| |
Du er her: Faglege
turar > Ekskursjonar for grunnkurs Helse- og Sosial våren
2006.
Ålesundsturar
for grk HS.
08.-09.06.06. |
|
Utekontakten i Ålesund
08.06.06.
Torsdag 8. juni var elevane ved grk Helse og sosial
på besøk hos Utekontakten
i Ålesund. Morgonfriske og blide møtte dei
og læraren deira, May Sissel Osvik, opp utanfor døra.
- Tre forventningsfulle elevar frå 1HS - |
Der vart dei tatt godt imot av Runar og Frances, som informerte
om arbeidet sitt ved Utekontakten. Elevane stilte spørsmål,
og fikk gode, informative svar. Utekontakten har eit breitt
arbeidsfelt, knytt til rusrelaterte problem blant unge menneskje.
Men dei tilsette fortel at dei og stiller opp for menneskje
i meir vaksen alder, som er i kontakt med Utekontakten.
Mykje av arbeidet deira er av førebyggjande karakter.
I løpet av arbeidsveka er dei til stades på dei
ulike kjøpesentra i Ålesund-regionen og dei arrangerer
fast eigne kveldar for ungdom ute i Skarbøvika. I helgene
er det alltid folk på arbeid - laurdag kveld/natt er dei
på vakt fram til kl.04:00 på morgonkvisten søndag.
I dag er det ein sosionom, ein barnevernspedagog og ein allmennlærar
som innehar dei tre stillingane ved Utekontakten.
Det vart eit interessant møte med arbeidskvardagen til
dei tilsette ved Utekontakten, som elevane i etterkant har gitt
gode tilbakemeldingar på.
Dagen vart avslutte med sosialt samvere med lunsj på ein
utestad i Ålesund.
Ei fin avslutning på ein triveleg dag, meldte faglærar
May-Sissel Osvik.
Amathea
og Patologisk Museum
09.06.06.
Dagen etter bar det i veg igjen. Denne gongen med Amathea
(Rådgivingsteneste for gravide)
og deretter Patologisk Museum på
Åse, som reisemål. Ansvarleg for denne turen var
lærar Ingegjerd Osvik
Elevane fikk god informasjon om det arbeidet som vert gjort
ved Amathea, og kva for støtteordningar og tiltak tenesta
kan by sine kundar.
Etter dette besøket vitja elevane Patologisk Museum på
Åse. Museet er lite, men uttrykket sterkt, kan ein vel
med rette seie. Utstillinga gjorde nok sitt inntrykk på
elevane, for på enkelte område er det forskjell
mellom teori/skisser og praksis.
Mykje å sjå på Patologisk museum
- spanande!
|
Buss var transportmiddel begge dagane, og dermed
fikk jentene ein "sight seeing" i tillegg.
For turen - ein veg - tar faktisk ca. 1 time ... |
Det meste stemte med teorien og bileta i boka, konkluderte
elevane smilande etter besøket. |
Likevel, heilt likt var det ikkje å sjå det, slik
på ekte.
Vi takkar alle som tok så godt i mot oss.
Med vennleg helsing
1HS, Osvik og Osvik
Tilbake til:
- Faglege turar ved HVS
- Hovudsida
|
|