Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > Laboratoiedag ved Høskulen i Ålesund 2007


2BI-ekskursjon til Høgskulen i Ålesund.

28.02.07.

Laboratorieveka er eit positivt innslag i elev-kvardagen. Her formidlar 2BI-elevane korleis dei opplevde studiedagen sin ved høgskulen.

Det er langt med buss frå Haram ...
Vi tok bussen frå Haram og heilt ut til Høgskulen i Ålesund. Der møtte vi vår kjære biologilærer, Hanne Ski, som satt å venta på oss i kantina med ein kaffekopp i handa. Vi møtte og Robert Wolf rett utanfor kantina. Han viste oss inn til eit auditorium der ei dame freista å fortelje oss om bioingeniør-utdanninga ved høgskulen.

Det første som møtte oss når vi kom inn døra var den karakteristiske logogen til Molde fotballklubb, som var teikna på ei tavle. Vi innsåg at det var andre folk på ekskursjon, som hadde reist mykje lengre enn oss. Vi blei i førstninga redd, men det viste seg at den frykta var unødvendig, for dei hadde alt forlete auditoriet innan vi hadde kome oss på plass.

Foredrag, praktiske øvingar og simulering ...
Etter det fantastiske foredraget (!), blei vi henvist til eit laboratorium. Der utførte vi eit forsøk med blodstryk. For å hjelpe oss med forsøket, var der to studentar frå Stavanger som hjalp oss. Dei kunne virkelig det dei skulle gjere!

Etter å ha slite hardt med blodstryk, blei vi sendt på den viktigaste posten på programmet; - nemleg bilsimulatoren. (Ikkje så veldig bio, men artig!)
Der fekk kvar av oss på oss 3D-briller, og dei som ville prøve å køyre, fekk køyre. Internt får vi vel seie at Ingrid var dårlegast, medan Ole Kristian, sant nok, gjekk av med sigeren.

Informasjon om utdanningsvegar
Robert Wolf tok oss med inn på eit typisk klasserom, og fortalte oss om ulike utdanningar innan bioteknologi. Det var mogleg å stille spørsmål, noko som Sveinung utnytte til det ytste. Dermed fekk vi kun eit kvarter lunsj, og ikkje tre kvarter, som vi i grunn skulle ha ...

Lunsj
Mona og Isabel var dei einaste som hadde med seg gode matpakkar heimafrå, medan resten kjøpte seg mat i kantina. Nokon kjøpte seg rundstykker, andre baguettar. Enkelte særtilfelle kjøpte seg varm mat, det er diskutabelt om dette var eit godt sjakktrekk eller ikkje, sidan maten tok lang tid å lage. Hamburgerane kom omsider, men da var lunsjen over, så ingen av dei snakka, alle konsentrerte seg om å sluke maten.

Nye praktiske øvingar etter lunsj
Neste post på programmet var å sjekke cellelaget i munnhola. Noko som passa bra for alle hamburger-eterane ... Vi fekk for første gong sjå ein svensk ørepinne.

Vi testa også blodtyper. Rhesus pluss og minus. Testa også oss sjølv, dei som var modige nok vel å merke. Frå det svake kjønn var det kun Sveinung og Ole Kristian som turde å teste seg, medan alle jentene gjorde det. Merk dykk det, kjære lesarar!

- og bakterier
Den siste posten denne dagen var sjølve prikken over i'en for oss. Nemleg bakterier. Her skulle vi sjå på bakterier som i utgangspunktet ikkje var så farleg, men på rett plass kunne bli dødleg. Vi lærte oss korleis vi skulle lukte på bakteriane og handtere dei elles. Etter spørsmål frå elevane, konstanterte studentane raskt at dei ikkje hadde løyve til å gjere bakteriane farlege. Etter lab'en vaska vi oss godt - enkelte kanskje bedre enn andre. Enkelte kanskje for mykje ...

Retur til Brattvåg
Vi tok på oss jakker, huer ("luer" for dei som ikkje forsto den) og skjerf og gjekk ned mot bussen. Vi sto lenge å venta på at bussen skulle komme, og i det fjerne såg vi en kvit buss. Men heldigvis gjekk vi ikkje på, for det var feil buss. Den gjekk nemleg til Skodje, og ikkje lenger. Det hadde vore ei stor tabbe. Det er greit at det er "løye på skøye", men det må nå vere grense.

Endelig kom bussen som sto Brattvåg på. Vi betalte og satte oss på bussen. Enkelte fekk studentrabatt, andre betalte full pris. Nokre kasta vekk kvitteringane, andre tok vare på dei, for å få tilbake pengane frå skulen.

Vi kom omsiders fram. Sveinung og Oda gjekk av på Vatne, Isabell gjekk av på Slyngstad, resten gjekk av i Brattvågen - utanom Mona og Ingrid. Dei hadde betalt til Brattvåg, men fekk site på gratis til Skjelten. Der sto søstra til Mona å venta på dei, for å bringe dei vel heim. Ja, nokon har det ...

Takk til HiAls for flott opplegg!


Hovudsida