Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Skule + Næringsliv
> Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2006/2007.
Motivasjonskurs for ingeniørutdanning
06/07
Ei flott veke i England
Veke 8, 2007
Bilete ved Mariell, 2TAF, og lektor Terje Pettersen.
Som andre før oss har fortald, opplever ein mykje
i løpet av kursveka i England. Berre byen Stratford i
seg sjølv gir ein den gode kjensla av å vere ute
i verda - få oppleve noko annleis. Og så kjem opplegget
knytt til kurset, og ber oss gjennom ei spennande veke på
mange plan.
I år varte kurset frå måndag til fredag i
vinterferieveka, med reisedagar søndagen før og
laurdagen etter. Programmet var tett frå frukosten slutta
kl 09:00 til seine kvelden kvar dag. I tillegg tilopplæringa
knytt til Smallpeice Trust og ulike bedriftsbesøk, fikk
vi vere med på ulike sosiale aktivitetar som utflukt til
Warwick Castle, kulturell aften med Shakespear og sjølvsagt,
ein skikkeleg engelsk fotballkamp.
Utflukt
til Warwick Castle
-
avkopling og historie hand i hand
Eit frodig, stemningsfullt museum, som har vore
ein
naturleg del av programmet i alle år. Det er bra,
for her treivst vi!
|
Berre for gutar?
|
Opp gikk vi, gutar og jenter ...
|
- og vel oppe var det høgt ned!
|
Ein fantastisk utsikt over borggården.
|
Spanande tur ned trange tårn -
|
- med kjekke "karar"
på lur i svingane,
|
og enda tøffare "karar" i tevling
kring andre hjørne.
Jo, dette fall godt i smak.
|
"Robin Hood"-stemning !
|
Alle element er på plass ...
|
Og så prinsessa - men kor er ... ?
|
Utfordringar
Men, som sagt, mesteparten av tida nytta vi i djup konsentrasjon
over dei mange spennande oppgåvene vi fikk i løpet
av dagane. Kurset bygde vidare på det vi lærte oss
i løpet av dei fyrste dagane i Noreg (Ulsteinvik/Brattvåg),
og utfordringane sto i kø. Slitsamt, litt nervepirrande,
men særs lærerikt!
OK - nokon slappa av i løpet av formiddagsøktene
...
(Dette er våre positive og
alltid imøtekommande reiseleiarar, medbrakt frå
Noreg).
|
Slik hadde vi det!
|
Litt nervøse undervegs - gjer vi det bra
nok?
|
Litt frustrerte undervegs - kan dette halde mål?!
|
Vi lot tanker, og papir, flagre ...
|
- og kom etterkvart fram til våre eigne løysingar
på problemstillingane.
|
Mykje moro vart det, i alle fall!
|
Kreative produkt, og målretta reklame ...
|
| |

|
- stolte produsentar frå Ulstein vgs :-)
|
og enda stoltare produsentar frå Haram vgs
:-)
|
Fotballkamp på engelsk jord
er stort, anten ein er fotballinteressert eller ikkje.
Dei fleste av oss var i tillegg veldig fotballinteresserte,
så dette var ein kveld vi sette stor pris på.
Så klart!
Vi fikk tid til shopping også - med fare for å bli
"bura inne" ... Nei, ikkje i England, og ikkje i dei
sjarmerande telefonkioskene, men når vi kom heim igjen!
Når våre kjære foreldre oppdaga svinnet på
kontoen vår/deira ...
Gjorde ingen ting; - for vi hadde det heilt TOPP, gjennom heile
veka.
Så har du sjansen, kjære medelev, grip den, søk
og kryss fingra for at du blir blant dei neste heldige!
Helsing 06/07-kullet.
Meir om:
Første del av dette
kurset 2006/2007
Motivasjonskurs
for ingeniørutdanning
Hovudsida
|
|
|