Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > Ekskursjon til Haramsøy/Longva våren 2006

Ekskursjon til Haramsøy/Longva våren 2006

1AFB fortel;

Under denne to dagar lange ekskursjonen til Haramsøy/Longva skulle vi lære oss meir om dyr, plantar og miljø i ei økosystem. Vi skulle lære meir om kva artar gjer for å tilpasse seg miljøet og dei ytre faktorane i eit økosystem.

Under ekskursjonen vart livet i fjøra brukt som eksempel. Vi vart presentert for fleire typar strandmiljø, der forskjellige artar av planter og dyr haldt til.
Kva vi fikk ut av den delen, har vi dokumentert i ein fyldig, fagleg rapport til faglæraren vår. Mens her kjem vår skildring av våre to døger ute i det fri …

Ekskursjonen er i gong!
Turen tok til tidleg ein måndags morgon. Grunnkursklassane frå allmennfag skulle på ekskursjon til Haramsøy og Longva saman med 1.års TAF. Stemninga var høg og optimismen råda, dei fleste vel uvitande om den lange og harde sykkelturen som skulle kome. Bagasjen var lasta i hengarar, og syklane vart sjekka ein siste gong, endeleg kunne turen ta til. Presis klokka 09.00 trilla dei fyrste, heller utrente syklistane, mot Skjelten ferjekai.

Ein knapp halvtime seinare var dei fleste syklistane samla på kaia, om lag ein time før skjema. Tida vart effektivt slått i hel med diverse steinkasting av enkelte, mens andre nytta tida til å tørrtrene på aktivitetane vi seinare skulle utføre på ekskursjon.. Endeleg kom ferga, og horden av ivrige elevar storma ho for å kome fyrst til sveleutsalet. Etter ein 20 minutts lang ferjetur, og ein 3-4 minutts lang sykkeltur, kunne vi endeleg ta leirplassen i nærmare augesyn.

Leirplassen låg idyllisk til nede ved sjøen, der det var grillplass og ei lita strand. Mange undra seg over kvifor vi hadde med telt, sidan det var meir enn nok hytter til å romme ein halv arme, i alle fall 60-70 elevar !?! Denne tanken overskygga sjølvsagt ikkje eit av mennesket sine grunnleggane behov, nemlig mat, eller rettare sagt mangelen på mat, også kalla svolt. Ei rask matpause var då neste post på programmet, før det blei pakka om til neste aktivitet.

Høgdepunktet på turen – fagleg sett
Aktiviteten som følgde var sjølve høgdepunktet på turen. Ikkje få hadde gledd seg til den naturfaglege biten av turen. Sjølvsagt var denne aktiviteten lokalisert på Skuleøya, så ein ny sykkeltur var kravd. Under denne turen var det dei fleste som byrja å kjenne at det var ei stund sidan førre sykkeltur. Beinmuskulaturen stivna raskt og sykkelsetet byrja også å gjere sin ”magi”, utan at eg skal gå nærmare inn på dette. Etter om lag ei mils sykling kom vi fram til området på Longva som var utpeika til boltringsplass for økologisvoltne elevar. Også denne turen tok kortare tid enn planlagd, noko som førte til ei forskyving i programmet som igjen gjorde at vi også vart tidlegare ferdig med forsøka våre. Utpå feltområdet som var plassert på nordsida av Skuleøya vart vi omsider delt opp i grupper og fordelt utover på dei forskjellige strandsonene. Kvar gruppe fekk utlevert utstyr og passande litteratur for å vere rusta til å utføre dei forsøka og oppgåvene som skulle gjerast. Elevane starte ivrig å leite etter forskjellige dyre og planteartar i si strandsone, sjølv om enkelte brukte tida på å tjuvstarte grillinga som etter planen skulle utførast om kvelden.

Skjerma strand


Joda, vi veit kva det er - vent litt berre ...
Her, her ser du arten, smiler desse ivrige "strandsnokarane".


Utsett klippestrand


Over på den ytre sida av knausen
var denne gjengen godt i gong med arbeidet sitt
.


Vi manglar handbøker, men elles går det greit,
smilte dei etterkvart som ting fall på plass.


Blokkstrand


Rundt på austsida av knausen låg fleire grupper på lur.

Ingen kan klage på innsats og innleving her, nei!



Her var det og liv i leiren.


Fagleg ...


og lystig ...


Men, sjølvsagt, aller mest fagleg!


Forsøka og undersøkingane vart utført med den yttarste flid, som du har sett, og med minst mogleg material- og personskadar. Ein øydelagd mobiltelefon og eit par skrubbsår, må reknast som eit lite offer i forhold til den faglege innputten (på godt norsk).


Klare for retretten.


- heilt klare for det meste -

Om lag 40 min før skjema vart feltdelen avslutta og tilbaketuren til leirplassen påbegynt. Dei no relativt slitne elevane blei tydeleg i betre humør då det blei opplyst om at dei no hadde moglegheit til å bruke enda fleire av dei hardt opptente pengane på den lokale matbutikken. Turen tilbake verka med eit ikkje så håplaust lang som før.


Nokon tok livet med ro og fikk med seg idyllen,
mens andre stressa på.
Nokon ramla (?), ...



men alle kom fram i god stand.


Vi kan det der med telt!

Endeleg var tida for å setje opp lavoar komen. Med stor entusiasme og litt mindre flid, noko som seinare skulle vise seg i løpet av natta, poppa lavo etter lavo opp i veret.


Jentene i 1AFA vart tildelt oppgåva å setje opp lavoar.


Noko dei gjorde med liv og mykje moro.

Vi jentene i 1AFB fikk tildelt jentene sitt militærtelt,
for vi hadde gjort dette før med kroppsøvingslærar Ravnestad før avreise.
Og her vi, sjefsriggarane!



Idyll!

Etter litt grilling og sosialt samvær var det på tide å fordøye dei nye inntrykka. Dei faglege ”innputta” skulle ”utputtast” og seinare resultere i ein rapport. Samstundes hadde nokre få heldig utvalde teke ein tur tilbake til fastlandet for å spele juniorkamp mot Aafk. Desse kom tilbake midt i rapportskrivinga. Svoltne som dei var, gav dei likevel i veg med rapportane saman med gruppa si, og venta med mat og grilling til lenger ut på kvelden.


1AF-blanding,
med arbeidshytta til 1AFA i bakgrunn

Om lag klokka 00.00 vart elevane sendt på dør frå hyttene; - kvelden hadde komen. Dei fleste innretta seg i lavoane og gjorde seg klare for natta. Sjølv om nokre få ivrige sjeler fortsette å steike pinnebrød på den no middels varme grillen. Heldige som vi var, vart vi presentert for mange forskjellige vertypar. I halv to-tida kom det særs etterlengta regnet, og vinden som vi alle venta så spente på. Sjølv om lavoane var solid laga, var dei ikkje like solid sett opp. Etter ein halvtime kollapsa minst ein lavo og fleire måtte ha naudreparasjon. Motet blei halden opp av dei friske faglærarane som lageleg nok haldt til i dei særs solide, tørre, og varme hyttene. Elevane blei oppmoda om å klare seg så godt dei kunne, noko dei også gjorde godt etter forholda.

Neste morgon …

Kl 08.10 blei elevane vekt med den glade meldinga ”no er det berre 50 minuttar igjen til det er rapportskriving”. Frukost blei raskt fortært og elevane kasta seg igjen over oppgåva. Kanskje med noko mindre mot enn dagen før. Så kom nyhenda vi alle frykta, viss vi skunda oss med opprydjinga, kunne vi rekke ei ferje før. Så glade som vi no hadde vorte i øya etter ei så koseleg og fin natt, gjorde vi det vi kunne for å få vere igjen der lengst mogleg. Dessverre rakk vi ferja og kom til Skjeltene-ferjekai nokre minutt før klokka tippa halv eit. No stod berre heimturen igjen og sjølvsagt rapporten …

Med helsing ivrige elevar i 1AFB


Tilbake til:
Haramsøy/Longva 2006

Hovudsida