|
Du er her: Utviklingsarbeid
> Leonardo Da Vinci-programmet - Prosjekt EuroShip
Leonardo Da Vinci-programmet
Prosjekt Euro Ship I, II og III
- eit samarbeid med Istituto Tecnico Industriale "Arturo
Malignani" om utveksling av lærlingar.
Samarbeidspartnaren vår, Istituto Tecnico Industriale
"A. Malignani", er ein teknisk vidaregåande
skule, lokalisert i Udine i nord-Italia.
 |
|
Udine er ein liten by i regionen Frioli-Venezia Giulia,
nord-øst i Italia. Og det er i dette området
elevane våre vert utplasserte. |
Les meir om første del av prosjektet:
Euro Ship I - eit utvekslingsprogram for lærlingar.

Verftet Fincantieri, Monfalcone |

Haram vidaregåande skule |

Aker Yards AS, Brattvaag |
Skulen plukka våren 2006 ut 9 aktuelle elevane;
- 4 elevar frå VKI Elektro og 5 elevar frå 3. året
Tekniske og allmenne fag. Alle 9 får lærlingstatus
sommaren 2006.
Dei ni norske elevane vil vere i
Italia i tidsrommet 18. juni – 9. juli 2006. I denne perioden
vil dei vere utplasserte i ulike italienske industribedrifter
i regionen Friuli i Nord-Italia. I august, nærare bestemt
7. - 29. august, kjem 12 italienske elevar/lærlingar til
utplassering i industrien i Haram.
Regionen Friuli har eit maritimt miljø som i stor
grad liknar på den maritime klynga vi finn i Møre
og Romsdal, og i førebuingsfasen til utvekslinga til
EuroShip fokuserte vi spesielt på rammevilkåra
som ligg i botn for industriutviklinga i Italia og i Noreg.
Dette vil vere ned på å skape større medvit
om kvifor dei to områda kan drive med den same industrien
sjølv om det finst ulike historiske og økonomiske
føresetnader. Dette meiner vi er viktig for at elevane/lærlingane
skal vere best mogleg førebudde på å kunne
møte den regionaliseringa og internasjonaliseringa
som skjer innanfor denne type industri, og slik legge grunnlaget
for å takle framtida med auka krav til mobilitet og
arbeidsgrupper sett saman på tvers av landegrensene.
Internasjonal arbeidsmarknad
I ein internasjonal arbeidsmarknad vert det viktig å
kjenne til kvarandre sine kulturar. Dette vil vere spesielt
viktig for denne elevgruppa som vi har knytt opp til Euro
Ship. Dei 6 elevane frå Tekniske og allmenne fag gjennomfører
ein studie- og yrkesførebuande utdanning. Desse er
dermed framtidige arbeidstakarar som vil seinare truleg vert
å finne innan ulike nivå i den maritime industrien.
Likeins vil og dei med elektrobakgrunn vere aktuelle for fleire
typar arbeid innan den same industrien.
Vi har etter kvart knytt tette band og skaffa oss god kontakt
med den italienske skulen i Udine i Friuli.. Dei ansvarlege
kontaktpersonane gjer ein grundig og god jobb, og prioriterer
samarbeidet med Haram vidaregåande skule høgt.
Haram vidaregåande skule ynskjer å halde fram
samarbeidet med Italia, og er takksame for den velvilje bedriftene
i nærmiljøet viser oss.
Både samarbeidsskulen vår i Italia og vi har
fått høve til å utplassere desse studentane/læringane
i samarbeidsbedrifter. Samstundes har det vore som elevane/lærlingane
våre oppretthaldar lærlingløna si frå
si eiga bedrift i Noreg i utplasseringsperioden. På
same måte vil dei italienske elevane som kjem til våre
bedrifter, oppretthalde eventuelle økonomiske tilskot
frå eigen skule/bedrift.
Med andre ord; - utan å ha med oss dei ulike bedriftene
på laget, ville det ikkje vore mogleg å gjennomføre
prosjektet.
Vi vonar at våre samarbeidsbedrifter opplever det positivt
å ha våre italienske lærlingane på arbeid
på besøk og i denne utplasseringsperioden, og håper
at alle involverte elevar vil skaffe seg gode erfaringar for
sitt framtidige virke.
Her kan du lese litt om det som gikk føre seg desse tre
vekene:
Tjuvstart på
skuleåret ... (07.-08.08.06.)
Euro Ship II
Erfaringane med Euro Ship I var så positive at vi har
valt å fortsetje med samarbeidet, helst i fleire år
framover dersom det er mogleg. Vi går no inn i eit nytt
prosjektår etter same lesten, Euro Ship II.
I skuleåret 07/08 er det dei 8 elevane ved 3TAF (VKII
Tekniske allmenne fag) som skal delta i utvekslingsprogrammet.
Dei ser fram til å reise til Italia i juni, men først
skal HVS motta 12 italienske ungdommar, som skal få kjenne
på livet korleis yrkesutdanninga i Noreg går føre
seg.
Les eleverfaringane
frå utvekslinga våren 2007 ... (pdf-fil)
Euro Ship III
Det var semje om å fortsetje prosjektet framover. Våren
2009 er det tredje gong Haram vidaregåande skule gjennomfører
dette samarbeidsprosjektet.
Heile 3TAF (Vg3 Tekniske- og allmenne fag), ei gruppe
på 10 elevar, var no vore på arbeidsutvekling i
Nord-Italia i høve prosjektet. I heile to veker fekk
desse TAF-elevane oppleve korleis det italienske utdanningssystemet
fungerer for utdanning knytt til ulike typar arbeid innan italiensk,
maritim industriverksemd.
Også i år var det med ein delegasjon frå skule
og næringsliv. Dei involverte lærarane er godt nøgde
med opplegget og begynner å bli godt kjende i Udine-regionen.
Les meir om opphaldet i 2009:
-
Reisefeber ved HVS (Artikkel i Haramsnytt
17.02.09.)
-
Arbeidsutveksling Haram - Udine våren 2009
Euro Ship III fortset!
Prosjektet vart vidareført til enda eit nytt år
- våren 2010 reiste nye 3TAF-elevar til Italia, og vi
sjølv fikk besøk av ei gruppe på 12 italienske
studentar.
Utvekslingssamarbeidet går med andre ord veldig godt,
prosjektet er godt innarbeid både i Udine og her i Haram.
Ungdommane som deltar i utvekslingsprogrammet vert innlosjerte
hos vertsfamiliar og tildelt ein arbeidsplass for 14-dagars
perioden. Etter det har det meste gått av seg sjølv
i år. Elevane kjenner systemet, og veit kva dei går
til når dei reiser, anten dei er frå Italia eller
Noreg. Vertane og bedriftene kjenner og systemet, og bedriftene
veit kva for oppgåver dei kan setje ungdommane til. Vi
opplever at våre norske utvekslingselevar får stadig
meir praktisk arbeid å hengje fingrane i i Italia, og
dei italienske ungdommane er svært opne for dei nye utfordringane
dei får i det praktiske arbeidslivet i Noreg.
Vi takkar alle involverte for innsatsen i nok eit flott utvekslingsprosjekt!
Les meir om opphaldet i 2010:
-
Vellukka opphald i Udine våren 2010
-
Praksishungrige italienarar i Noreg (Artikkel i Haramsnytt
30.03.10.)
Tilbake til:
- Utviklingsarbeid ved Haram
vidaregåande skule ...
- Hovudsida |
|