| |
Du er her: Skule + Næringsliv
> Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2006/2007.
Motivasjonskurs for ingeniørutdanning
06/07 Intense dagar for motiverte
realistar
14. - 17.11.06
Tekst og bilete ved Mariell, 2TAF.
Tidleg opp, og eit visst spenningsnivå i kroppen. Det
var startstatus denne dagen.
Vi frå HVS kom oss fram til Ulsteinvik via buss, hurtigbåt
frå Ålesund til Hareid og ny buss over til Ulsteinvik.
Vi vart godt mottekne, fikk helse på arrangørane,
våre nye samarbeidspartnarar og kursleiaren Thomas Elton.
Tysdag 14.november
Første del av dagen var via til Rolls-Royce, først
informasjon om konsernet ved Ingebjørg Rønning,
så ei omvisning på Rolls-Royce Marine AS.
Etter lunsj starta Thomas Elton frå stiftinga “The
Smallpeice Trust” opp.
Tema var team-bygging, og Thomas gikk grundig til verks. Vi
fikk innblikk i viktige roller, prosessar og samspelsdynamikk,
og ikkje minst, vi fikk prøve oss i praktiske oppgåver.
Og vi vart vurdert! Det viste seg at det skulle bli mange slike
oppgåver desse dagane, og etter kvart skal vi love vi
vart medvitne om vi klarte å halde ein stigande kurve
i våre prestasjonar …
Onsdag 15. november
Fire jenter som deler eitt bad kan bli hektisk, men dette takla
dei fint. Alle hadde sove godt, sjølv om vi kvelden før
hadde vore litt nervøs for å dele seng med ein
framand. Men, som sagt, dette gjekk over all forventning. Vi
åt ein herleg frukost på hotellet og blei henta
med taxi.
Vel framme på aktivitets-huset i Ulsteinvik, fekk vi ei
konstruksjonsoppgåve som vi skulle løyse med avgrensa
ressursar, bestemt til ei viss mengd med ark, teip, binders
og sugerør. Dette blei både spanande og artig.
Konstruksjonen skulle vere ein båt som tolte mest mogleg
med småstein. Dette testa vi ut i ein balje. Alle båtane
sank dessverre til slutt, men det var ein hard konkurranse.
Vi hadde prosjektarbeid
som kravde full konsentrasjon.
Her er det Are og Steffen som er i gong med å
byggje båt.
|
No skulle båtane testast; - Are in action.
|
Spente tilskodarar; - Oda, Lisa og Lene.
|
Dette var konkurranse, så her var det fokus.
Berre sjå på Eivind og Andreas!
|
Spente konkurrentar; - Oda, Ragnhild, Kristine og
Lisa.
|
Etter at alt var rydda opp bar turen til Ulstein verft. Her
fekk vi høyre på korleis ingeniørane der
jobba. Og vi fekk høyre bla om denne kjente x-bowen.
Her fekk vi og lunsj, pizza og brus.
Så gjekk turen vidare for å sjå korleis dei
jobba nede på ”golvet” og korleis verftet
såg ut.
Seinare fekk vi ete middag på ein Kina-restaurant.
Så var det so å seie kveld og vi reiste opp på
hotellet igjen. Her gjekk tida med til kortspel og TV-sjåing.
Torsdag 16. november
I dag pakka vi tinga våre og så dro vi ut på
den lange ferda til Ålesund, men med hjelp av maxi-taxi
denne gongen. Når vi køyrde frå Ulsteinvik
var ulsteinvikarane veldig aktiv med å vise fram kvar
alt låg og kor alle budde. Kjekt!
Ikkje så lenge etter at motoren starta, starta også
songkoret i baksetet …
Når vi var vel framme på Høgskulen i Ålesund,
fekk vi først ei forelesing der vi fekk høyre
litt om kva som var lurt å tenke på når ein
utvikla eit produkt. Etterpå fekk vi sjå simulatoren
deira, men dessverre ikkje prøve den ut noko særleg
fordi det var undervisning i ho. Litt trist, for det hadde vi
sett fram til.
Vegen gikk vidare til HVS’n. Her fekk vi servert snytandes
gode baguettar (landgangar) som ho kantine-Gunn hadde ”mekka”
saman. Og etter at vi var gode og mett, så kjem ho faktisk
å overraska oss med svele og kaffi !!!
Dette var noko anna enn kantinematen på Ulstein, jah!
Etter at alle hadde "rulla seg" ut i frå kantina,
bar det vidare til eit klasserom. For også i dag skulle
vi få ei praktisk oppgåve – høgast
mogleg tårnkonstruksjon, dvs. i alle fall ein meter, som
samstundes skulle kunne bere eit 2-kg-lodd i toppen utan å
velte eller knekke saman!
Denne gongen fekk vi berre bruke A3-ark, teip, skruar og boltar.
Det kosta så og så mykje for eit ark, for boltar,
osb., så vi måtte og ta omsyn til økonomien
- vi måtte prøve å halde eit så lavt
budsjett som mogleg!
Plutseleg var det lite kommunikasjon mellom gruppene, og konsentrasjonen
om mogleg større enn nokon sinne.
Dette var ei hard nøtt.
Oda, Ragnhild, Åsmund og Lene.
|
Med hjelp av A3 ark, teip, boltar og skruar
skulle vi lage ei 1m høg bygning. Som skulle
tole 2 kg.
Kristine, Erlend og Lisa er her i full gong med arbeidet.
|
Denne gruppa viste korleis dei skulle gjere det.
Men det var jo tross alt ei TAF’ar gruppe da.
Mats, Steffen og Are.
|
Stolt vinnar.
Gruppa er representert ved Mats.
|
No skulle vi sette saman alle konstruksjonane. Åsmund
og Mariell.
|
Dette var ein artig ide, og alle var gira.
Vi måtte ut i trapperommet for å finne høg
nok takhøgde!
|
Lærarane på HVS vart og litt nysgjerrige
på kva vi haldt på med.
Are, Mats, Eivind, Erlend og avdelingsleiar Hilde Aasgaarden.
|
|
Det var
litt fikling - og mykje nerver.
Ikkje minst det å få reist tårnet,
kravde godt samarbeid. Vi klarte det, og utruleg nok
så stod det også fint.
Men haldt det 2 kg?
Det gjorde faktisk det!
Loddet måtte vi fjerne, men sjølve konstruksjonen
vår, "Det skjeve tårn i trappa",
fikk stå. Det sto faktisk på plassen sin
når vi troppa opp på skulen veka etter,
og veka etter der ...
Og mange var observerte mens dei studerte oppbygginga.
Rosande ord fall det og frå dei forbipasserande.
|
.jpg)
Ein stolt Are. |
Dagen vart avslutta på Finnøy Sjøhus, der
vi haldt hus siste natta.
To tauser frå Ulsteinvik |
Fredag 16. november
Ny dag, nye oppgåver!
To bedriftsbesøk sto på programmet denne føremiddagen.
Vi skulle få møte tilsette ved Aker Yards og Rolls-Royce
Marine dept. Deck Machinery, begge lokalisert i Brattvåg.
Interessant!
Etter lunsj rusla vi opp til HVS igjen, og avslutta kurset med
dei siste utfordringane Thomas hadde gjort klart for oss.
Så var kurset over, ein intens periode var tilbakelagt.
Vi var godt nøgde, men slitne, det må vi innrømme.
No skulle det gjere godt med ei roleg helg.
Flotte dagar i England!
Andre del av kurset er og tilbakelagt.
Her kjem bilete og korte kommentarar frå ein sprudlande
gjeng som takkar for at dei fikk høve til å
vere med på Motivasjonskurset.
Les meir
...
To av elevane frå Ulstein vgs har skrive dagbok
frå opphaldet i Leamington Spa, der organisasjonen
"The Smallpeice Trust" held til.
Les
litt frå dagboka deira!
|
Oda
og Kristine
si dagbok
|
Meir om: Motivasjonskurs
for ingeniørutdanning Hovudsida
|
|