Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Aktivitetsdagar > KM i volleyball for vidaregåande skule



HVS gratulerer begge skulelaga i volleyball med flott innsats
under Kretsmeisterskapen i volleyball for vidaregåande skular.


Elevar svevar etter KM

Det vart sølv til gutane frå Haram under Kretsmeisterskapet i volleyball for vidaregåande skular i Ålesund før helga. Jentene kom på 4. plass.
- Neste år tar vi gull, seier Solveig A. Hurlen optimistisk.


Haramsnytt 15.11.06.
Tekst og foto: Arnt-Ove Tenfjord


- HVS-elevar kan sveve etter god prestasjonar i KM for vidaregåande skular -

Framme frå venstre:

Kristina Bjørdal, Malin Ulla Berg, Ingvild Lausund, Karoline Stavik Slyngstad, Cathrine Giske, Solveig A. Hurlen, Marthe Strand Ulvestad, Kristine Aarnes og Jannis Pereria.
(Marianne Otterlei var ikkje til stades når foto vart tatt).
Bak frå venstre:
Vegard Krogsæter, lærar Arvid Jenssen, Åsmund Oksavik. Kim Andrè Krogsæter,
Erlend Bakke Orvik, Marius Leine, Sigurd G. Tenfjord og Gunnar Eidsvik Tvedt. 


Vinnarlaga
Vinnarlaga Atlanten (gutar), Fagerlia (jenter) og Spjelkavik (miks) går vidare til NM for vidaregåande skular i Førde 26.-28. januar neste år.
– Neste år tar vi KM-gull, er omkvedet blant spelarane, som for ein stor del er 1. årsstudentar ved skulen i Synnalandsdalen.

Kjempestas for skulen
Også skulen har merka seg det aukande volleyballmiljøet i kommunen, og deler gleda saman med elevane.
– Kjempestas, det, særleg når vi veit at skulen ikkje driv på med organisert volleyballspel, men berre har gymtimane å trene i, seier rektor Jøstein Taftø.

Arvid Jenssen har støtta opp under med litt ekstra trening i haust. Lektoren i naurfag og kjemi har volleybakgrunn frå heimstaden Nesna og studentbyen Trondheim.

Overraska
Atlanten vidaregåande skule vann ikkje uventa guteklassa under KM i volleyball for vidaregåande skular som vart arrangert i Fagerlihallen sist torsdag. Kristiansund-laget har spelarar på eliteserienivå.

Meir overraskande var det at HVS-gutane tok sølvmedaljane føre sterke skulelag som Volda, Fagerlia, Molde og Borgund. Men så er også stammen i laget dei som tok bronse under NM G 15 for Ravn på Askøy i vår.

Høgt og lavt
Også jentene kan vere nøgd med innsatsen i si pulje. Fagerlia vgs vann, føre Volda vgs og Borgund vgs, med Haram altså så vidt utanfor pallen.

– Korleis opplevde de nivået?
– Nivået var høgt og lavt. Vi var midt i mellom, seier Kristina Bjørdal og Kristine Aarnes.

Haram
I den nyoppretta klassa for miksa lag mellom gutar og jenter, har Haram litt del i gullmedaljen, ettersom Tormod Relling Nielsen frå Vatne spelar på det laget. Olav Bakken også frå Vatne spelar på Ålesund som vart nummer to, og Tor Arild Sandøy frå Eidsvik spelte på Borgund som tok bronsemedaljane.
 
Andre aktivitetar ved HVS

Hovudsida