Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Elevkvardagen > Årsavslutning 2006/2007


Avslutningfest på skuleåret sin siste dag

20.06.06.


Ein spirande tradisjon er i gong.
Aller siste skuledag arrangerte HVS ein avslutningsfest for avgangselevane våre, der alle elevar og tilsette var innbudne. På menyen sto fleire pastasalatar, serverte med loff og sprudlande drikke til (Kolsyrehaldig med andre ord).
Eigne krefter sto for underhaldninga, og det vart ei stemningsfull og fin avrunding på skuleåret.

Leiarar av arrangementet var avgangselevane Knut Ivar Bjørlykkhaug og Kim Andre Ulvestad. I lett flørt med publikum førte dei an gjennom eit innhaldsrikt og variert program, der skjemt, mimring, lite ris, men mykje ros og takksame ord ,akkompagnert av stemningsfulle toner, runda av enda eit skuleår.

Rektor takka for laget, ønska dei som skulle vidare; - lukke til på ferden, og dei som berre skulle ha seg ein velfortent pause i sommar; - velkomen igjen til hausten.

Nokre bilete frå festen har vi og!
Ikkje alle innslag vart med, men litt av stemninga får du i alle fall inntrykk av.


- Flotte karar frå 3AF -


- Kontaktlærarar og inspektørar sit og til bords med avgangselevane -


- God feststemning i kantina -


Premiering av vinnarane av turneringane dagen før.
Volleyball-laget til 1TAF får tildelt diplom av rektor Taftø.



Fotballgutane i 1AF-A.

(Jentene vart for snare for fotografen, så dei fikk vi ikkje med, diverre)


Fleire musikkinnslag var det og.
Festen starta opp med feiande korpsmusikk og humoristiske soloinnslag,
etterfulgt av tre jenter frå 4TAF som sang fleire låter, ein av dei som
ein hyllest til klassekameratane i 4TAF. Vakkert.


Alice, Silje og Jeanette frå 4TAF.


"Kjempeviseslåtten" av Harald Sæverud
vart kraftfullt og slåande spilt av Jeanette Fjørtoft.


Etter dette kom utdeling av papir til avgangselevane, som på sin side verkeleg hadde lagt sjelen i å gi faglærarane sine treffande godord og flotte gåver.


Jeanette i 3AF overrekkjer signert fotball og blomar
til ein elska gymlærar (og i dei hardaste minutta av kroppsøvingstimane litt hata), nemleg gymlærar Stein Ravnestad.


Elevar frå 1TAF spelte vakre ballader, med Line og Lisa som gitaristar og solistar, rektor takka elevane for følgjet gjennom skuleåret, og til slutt sang alle "Ein solskinnsdag" av full hals før folk gikk ut for å nyte sommaren ...

God sommar til alle saman !


Meir om skuleåret 2005/2006 ...

Hovudsida