Juleevangeliet vart gjennomført for første gong
på særs lenge. Risengrynsgraut og heimelaga småkaker
fikk vi servert, mens nissen og ein gjeng med rotter svinsa
rundt. Elevane i 2AF hadde lagt seg i selen og bød
på god julestemning, vakker musikk og humørfylte
innslag.

Med ein vakkert framført "Glade jul"
vart alle ønska velkomen.
|
" Og
det skjedde i dei dagar ..."

Medan juleevangeliet vart lest opp på klingande
nynorsk,
entra jomfru Maria, Josef og eselet deira scena, og
levandegjorde
den velkjende forteljinga på ein fornøyeleg
måte.
|

Eit born vart fødd ...
|

- til stor glede for dei stolte foreldra.
Sjølv om namnevalet ikkje var heilt enkelt
...
|

Englehæren song vakkert og mildt til den lille.
|

Dei tre vise menn gav gåvene sine,
|

- og publikum koste seg under forteljinga.
|

Programleiarane for dagen, Lise og Randi, sjarmerte
publikum
medan dei presenterte det eine innslaget etter det
andre.
|

Vakre ballader vart framført av dyktige aktørar.
|
Så
slapp publikum laus med " På låven
sitter nissen" ...

- og medan alle song av full hals kom nissen sjølv
traskande inn,
for å kose seg med sin julegraut.
|

Det skulle vise seg å ikkje vere det enklaste
han har prøvd på!
Rottene var både store, mange og svært
så ivrige ...
|

Når latteren hadde lagt seg, grauten spist,
og marsipangrisane levert ut til dei heldige "mandel-finnarane",
var det tid for å heidre vinnarane av frisbee-turneringa
dagen før.
Håkon Sæterøy overleverte diplomar
til elevane i 2AF-B under applaus.
|

2TAF stilte og opp med eige, flott samansett, band.
Lektor Vågnes, Erlend (trommer), Sverre (trompet),
Magnus og Mads Erik (bass-gitarar) og Lisa (solist)
framførte fleire nummer,
|

der Prøysen si vise, " Ein skulle vøri
fire år i romjul...", framført
av Lisa,
gikk rett i hjarte på alle oss i salen.
|

Trompetsoloen likeins!
Vakkert.
|

Rektor Taftø gav rosande ord,
og ønska alle ein hjarteleg god jul. |

Elevrådsleiar Mona tok og ordet,
og ønska alle eit godt,
men aktivt nytt år.
|

Siste innslag - Malin og Kari avslutta samlinga i
kantina
med kraftfullt og vakkert framført song.
|