Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Faglege
turar > Ekskursjon til Haramsøy/Longva våren
2006
Ekskursjon til Haramsøy/Longva våren
2006
1TAF fortel;
Måndag 22. mai 2006
I dag sto ca.50 forventningsfulle syklistar klare
til å reise på tur til Haramsøya. Sekkane
var pakka og klare, og veret var strålande.
Kunne det bli betre? |
|
Brattvågerane sykla frå Brattvågen kl.08.45,
medan vi i frå Søvika fekk søve eit kvarter
lenger. Vi møtte opp på SPAR i Søvik, der
mange nytta høve til å kjøpe seg frukost
og andre ting (les: snop). Når klokka var 08.59 var vi
så og seie klare til å sykle. Ferga skulle ikkje
gå før kl.10.30, så vi hadde god tid til
å beundre den vakre naturen på vegen. På
Skjeltene-fergekai
møtte vi på resten av den spreke gjengen
som hadde starta sin tur i frå Brattvågen. Der sat
vi alle og venta spent på ferga. Når vi hadde komt
oss om bord i ferga valgte nokon å ligge på dekk
og sole seg medan andre hadde ikkje heilt vakna og valgte difor
å sløve nede i kafeen.
Når alle hadde kome seg på syklane sine, og vi hadde
komt på land på Haramsøy, bar turen vidare
til Austnes. Det var der vi skulle halde til. Når vi kom
fram, sette vi frå oss bagasjen og fekk ein halv times
pause. Under denne pausa tok dei fleste fram matpakka si og
inspiserte dei to hyttene som hadde vorte leigd. Etter ein god
halvtime samla dei tre lærarane våra, Hilde, Hanne
og Arvid, oss for å dele oss opp i grupper. Etter at dei
hadde delt oss inn, sendte dei oss avgarde gruppevis mot Longva.
Denne ruta var lang og tung, og eg kan sei ganske sikkert at
alle var svært så glade når vi hadde kome
fram i 13- tida.
Naturfaglærarane våre;
- Hilde, Hanne og Arvid -
(Sistnemnde hadde på dette tidspunktet
like lag sykkeltur bak seg som oss) |
Feltarbeid i fjøra
Her fekk kvar gruppe utdelt sin post i fjøra. Dei forskjellege
gruppene kunne havne på 3 forskjellege plassar. Gruppa
vår havna på ein post som heite klippestrand. Dette
leste vi i hefte vårt at tydde; - bratte, nesten loddrette
bergveggar.
Vi vart sendt på baksida av ein knaus for å studere
vår post. Det vi skulle undersøkje var eulittoralen
(område mellom flo- og fjøremål).
Klippestranda vår, med flotte soneringar.
|
Med nasen vendt mot sjøen, dvs. mot nord
(bilete er tatt meir mot nordøst ...), såg
det slik ut på fjøre sjø.
|
Vi gjekk iherdig til verket. Her fann vi alt i frå marebekk
til stortare og ”kukelura”. (Dette kan spesielt
innvidde lese vidare om i rapporten vi leverte inn). Vi fann
og mange fjørepyttar, men det var ein som interesserte
oss meir enn dei andre. Her fann vi masse liv og sjøplanter.
Ei oppgåve som vi skulle utføre var å finne
ei tangloppe og mate ei sjørose med den. Den oppgåva
var svært så morosamt. Og det kom nokre saftige
faktaopplysninga frå vår boklærde på
gruppa, som t.d. at 90% av loppa sitt liv blir brukt til formeiring.
Dette var noko som vi kunne forstå etterkvart som vi fann
fleire lopper. Oftast to og to…
I løpet av tida som gjekk var det ingen som datt uti
og heller ingen skade. Nokon hadde til og med laga eit lite
bål og grilla kjeks.
Her ser du litt frå fotoseansen nede i fjørepytten
vår.
Notere måtte vi og hugse på inne i mellom,
|
men artigast var det å krype rundt å
utforske svaberga!
Spanande var det og, for det var glattare enn det ser
ut til her ...
- Desse jentene er frå AF-gjengen,
men vi samarbeidde bra :0) -
|
Den andre gruppa var, som sagt, plassert på blokkstrand,
mens den tredje vandra utover sand-/blokkstranda litt vest for
knausen vår. Her er blokkstranda:
Og her er delar av sandstranda:
Retrett og oppsetting
av base-campen
Når klokka nærma seg 16, byrja dei fleste å
bli ein anelse rastlause. Så då var det på
tide å sykle. Vi leverte inn alt utstyret til lærarane
og heiv oss på syklane. Fotballproffane frå Brattvågen
skulle rekke ei ferge kl.16.35 for dei skulle heim og spele
ein kamp og sykla difor i ei rasande fart frå Longva.
Medan andre tok livet med ro og sykla i ei søndags-tur-fart.
På turen heim kjente vi at regndråpane byrja å
kome, men desse forsvant når vi kom oss forbi Ulla- hammaren.
Når vi hadde kome oss fram til teltplassen vår vart
vi delt opp i grupper som skulle slå opp telt. Sidan vi
i TAF ikkje hadde fått opplæring i å slå
opp lavo-/militærtelta (det viste seg seinare at ingen
hadde tatt i mot opplæring i oppsetting av lavo …),
fekk vi i oppdrag å lage til grillane. Desse skulle vi
bruke seinare for å kose oss og lage mat.
Når klokka nærma seg 18, var det på tide med
mat. Alle leita fram grillmaten og dei fancy grilldressane sine,
så var vi klar! Det vart grilla alt i frå flintsteik,
hamburgera og grillpølser til marshmellows og pinnebrød.
Ingen klasseskilje mens grilling pågår! |
Vi jentene hadde laga oss fint til - |
og hadde det verkeleg triveleg!
|
Læraren vår prøvde å spise
" standsmessig" ... |
men lukkast ikkje heilt med det.
Men vi trur det smakte godt! |
TAF-gutane spedde på med primus-mat. |
Klokka 20.00 var alle så og seie rullandes mette, for
det såg ikkje verre ut når vi skulle kave oss opp
att til hyttene. No byrja regndråpane kome.
I den eine hytta skulle B- gjengen vere, medan i den andre vart
det oss TAF’erane og A-klassa. I hytten skulle det lesast
og skrivast. Det skulle skrivast rapportar i frå det som
vi hadde funne i fjøra. Men det var svært mange
Big Brother-tilhengjarar som satt berre å lurte
på om det var Jessica, Richard eller Anton som skulle
vinne BB 2006, for det var nemleg
BB-finale denne kvelden. Alle hadde fått streng beskjed
om at no var vi på tur, utan TV. Men
med ein gong læraren forlot stua, vart det nok litt TV-sniking,
ja.
Seinare på kvelden fekk vi høyre en del hyling.
Vi som sat oppe på loftet denne kvelden forstod ikkje
noko. Ikkje før vi høyrte kva dei verkeleg ropte;
- JESSICA!! Då hadde den svenske blondina vunne. No var
vel kan hende heller ikkje vi på loftet fullt konsentrerte
rett heile tida, for vi tok oss i å mimre litt frå
dagen, og vi var kome fram til at det var (omtrent)
ingen som hadde dotte og slått seg. Mats sitt fall gjaldt
ikkje, for alle skjønner jo at det ikkje går an
å sykle ståande utan å bruke hender –
og det gjer vi utan å prøve det først.
Rundt klokka 22 kom dei sporty fotballspelarane våra glade
tilbake etter ein uavgjort seier. Dei hjalp oss å skrive
ferdig rapportane. Når klokka var 23 var dei fleste klare
i hovudet (og bakenden) etter ein lang dag, og det var ikkje
så mykje konsentrasjon igjen. No kunne dei som ville,
gå å legge seg. Ute pøsregna og bles det.
Dei fleste gjekk ut i telta for å kose seg med snop, medan
andre sat inne og prata - eller såg TV.
Når alle hadde kome seg inn i telta for å søve,
tok det ikkje lange tida før dei fleste hadde sovna tross
i kulden, vinden og regnet. Med nokre små unnatak; - i
det eine militærteltet, der alle gutane i 1A låg,
hadde teltet byrja å blese opp og nokre barske karar måtte
ut i regnet for å ordne på duken. I den minste lavoen,
den med berre jenter, fekk dei seg ei overrrasking, ei veldig
våt og kald natt. Lavoen deira bles rett og slett ned,
og dei flykta over til ein av dei andre lavoane ...
Idyllisk, enn så lenge ... |
23. mai 2006
Dei fleste vakna av seg sjølve ganske tidleg denne morgonen,
andre måtte ha hjelp til å stå opp.
Det var ein veldig kald morgon, og nokre av oss kjente ein liten
forkjølelse på vei. Vi fekk sløva oss inn
til hyttene våre, og fekk i oss ein god frukost. Her stod
faktisk TV’n på og det durte i veg med Svisj-musikk.
Etter at alle hadde kome og vi hadde gomla i oss mat, var det
på tide å skrive meir rapport. Vi rakk nok ikkje
alt og fordelte arbeid til dagen etterpå, for då
skulle alle rapportane inn.
Når klokka var halv elleve, heiv vi oss rundt for å
rekke ei tidlegare ferge. Gruppa vår fekk i oppdrag i
å plukke boss. Vi fann bl.a. skjerf og tjukkesokkar som
nokon hadde forlagt. Nede på fjøra såg det
ganske bra ut. (Det skuldast visstnok at to samvittighetsfulle
lærarane hadde fått sjokk tidlegare på morgonen,
og tatt ei skikkeleg ryddeorgie før vi andre kom til
sans og samling igjen etter stormnatta. For vind, katter og
måker hadde i godt samarbeid retteleg kost seg i løpet
av natta med restane etter grillinga, som alle så pertentleg
hadde samla saman kvelden før - riktig nok utan
å knyte til bossekken …).
Dei andre gruppene fekk i oppdrag å rive ned dei lavoane
som sto att etter natta, andre vaska hyttene og nokre rydda
vekk grillane.
Ferga som vi skulle rekke, gjekk no kl 12:05. Vi sykla fort
bort til fergekaia og vi hadde god tid, fann vi ut når
vi kom fram. Det var godt å endeleg få kome på
fastlandet igjen! På Skjeltene blei vi møtt med
litt regn, men her fortsette sykkelturen for dei spreke, entan
dei skulle til Brattvågen eller til Søvika, eller
til og med heilt ut til Vatne. Medan andre, som ikkje var fullt
så sprek, avslutta turen her og blei henta.
Med helsing oss i 1TAF
Tilbake til: Haramsøy/Longva 2006
Hovudsida |
|
|