Du er her: Elevkvardagen
> Nissefest i regi 1HS, jula 2006
NISSEFEST I BRATTVÅG
30.11.06.
Kvart år arrangerer VG1 Helse & sosial nissefest
for nokre av barnehageungane i Brattvåg. Torsdag 30.
november gjekk den store festen av stabelen og det var stor
"ståhei" i løa på Synnaland.
Tekst: Elise Fugledal og Karoline Slyngstad
Bilete: Ingegjerd Osvik
Førebuingane var store
Denne festen hadde vore planlagd i lang tid, og førebuingane
var store.
Alt skulle planleggjast til punkt og prikke, og fleire skuletimar
vart brukt til å finne ut kva som skulle hende, korleis
alt skulle gjennomførast og kven som skulle ha ansvaret
for dei ulike tinga. Elevane i 1HS kjende at julestemninga
kom sigande då dei skulle ta til å øve
på julesongane.
Besøk frå Nordøyane
Onsdag 29.11 og torsdag 30.11 var 9. klassingar frå
Longva/Haramsøy og Lepsøy på besøk
ved Haram VGS for å få eit lite innblikk i korleis
det er å vere elev på helse og sosialfag (programfag
til val).
Elevane ved 1HS hadde framføring om yrka som ein kan
bli etter vidaregåande helse og sosialfag, og det blei
også informert om innhaldet i kvart fag på denne
linja. 9.klassingane tok også del i planleggjinga av
nissefesten som dei skulle få vere med på dagen
etter.
Nokre av 9. klasse-jentene klare
til å vere med på Nissefesten |
Nissefesten
Torsdag 30.november var dagen endeleg komen. 1HS og 9.klassingane
hadde kledd seg ut som uskuldige, små nisseungar, og
møtte borna med sang og ekte nisseglede.
Det vart servert graut, medan nokre elevar las juleforteljingar
for borna. Etter kvart som tida gjekk var det tid for å
gå rundt juletreet. Det blei sunge mange, velkjende
julesongar, og no kom verkeleg julestemninga for fullt. Auga
til borna glitra som julestjerner då dei fekk utdelt
kvar sin mandarin. Dette var heilt klart noko som fall i smak
hos dei fleste.
Her skal du få sjå kva som skjedde!
Når var, som sagt, alt gjort i stand, det var stor
spenning i løa. - Finn desse barnehageungane fram når
julesnøen manglar?, lurte nisseungane til Nissemor.
Ikkje var dei heilt sikre på korleis slike barnehageborn
eigentleg var heller. Det var nesten litt skummelt ...

Derfor sto Nissemor åleine i løedøra
og kika etter gjestane. |

Men rundt om i krikar og krokar
sto nisseungar og venta ... |

Nokre venta med eit stort glis ... |

medan enkelte andre helst ville
gjøyme seg vekk. |

- Nei, sjå der! Er dei så små !?! |

Likevel var ryggen til nissemor
god å ha for lettskremde nisseungar.
|
-
Menneskeborn kan nemleg verke skremmande for nissar,
forklarte nissemor gjestane, i alle fall fyrste gongen
i vinteråret.

Men dei kom no fram, alle nisseungane, etter kvart.
|

Desse to og ...
|

- enda løa vart stappande full |

av småfolk i lysande vestar.
|

God graut fekk dei, av sjølvaste Nissemor.
Den var så god, den, at det nesten ikkje vart
nok !
|

Djup konsentrasjon over grautfatet.
|

Nokre av borna åt grauten sin i lag med nisseungen
Merethe.
|

Nisse-Sara las juleforteljing for dei små medan
dei åt.
|

Noko som var så koseleg at alle stimla saman
for å høyre betre,
|
Nokon trygt på vedstabelen,
|

nokon trygt på fanget til
ei triveleg nissemor.
|

Song gjorde vi og !
|

Nisse-Malin fekk med seg nissefolk i songen.
|

Riktig koseleg var det i vedstabelen i løa.
|
Men alt har sin ende, |

og ein nissefest
i overgongen til desember. |
Då mandarinane var oppetne og julehistoriene fortalde,
var det tid for å rusle seg heimatt. Nissefesten var
no over for denne gong, og borna tok gladeleg imot dei heimebaka
julemannane som nissemor delte ut.
Dette hadde vore ei særs morosam oppleving både
for store og små.
God Jul !
Med helsing alle nisseungane i 1HS. |
Hovudsida
Andre nissefestar ved HVS
- kik innom her,da vel!