Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Kva skjer > Russefrukost 2007

Russefrukost på HVS

15.05.07.

Russen 2007 har krydra kvardagen vår med raude innslag og små, og litt større, sprell gjennom mai-månad. Tysdag 15. mai var dei heller rolege i korridorane ...

Etter ei lang, og nokså kald, natt i telt (les russebilar) utanfor skulen, var det rett på ein knallhard gymtime! Tøft å vere russ ...

Men enda kjekkare vart det da å kome til dekka bord i kantina til Gunn etterpå!
Og ho heldt det ho hadde lova - ein skikkeleg frukost sto klar. Det var berre å forsyne seg.


Ein noko stille, men særs kjekk gjeng frå 3AF

Heimebaka rundstykker, godt pålegg og mjølk er framleis noko god ungdom set pris på. Gutane frå 3AF benka seg fyrst kring bordet, men etterkvart seig fleire raudkledde av begge kjønn inn i kantina. Og rundt dei sprudla Gunn, morgonfrisk og serviceinnstilt som vanleg.


Kjend og ukjend russejente ...

Så var det å ta til med fagleg fordjuping igjen, i dei faga resten av timeplanen for dagen hadde å by på.

Neste russefrukost ligg nært i tid, har vi høyrd rykte om. Så vi ønskjer alle ein triveleg 17.mai-frukost og elles ei fin feiring av nasjonaldagen.


Hovudsida