ein kan trene som team på god samhandling mellom
dei på brua og på dekk. Båten som er etterlikna
og dannar grunnlaget for simulatoren er ein Farstad båt
i Rolls-Royce design, som er bygd av lokale aktørar
på Sunnmøre.
Gjennom simulatorbesøket fekk elevane sjå og oppleve
korleis det er å jobbe ute på eit stort ankerhandteringsfarty
ute ved ei plattform.
Her er eine gruppa i simulatoren
- alle med 3D briller som skaper den ekstra effekten
som skal til for at det skal virke ekte -
|

Tore i kapteinstolen inne i simulatoren.
|
Effekt
Blir det fleire som utdannar seg som ingeniørar
som eit resultat av dette kurset? Eg har fått
tilbakemelding frå fleire som har gått ingeniørvegen
som har vore med på dette kurset. Men kor stor effekt
dette har hatt veit vi ikkje enno, men vi skal gjere ein undersøkelse
denne hausten og finne ut dei faktiske tala, seier han.
- Motivasjonskurset er berre eitt ledd i ein langsiktig plan
for rekruttering for dei lokale bedriftene. I tillegg er det
svært viktig for oss og ha moglegheita til å fortelje
elevane om lokal industri, og vise litt av moglegheitene som
befinn seg her fram i tid, seier Rønningen.
I dette kurset jobbar vi mykje mot prosjekt i team, gjennom
å løyse praktiske problem får dei ei erfaring
med å planleggje, delegere og fungere aktivt i eit team,
legg han til.
Elevane meiner:
Mikal Skodjereite , HVS
|
Skodjereite går Teknisk allmennfag
(TAF) ved Haram vidaregåande skule.
No er eg så heldig at eg går TAF linja,
og eg har absolutt lyst å bli ingeniør,
seier han og fortel at han siktar seg på å
gå på NTNU i Trondheim.
Kva tykkjer du om motivasjonskurset?
Dette er berre alle tiders! Opplegget er svært
sosialt, og vi får vere med på bedriftsbesøk
og sjå oss rundt. |

Mikal Skodjereite, HVS.
Foto: T.M.Flem
|
Stian Runde, UVS
Runde er elev ved Ulstein Vidaregåande skule. og siktar
seg inn på å utdanne seg som ingeniør.
Eg vil gjerne studere ved NTNU, seier han.
Har kurset hatt nokon effekt på valet ditt
i framtida?
Etter dette kurset har eg berre mykje meir lyst å
bli ingeniør, det har absolutt gitt meirsmak, seier
han, og peikar på at ein av dei artigaste tinga så
langt har vore det å bli kjent med så mange nye
personar.
Les meir om
Motivasjonskurs for ingeniørutdanning ...
Hovudsida |
|