Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Ut av klasserommet > Aktivitetsdagar - Fjelldag 31.08.06.


Fjelldag i lokalmiljøet vårt!

Endra 13.09.06.

HVS - Gjersetvatnet - Skulstadhornet - HVS


Utsyn frå Tinden.
Vi ser her Gjersetvatnet med Skulstadhornet på andre sida.
Til høgre i bilete ser vi Fjellenden, der vi skal ta av opp mot rasteplassen
og vidare opp til toppen.

(Klikk på bilete for å få vite meir om området)

Så blir det torsdag 14. september at Haram vidaregåande skule inviterer alle elevar og lærarar ut på tur. Vi tar ein runde i nærmiljøet til skulen, med direkte avgang frå HVS.


Veke 37, 2006
Turen går grusvegen langs Synnalandsvatnet, opp til Høgstølen, vidare langs Gjersetvatnet og heilt til endes ... der Ravnestad og Volstad møter oss med nokre utfordringar. Etter denne rasten tar vi av frå vegen, går opp via Fjellenden og til turen sitt høgaste punkt, nemleg Skulstadhornet. Men før vi når toppen, tar vi ein sosial rast, registrerer oss og nyter elles utsynet over Grytafjorden og sørover i Sunnmørsalpane, dersom veret tillater det.

PROGRAM FOR DAGEN:
kl 08:05 Oppmøte på skulen - registrering i basisgrupper v/kontaktlærar.
kl 08:20 Ut på tur ... Registrering ved Skulstadhornet, og ved demninga til slutt.
kl 14:30 Alle er nok no vel tilbake ved skulen. Skulebussane går til normal tid.

Sørg for godt skotøy!
Dvs. fjellsko, gode joggesko eller støvlar (?) - det er VÅTT dei fleste plassane i terrenget.

Ta med matpakke og nok drikke!
Vi har lagt inn felles stopp på ”Fjellenden”. Pass forresten på å ta med all søppel tilbake.

Hugs å registrere deg undervegs og ved heimkomst!

Hovudregistreringa skjer på ”Fjellenden”, men du skal og registrere deg på HVS ved heimkomst!

Ta med sprudlande humør !!!
Uansett motbakkar og ev. småbyger er målet å ha ein kjekk tur – ha ein fin dag!
God tur!


Få referat frå turen i tekst og bilete!

Hovudsida