Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Faglege
turar > Ekskursjon til Haramsøy/Longva våren
2006
Ekskursjon til Haramsøy/Longva våren 2006
1AFA fortel;
22. mai var det klart for den mykje omtala ekskursjonen
for allmenn-/TAF-klassane ved Haram vidaregåande
skule.
Mange var spente på korleis denne
turen skulle bli, med hard sykling, overnatting i telt,
grilling og ikkje minst, ein krevjande rapport. |
|
Frå skulen sykla oss ein halvtimes tid til Skjelten. Der
måtte vi vente ein time på ei ferje som skulle frakte
oss over til Haramsøy. Då vi kom fram til Haramsøya
var det berre eit lite kvarters tid med sykling til leirstaden
(hmm, kva gjorde folk på vegen, det tok jo dei raskaste
berre litt meir enn 15 minutt frå Brattvåg til Skjeltene
tidlegare denne dagen? … ).
Lærarane hadde vel kanskje ein idé om at vi skulle
sykle vidare med ein gong, men matlysta vart for stor for enkelte,
og lunsjen var eit faktum. Med ny energi venta ein ny sykkeltur
vidare, men da lengre enn den første. Vi skulle til nordsida
på Longva. Vel framme var det fjøra som sto for
tur. Overraskande var det kor ivrige elevane var til å
kome ned i fjøresteinane, eller var det bare godt skodespel
for å imponere lærarane?
Fjøra vart ein interessant oppleving for mange. Spørsmål
som: ”Kvifor går ikkje krabba framover?” og
”Kvifor flyt holmen?” vart til ny kunnskap for elevane.
Feltarbeid !
Seriøst arbeid, med innsamling av spanande
materiale.
Ser du ikkje?
|
Ser du nå - ein fisk! |
|
|
Andre fann spanande ting
nede i sanda.
- Kva kan dette som kravlar sånn vere?,
lurte nysgjerrige sjeler på ...
 |
- Er det ein børstemark? - Kan eg og få
ta på'n ? -
|
Stadig nye spørsmål - ikkje alltid like mange (korrekte)
svar. Men vi sto på!
Rådslaging før neste økt. |
Eit par frå 1AFB
som blanda seg med oss.
|
Tangfiske |
Teori
|
Praksis |
Ja, takk! Begge deler!
|
Klippestrand-gjengen |
tar seg ei kjekspause.
|
Skip i sikte?
(Sjøen er bak dykk, kara ...) |
Etter nokre timar hadde dei fleste spørsmål fått
svar, og for enkelte vart det vanskeleg å ikkje gje uttrykk
for at dei heller ville setje opp telt. Dette var vel kan hende
ei god unnskylding for å rekke butikken på heimvegen,
som stengte klokka 4. At butikken stengte klokka 4 var nok ein
dårlig spøk, viste det seg, men vi var jo tross
alt på ei øy, og panikken bredde seg. Vegen tilbake
til leirplassen var tung, særleg då det begynte
å regne, meir motiverande var det ikkje at lærarane
suste forbi i bilane sine ...
Vi på heimveg ... |
Lærar på heimveg ... |
Ved leirplassen var alt fryd og gammen igjen. Dette kan ein
takke den lokale kjøpmannen for. Teltoppsetning var nok
ei ny oppleving for nokon. Noko som resulterte i eit kollapsa
telt utpå natta …
Jaha.
Her er i alle fall alt på plass!
|
Da er det berre å sette i gong.
Dette er samarbeid på rett! |
Vel, inntil vi såg dette bilete,
trudde vi at ALLE deltok i arbeidet.
|
Mens nokre verkeleg strei,
tok andre seg av grundige inspeksjonar av utstyret ...
|
Ikkje synleg før nå,
men ein viktig jobb, trass alt.
|
Der, ja!
Så var den karen og i fullt arbeid.
Godt arbeid vart det gjort og.
|
Til slutt såg det slik ut!
Ein teltleir vi var stolte av - trass i "nissehatt"-teltet
bak i der.
Det ga vi forresten bort til TAF-gutane ... |
Vidare var det grilling som sto for tur. Det er ein kjent aktivitet
som alle treivst i. Ut på kvelden vart vi så godt
planta på jorda igjen - da rapportskrivinga tok til. Men
med galgenhumor, og eit par kilo godteri, kom vi oss gjennom
dette òg.
Natta si lærdom til oss sarte sjeler
Den berykta overnattinga levde opp til sine forventningar, då
med god hjelp av elevane. Til lærdom kan man ta at man
ikkje skal skylde på at teltet lek utan å
ta igjen luka i taket.
Heller ikkje ta ein vedkubbe ned i omnen for så
ta den oppatt. Dette var ei skummel oppleving for dei få
som fekk den med seg. Eleven som sto og vifta med ein brennande
vedkubbe i teltet veljar å vere anonym for å unngå
”represaliar” i etterkant av hendinga.
Nok ein dag
Etter ei heller dårlig natts søvn (rart, men
det var nokon unnatak!?!), var det klart for frukost og
ny runde rapportskriving. Denne morgonen var det ymse kvalitet
på rapportskrivinga. Men anna kan man heller ikkje forvente
etter den turbulente natta. Beskjeden om at vi kunne rekke ei
ferje før, sette elevane i sving, og i høgt tempo
vart rydding av telt, til riving av telt. Men, til alle si forbausing
gjekk dette bra, og ferja vart nådd i tide.
Ei oppleving!
Denne turen var ei oppleving som dei fleste vil ha i minne ei
god stund framover, og så å seie alle virka godt
fornøgd med opphaldet. Vidare i dette hefte vil det no
dreie seg om det faglege på turen. At fjøra består
av et slik fantastisk plante og dyreliv var nok nytt for mange.
Til deg som ikkje får ta del i vår glitrande kunnskap,
i og med at denne delen av rapporten ikkje vert lagt ut; - ta
deg ein tur i fjøra, legg deg på kne og utforsk
alt kva fjøresona kan by på. Artig, og litt vått,
det lover vi deg!
Med helsing oss i 1AFA
Tilbake til:
Haramsøy/Longva 2006
eller
Hovudsida
|
|
|