Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Ut av klasserommet > 2IBD på bedriftsbesøk V06

2IBD-ekskursjon til Ålesund.

09.05.06.
2IBD har igjen vore på utflukt.
Denne gongen på bedriftsbesøk til Sparebanken Møre sitt hovudkontor i Ålesund, der temaet for dagen var Internasjonal handel.

Fredag 9. juni besøkte 2IBD-elevane Sparebanken Møre sitt hovudkontor i Ålesund. Internasjonal handel er eit tema som 2IBD-elevane skal ha til neste år (3IBD), så dei avslutta dette skuleåret med å "lukte på" neste års pensum. Dei skal og til England i september, og kunnskap om valuta er greitt å ha med i denne samanhengen.

I England vil dei og samarbeide ein del med Fulford school, som har ein god del om aksjeportefølgje i si opplæring. Vi hadde difor lagt inn eit ønskje om å få meir kjennskap til aksjehandel under besøket vårt til Ålesund.

Bedriftsbesøket
Vi tok turen til Ålesund med buss denne morgonen og blei godt mottekne. Vel framme blei vi viste inn på styrerommet til Sparebanken Møre.

Karl Otto Hessen, leder Internasjonal Betalingsformidling, var vår kontaktperson i Sparebanken Møre, og han hadde satt opp ein agenda for oss ut frå dei ønska vi hadde meldt inn. Han starta programmet med å presentere Sparebanken Møre som valutabank, og vi fekk ei omvisning i avdelinga som arbeidde med internasjonal handel.


Før oppstart.
Karl Otto Hessen deler raust ut bollar og brus.


Styrerommet i Sparebanken Møre, Ålesund
2IBD er klare for å lære om Internasjonal handel.



Kay Hafsås, valutameklar, fortalde kva det gjekk ut på å vere valutameklar, om valutarisiko, og korleis sikre seg mot valutasvingingar.

Iren Gullhav, fagansvarlig remburs/dokumentinkasso, viste eksempel på korleis ein kan sikre betaling frå kundar i utlandet, og utviklinga innanfor dette området.

Martin Skuseth, ass. banksjef, som leder Aktiv Forvaltning, tok seg og tid til oss.
Vi fekk lære om aksjemarknaden og den historiske utviklinga i den norske og den internasjonale aksjemarknaden. Vi fekk i tillegg ei omvisning i avdelinga, der vi kunne følgje utviklinga i aksje og valutamarknaden.

Besøket var interessant og lærerikt. Og vi rettar ein stor takk til Sparebanken Møre og dei tilsette der, som tok seg tid til å gi oss opplæring innanfor sine fagfelt.

Med vennleg helsing 2IBD

Meir om IBD ...

Hovudsida