Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)








Du er her: Utviklingsarbeid > Leonardo Da Vinci-programmet - Prosjekt EuroShip

Leonardo Da Vinci-programmet - Prosjekt Euro Ship

Tjuvstart på skuleåret ...


Brattvåg 07.-08.08.06.


Søndag kveld landa tretten italienarar på Vigra, klare for 3 veker i Haram. Dei tolv gutane er alle i 18-19-års alderen, og er ferdige med ei 4-årig utdanning i Italia, tilsvarande vidaregåande i Noreg. Læraren deira, Alessandro Paganin, fortalde at fleire skal snart ut i arbeid, medan andre skal ta til på universitetsutdanning.

Måndag morgon møtte dei opp på Haram vidaregåande skule. Bak seg hadde dei ei natt i sin nye "heim" og ein norsk frukost var inntatt. Sjølv om dei har fire års utdanning innan elektronikk og mekanikk, har dei ikkje prøvd faget sitt i arbeidslivet før. Det var difor ein spent gjeng som møtte opp for å få litt praktisk opplæring før utplasseringsperioden starta opp for alvor.

På skulen
var dei tatt vel i mot av Ivar Roald, prosjektleiar og koordinator i prosjekt Euro Ship. Han gikk gjennom programmet for dei næraste dagane, og informerte om praktiske og nyttige opplysningar studentane måtte vite om, mellom anna korleis dei seinare skulle kome seg til og frå arbeid. Det var under denne delen av seansen enkelte av dei besøkande sette store auge, då det kom fram at dei måtte stille seg opp i rett tid for å nå bussen - hvis ikkje fekk dei vente 5 timar før neste avgang ... Ikkje vanleg kost for dei av studentane som var frå den meir sentrale delen av Udine i Nord-Italia. Men kan hende var det berre godt å få trekkje litt på smilebandet i flommen av informasjon.


Prosjektleiar Ivar Roald
informerte ein lydhør gjeng i det lille auditoriet ved HVS.

Omvisning og praktisk arbeid hand i hand
Deretter vart det ei kort omvisning på skulen, før gutane fikk møte faglærarane sine for dei neste timane (dvs. to arbeidsdagar); - avdelingsleiar Eldar Korsnes, faglærar Trond Gangstø (sveis) og Håkon Sæterøy (maskinering).

- De skal få prøve dykk på montering, sveising og andre oppgåver dykk vil møte ute i bedriftene, fortalde avd.leiar Korsnes studentane. Tryggleik vil stå i fokus ettersom mange ikkje har vore i arbeid i bedrift før, forklarar han. Poenget no er å gjere studentane kjende med ein annan type bedriftskultur enn det dei møter heime.

Maskinverkstaden.


Avd.leiar Korsnes demonstrerte og forklarte,


- og studentane følgde godt med,
medvitne om at i neste omgang var det deira tur til å utføre jobben.



Alessandro Paganin (t.v.) var ein interessert samtalepartner undervegs.

Sveiseverkstaden.
Etter kyndig forklaring av faglærar Gangstø, fekk studentane for fyrste gong prøve seg på sveising.



- Det var artig, du!

Ja, slik kan ein i alle fall tolke det utfrå innleving og ansiktsuttrykk.


Lunsj på personalrommet.

Godt plassert kring "damebordet" på personalrommet,
spiste desse karane fornøgde lunsjen sin. Trauste karbonadesmørbrød
og rekesmørbrød fall godt i smak.


Samtalane gjekk livleg kring alle borda,
og gav ein eksotisk stemning i rommet for dei av dei tilsette
ved HVS som var tilstades no i sommarferien.



Jau, det gjekk nok mest av Cola'n i denne gjengen og,
men pærebrusen frå vår lokale Brænne vart nøye studert og forsvann så, flaske for flaske, etter som stadig fleire turde prøve seg på nye smaker.


Vi fikk eit positivt inntrykk av våre gjester frå Italia, motiverte, interesserte og særs høflege. Fire av dei italienske elevane skal ha praksis på Rolls Royce, tre på Mørenot AS, tre på Aker Yards Brattvåg og tre på Aker Yards Søviknes. Vi håper dei vil trivst, ønskjer dei lukke til i det vidare arbeidet!



Tilbake til:

Prosjekt Euro Ship

Hovudsida