Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Faglege turar >
Tverrfagleg ekskursjon til Haramsøy for 1ST
1ST på tverrfagleg ekskursjon til Haramsøy
Måla for turen var mange - overleve 2 døgn
i telt var eit av dei ...
Elles var elevane budd på å trø øyene
på langs og på tvers, i tillegg til djupdykk i strandsona.
08.-10.05.07.
Ekskursjonen er resultat av
eit tverrfagleg samarbeid mellom naturfag og kroppsøving.
Eit samarbeid som har resultert i eit spenstig opplegg
med mykje aktivitet, fagleg så vel som kroppsleg
og sosialt.
Elevane syklar frå skulen i Brattvåg og ut
til Skjelten, tar ferje til Austnes på Haramsøy,
og slår leir i fjøra der. I løpet
av denne dagen syklar dei og over fjellet på Haramsøya,
medan dei andre dagen tar turen ut til nordsida av Flem
for å studere ulike strandtyper i fjæresona. |
Kartutsnitt over øyene
i Haram kommune |
Innhaldet i programmet vekslar frå år til år,
det same gjer veret, så spenningsnivået held seg
oppe, både blant elevar og lærarar.
Veret - ein upåliteleg samarbeidspartnar
Som sagt, veret er ein spennande, men upåliteleg faktor
i ekskursjonssamanheng. I år var det inga unnatak. Etter
ein lang finversperiode, slo temperaturen om, himmel-slusene
opna seg - det var tid for ekskursjon for vg1-elevane frå
HVS.
Dette medførte små programjusteringar for å
lette trykket på etterkvart rimelg våte elevar,
men innsatsen deira var like upåklageleg som veret var
upåliteleg. Militærtelta vart reist, omnane tende
på og bagasjen kom på plass.
Ungdom - pålitelege humørspreiarar
Leirplassen syda av smil og latter etter kvart som både
den eine og den andre kom i turstemning.
Ny tur - det var berre å hive seg på syklane
igjen.
Kroppsøvinglærar Ravnestad og naturfaglærar
Jenssen tok heile flokken med seg over fjellet. Målet
var Ulla fyr, i andre enden av øya.
Undervegs fortalde fastbuande og kjendmann (og elevane sin matematikklærar)
Torleiv Austnes, om øya og litt om problematikken kring
forslaget om å gjere fjellet om til vindmøllepark
og/eller etablere ein vindmøllepark ute i havgapet utanfor
...
Ute på Ulla fyr overtok eksfyrmeistar Robert Pareliussen
ordet, og fortalde humørfylt frå livet som fyrmeistar.
Han var ein av Noreg sin siste fyrmeistarar, stasjonert ved
Svinøy fyr, fram til fyret vart automatisert i 2005.
Les
meir om Svinøy fyr si 100-årige historie ...

Lydhør ungdom på Ulla fyr.
|
Friskt å vere ute i havgapet ...
|
På heimvegen tilbake til Austnes, begynte lårmuskulaturen
å murre (kva bakenden hadde prøvd å uttrykke
undervegs, kom også betre fram etter kvart), men vel heim
til leiren kom alle. Nokon hadde til og med overskot til å
ta ein ekstra snopetur til butikken!
Utover kvelden var det sosialt samvære, leikar og grilling
som sysselsette dei fleste, og det til langt utpå kvelden.
Artsstudium i fjæresona - dag 2
Dag 2 var via til naturfag. "Friske" og raske heiv
elevar seg igjen på syklane og trødde nordover
mot Flem. Lokaliteten dei skulle til ligg på nordsida
av Flemsøya, og byr på variert natur med fleire
strandtyper representert. Naturfaglærarane, Hanne Ski
og Arvid Jenssen, hadde utstyret klart og sendte elevane gruppevis
ned i fjæresteinane. Oppdraget utanom sjølve økologioppgåva,
var å finne flest mogleg artar, namngitt og faktisk dokumentert
via mobiltelefonbilete.
Kanskje ikkje like lett å la seg imponerte av mangfaldet
når alle sluser i himmelkvelven er opne, men kretativ
ungdom og hjelpsame lærarar veit råd ...
Smil :-)) |
og ynde ;-) |
Siste kveld på øya,
etter ein fagtung dag med økologi, gjekk tida med
til diverse konkurransar som hesteskokasting, sandslåttbygging
m.m.
- Ein flott gjeng å ha med seg, meldte dei tre lærarane
som var med.
|
|
Hytteliv i staden for teltliv
Veret sette ein stoppar for teltlivet, diverre. Kasserte militartelt
frå HV-11, i flittig gjenbruk på HVS, klarte ikkje
å halde væten ute. Hyttene måtte nyttast til
meir enn berre dusj- og toalettbesøk. Men det var ingen
lei seg for - og hyttekos er noko ungdommen veit å setje
pris på.
Matpause på rommet!
|
Overraskingar -
|
og lureri var det rom for.
|
Sosialt samvær i stua - det er ikkje vårt
alt saman !
|
Til ære for innpåslitne -
|
fotografar !?!
|
Kortspel høyrer så klart med ...
|
|
Eh, ja - mobiltelefonen
var ikkje berre nytta til fagleg dokumentasjon...
|
Heim, kjære heim
Neste dag var det berre å pakke saman, og håpe at
beina fungerte fram til fergekaia. I bagasjen låg dei
nesten ferdige rapportane og minnet på dei fleste mobilane
var stappande fulle av artsbilete, klare til utskriving på
heime-PC-en.
Andre ekskursjonar i regi
HVS ...
Hovudsida
|
|
|