| |
Du er her: Skule + Næringsliv
> Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2006/2007
- Elevoppsummering
Eit kurs for livet
Spenninga stod i taket då eg stod opp første
laurdagen i vinterferien. Det hadde snødd litt i løpet
av natta, og no venta eg berre på at eg og venninna
mi, Marita, skulle få skyss til Hareid. Det var gått
over hundre dagar sidan vi fekk brev om at vi måtte
holde av vinterferien dette skuleåret for å dra
på kurs.
Kvart år arrangerer nemlig Rolls-Royce, Ulstein Verft
og Aker Yards kurs for 16 ungdommar, åtte frå Ulstein
Vidaregåande og åtte frå Haram Vidaregåande.
Dei samarbeider med ein organisasjon i England, ”The Smallpeice
Trust”, som arbeider med å promotere ingeniøryrket
for unge menneske. Første delen av kurset går føre
seg i Noreg, medan den andre delen er i England to-tre månader
etter, i vinterferien. Hovudkriteria for å vere med på
kurset er at ein tek faga matematikk og fysikk. Ein sender inn
ein søknad og blir deretter vurdert, og forhåpentleg
valdt ut til å vere med.
Etter at vi endeleg hadde møtt igjen
dei nye vennane våra på Vigra, gjekk turen via Flesland
flyplass til Gatwick Airport i London. Der venta ein buss på
oss som skulle få oss alle til byen Leamington Spa og
hotellet Falstaff Hotel, der vi skulle bu. Det var eit rimeleg
fint hotell, med knirking i golv og forvirrande labyrintgangar.
 |
Best Western
Falstaff Hotel
Created in the early 1920s from three 19th century Victorian
Mansions, retaining the grace and character of the Victorian
era.
Just two minutes from Leamington town centre, and Warwick
Castle and Shakespeares Stratford-upon-Avon within easy
travelling distance.
More
information ...
|
Då vi hadde fått kvilt oss litt og fått ei
god natts søvn, drog alle saman til Birmingham for å
shoppe. Der var eit gigantisk kjøpesenter, som virka
som det ikkje hadde nokon ende, og plutselig måtte vi
heim att. Vêret var heller ufint denne dagen, men heile
gjengen var i storhumør heile tida. Vi hadde alle gleda
oss slik til denne turen, og håpte så inderleg at
alle forventningane blei innfridde.
Dagen etterpå
skulle vi byrje på sjølve kurset,
og vi gjekk der stiftinga The Smallpeice Trust held til.
Der møtte vi ei dame som hadde ei lita forelesing
om dei forskjellige hovud-greinene innan ingeniøryrket.
Deretter skulle vi fordjupe oss i ein av dei og presentere
til dei andre på kurset. Alt arbeidet skjedde i
grupper. |
|
Dette var lærerikt og interessant, sidan ein lærer
seg å presentere ting foran ei gruppe som faktisk skal
lære av det du fortel, og sidan alt gjekk føre
seg på Engelsk, fekk alle ei utfordring når det
gjaldt framføringa.
Utflukt til Warwick Castle
Etter denne presentasjonen drog alle elevane med leiarar til
Warwick Castle, eit slott frå Middelalderen som ligg like
utanfor Leamington. Veret var mykje finare den dagen. Slottet
var stort og flott med mange lange gangar og skumle tårn,
og vi blei underhaldt av karakterar frå veldig gamle dagar
som stelte til med halshugging og konsertar.

Warwick Castle
|

Eit stemningsfullt område - |

vakkert |
Etter ein lang dag tok vi bussen heim og åt middag, før
nokre av oss gjekk på kino, og dei andre sat på
hotell og spela poker.
Sjølve kurset
gjekk sjølvsagt ut på å lære
forskjellige ting om lagarbeid og ingeniøryrket og
andre praktiske ting som ein får bruk for i dagleg-
og arbeidslivet. Tysdagen skulle vi derfor lære om ”Project
Management” som er ei ordning for å sette opp
korleis eit prosjekt burde gjennomførast, til minste
detalj.
Eg syns personlig det var litt vanskeleg å fylgje med
i svingane til tider, men forsto etter kvart at dette var
ei flott innretning som sannsynlegvis er veldig effektiv om
ein lærer seg å bruke den.
Etter dagens besøk hos Smallpeice bar det heim til
middag før vi drog til Stratford-Upon-Avon, på
det Kongelige Shakespeareteateret der vi såg ”The
Crucible.” Stykket handlar om heksejakta i Salem i 1692.
Det varte litt lenge for nokon, men det var alt i alt spanandes
og dramatisk.
Ingeniørar er vitale medhjelparar i
alt som skjer rundt oss, og dei jobbar ofte i team. Onsdag
skulle vi danne grupper og designe eit reiskap som skulle
bli brukt i den tredje verden for å påvise giftig
ris. Vi fekk velje mellom forskjellig materiell som kosta
pengar. Etter at alle gruppene hadde jobba jamt og trutt med
sine forskjellige strukturar, var det på tide å
teste dei ut. Dei aller fleste ”funka” veldig
bra, og Thomas Elton, vår engelske ”lærar”,
hadde store vanskar med å bestemme kva for ein som var
vinnar. Vi gjekk derifrå med mykje ny kunnskap denne
dagen.
Seinare drog vi til ein bowlinghall, der nokon blei litt meir
speleavhengige enn andre. Det var ein skikkelig artig kveld.
Torsdag var det tid for enda eit ”design and make”-prosjekt.
Denne gongen skulle vi lage ein båt som skulle frakte
200 gram over eit bord ved hjelp av ei vifte. Denne gongen
måtte vi halde oss innom eit budsjett på 500 pund.
Om kvelden hadde vi fri og kunne gjere det vi ville. Nokon
drog på kino, og andre drog på konsert. Alle i
gjengen hadde det supert i lag, og det var aldri noko problem
å få med seg alle på det ein gjorde.
Det kom som eit sjokk på alle då
vi plutseleg innsåg at vi var komne til den siste dagen.
Eg sat sjølv med klump i halsen når eg tenkte
på at vi snart måtte heim att. Vi starta dagen
med å dra til Land Rover-fabrikken. Der blei vi delte
opp i grupper og frakta rundt på fabrikken med forskjellige
guidar. Vi oppdaga raskt at fabrikken var eit lite samfunn
i seg sjølv, men barnehage, sjukehus og daglegvarebutikk.
Eg trur dei fleste hadde det supert der vi blei kjørt
rundt av galne, pensjonerte menn i kvar sin Land Rover, og
fekk sjå korleis bilane blir sett saman av robotar.
Etterpå drog vi tilbake til Smallpeice, der vi testa
ut gårsdagens båtar. Nokon var betre enn andre,
båten til gruppa mi var suverent dårlegast, men
vi alle hadde det superkjekt når vi laga dei. Vi hadde
vår siste middag saman, og etterpå var vi alle
saman på hotellet og hadde det kjekt, før vi
tok ein liten tur ut. Alle måtte opp tidleg dagen etterpå,
så kvelden blei ikkje sein for oss.
Det var ein vemodig frukost dagen etter.
Alle var trøtte og slitne etter ei lang veke, men ingen
ville eigentleg heim igjen. Leiarane var heilt supre, og alt
vi hadde gjort har satt sterke minner i meg, og sannsynlegvis
i mange av dei andre kursdeltakarane. Turen heim var, som
alle andre dagar, kjempegøyal. Dei nye vennane mine
er fantastisk kjekke og morosame, og eg veit eg kjem til å
sakne dei.
Eg har fått deltatt på eit kurs som har
og vil forandre meg, sjølv om det berre varte
i ti dagar. Eg vil råde alle som tek fysikk og matte
på VK1 til å søke på dette kurset.
Det er ufatteleg lærerikt og eit minne for livet. Eg
vil ikkje angre eit sekund på at eg valde å bruke
ferien min til dette, og det vil neppe nokon av dei andre
som
var med heller.
Line Cathrin
Tilbake til:
Motivasjonskurs
for ingeniørutdanning
Hovudsida |
|