Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Aktivitetsdagar > Fjelldag 2006


 
HVS - Gjersetvatnet - Skulstadhornet - HVS


14.09.06.
Dette var rundturen vi alle skulle gå. Grusvegen inn langs Synnalandsdalen var koseleg å rusle, og lett å jogge - for dei av oss som danna fortropp. For det var visst nokon!

Framme ved enden, der vegen heller seg nedover mot Gjerset, møtte troppane gymlærar Ravnestad og "grillekspert" Volstad, som stilte med henholdsvis bananar og varme grillar. Elevar og lærarar kom med medbrakt niste og/eller grillmat, og samtlege såg ut til å kose seg i den varme (!) haustsola. Bananane var ein inspirasjonsfaktor for godt humør og ga nyttig energi til turen vidare.

Setrevollane på Gjerset.


Ein rast i det fri med gode venar,
set alle pris på.


Tuer og lune plassar var det til alle,
for vinden glimra med sitt fråvære.



Huldreslepp var det riktignok ikkje, men ...
Det var i alle fall nok av strålande blide tauser å sjå!


Ok - litt huldreslepp ...


Maten smakte,
enten den var medbrakt eller vunne (bananane).


Smil til fotografen!


Hei'san, ein gjeng med blyge TAF-arar.


Ein fredeleg lærargjeng, hadde og funne seg ei tue.


Brattvåg IL var godt representert.


Bananar fikk ein som sagt, ikkje utan innsats!
Hestesko-kasting var ein naturleg aktivitet der oppe på setrevollen.


Går den langt nok?


Ravnestad var kyndig dommar i tevlinga.

Etter ei god pause,
var det tid for å starte på dei verkelege oppoverbakkane.
Håvikhornet neste. Og høyt oppe i lia kunne vi skimte to karar som var utkommandert på post - registreringsvakter.


Tolås og Sæterøy på post.
" Kjem det nokon snart ? "

Joda, ei god tid etter at nokre hypre sprekingar hadde passert,
kom hovudfeltet sigande.


Vegen opp til registreringsplassen var varm å gå denne dagen!


Men opp kom vi.
Godt var det då med flott utsyn, og litt (bittelitt) vind
som kunne svale oss ein tanke, før vi fortsette bortover ryggen mot Brattvåg.

Toppen er nådd!


Først opp, smilte tre glade jenter.

(-: Ikkje heilt sant, men det treng vi ikkje fortelje dei :-)


Utsyn over
Gjersetvatnet og Synnalandsvatnet.


Flokken i siget,
med utsyn ned mot Skulstadhavet og Remmetunnelane.


Deileg å vere i høgda,
og terrenget var lett å gå i når vi først var kome oss opp.


Om vi da ser bort frå at langs denne ryggen gikk det stadig litt opp ...


så ganske så bratt ned ...


før vi måtte kravle oss oppatt igjen,


mot nye toppar.


Og det opptil mange gongar!



Var dette den siste?


Nei, men dette er nok siste, trur vi.


" Bortenfor alle blåner ..."
fikk plutseleg ein klar tyding for mange...


Fantastisk utsyn over Samfjorden, -


og Brattvågen.


Så er runden nesten unnagjort.
Vi er nede ved Synnalandsvatnet igjen, og skuar innover mot Tinden.


Ein frisk avslutning på ein flott fjelltur!


Vi takkar for laget,
og ønskjer alle ein fin dag vidare.


Hovudsida

Andre Aktivitetsdagar ved HVS