| |
Du er her: Ut av
klasserommet > 2IBD og samarbeidsprosjektet med Aker Yards
Spanande prosjekt i samarbeid med Aker Yards
Elevar med studieretningsfaget
2IBD gjennomførte i vår-halvåret 2006
eit spanande prosjekt i samarbeid med Aker Yards Brattvåg.
April 2006
Ideen blei klekt ut av lærar Torleiv Austnes, der
han ønskte å gi elevane innsikt/lærdom
i kor internasjonalt, komplisert og omfattande planleggingsarbeid
som må til for å bygge eit skip. I tillegg
ønskte han at elevane gjennom bilete/tekst skulle
dokumentere arbeidet på skipet. |
 |
Elevane vart fordelte på 4 grupper,
og kvar gruppe skulle fokusere på spesielle deler av skipet,
slik at når arbeidet var gjort, ville gruppene totalt
sett ha skaffa seg ein biletpresentasjon av heile båten.
Oppgåva har etterkvart blitt justert, og tilleggsoppgåver
har blitt lagt til, mellom anna innafor logistikk og økonomi.
I tillegg til lærarane i faget og tilsette frå Aker
Yards, har Guttorm Ulla (Haram Innovasjon) vore til god hjelp
i utviklinga av opplegget. Denne våren har det vore ein
jamn kommunikasjonsstraum mellom lærarar, kontaktpersonar
ved Aker Yards og elevane om detaljer knytt til skipet.
Elevane fekk frist på seg til å ha biletpresentasjonane
ferdig i slutten av skuleåret, og leggje desse fram
for faglærarane. Dei held alle tidsfristar og resultata
av arbeidet var svært bra. Til hausten vil vi arbeide
meir med logistikk og økonomidelen, samt legge ut ein
elevpresentasjon av prosjektet.
Vi vil nytte høvet til å takke alle kontaktpersonane
ved Aker Yards Brattvåg, som har stilt opp for oss i
samarbeidsprosjektet no i vår;
Endre Sandnes, Magnhild Fjørtoft, Einar Myklebust,
Geir Magne Ingeborgvik, Gunnar Frøyen, Petter Alvestad
og Gunnar Frøyen.
Med vennleg helsing
Jan Magne Helland/Torleiv Austnes
(Haram vidaregåande skule)
Bilete frå bedriftsbesøket og fotorunden.

Ein frostklar aprilmorgon, har vi fått klarsignal
til å gå om bord og avfotografere skipet.
|

Dette er dagen før overleveringa.
Det er stor aktivitet om bord. Under dekk pågår
det ein del målararbeid. |

2IBD-elevane er klare for oppdraget.
Med hjelmane på og fotografiapparat klargjort,
er dei klar til å gå om bord.
Med som guidar har dei Geir Magne Ingeborgvik og Einar
Myklebust.
|

- Om bord og klare for oppdraget, smiler fleire
av jentene i 2IBD.
|
| |
Vi starta frå toppen, på taket på
brua.
Eit fantastisk utsyn møtte oss!
Den frostklare aprilmorgonen vart om mogleg ennå
klarare - og sjøen låg speilblank og stille.
Dette låg an til å bli ein kjempefin dag,
ingen tvil!
Så vendte vi blikket innover, og konsentrerte oss
om sjølve båten. |

Geir Magne (med raud hjelm) forklarer
kva slags funksjon dei ulike tinga har.
Den oransje sylinderen nede i venstre biletkant, har
same funksjon som ”Black Boks” på
eit fly. Ei ordning som no også er innført
på skip.
|

Så gikk vi inn, og kvar gruppe skulle få
tildelt sitt område for dagen.
|

Her er vi på brua.
Einar Myklebust (kvit hjelm) studerer
fotoplanen Torleiv (t.h.) har
satt opp.
|

Eit moderne skip er spekka med utstyr.
Vi fikk forklart mykje og skaffa oss eit innblikk i
korleis systemet fungerer,
men innsåg og at dette var kompliserte saker.
|

Data og teknologi
har ein sentral plass i styringa av eit skip og dei
ulike funksjonane du finn der.
|

Kart og navigeringssystem
viser kvar skipet til einkvar tid er, her er Brattvåg
avmerka.
|
God oversikt over dekket.
Dagen etter vil det vere rydda og båten klargjort
til overlevering. |

I førarseta for styring av dekkslast
(jf. førre bilete).
Ingen dårleg kjensle å sitje her!
|
| I aktiv
teneste vil dekket bli fylt med rørleidningar,
og under dekket ligg store tankar for transport av sement.
|

Ute.
Ned på sjølve dekket er det full aktivitet.
Klargjeringa er i gang.
|

Inne.
Den heimekoslege innreiinga av messa ser ut til å
bli satt pris på. |

I mannskapsmessa har dei funne plass til peis.
|

- Lugarane har høg standar, konkluderte
disse jentene.
|

Ein siste sjekk over utstyret i Byssa.
|

Oppdraget snart utført og vi er klare til å
gå på land.
|
| |
Når vi tek avskjed med Brattvaag
Skipsverft, er isen smelta og Olympic Commander ligg bada
i vårsola.
2IBD takkar for omvisninga, og helsar Olympic Commander
hell og lykke på alle hav.
Med imponert helsing
frå
elevar og lærarar i 2IBD. |
Hovudsida |
|