Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Faglege turar >
3IBD til Madrid
Frå forretningsturen
gjennomført av IBD Consulting UB til Madrid juni 2007.
Tre spesielle skuledagar
Dato: 05.-07.06.07.
Foto: J.M.Helland
Tysdag 5. juni 2007
Klokka 08:45 møter 3IBD (International Business Developement)
på 12 elevar og læraren deira opp ved Haram vidaregåande
skule, klare for avreise til Spania og Madrid.
12 glade 3IBD-elevar før avreise.
Bak kamera står læraren deira, Jan Magne
Helland.
|
Turen vidare til Vigra, Gardermoen og tilslutt Madrid, går
som planlagt. På Gardermoen gjer vi våre siste førebuingar
mens vi venter på neste flyavgang.
Skal ein på bedriftsbesøk
i utlandet, må gåvene vere i orden, og vi
legg siste hand på verket.
Då flyet letta frå Gardermoen er det roleg
summing mellom passasjerane, men etter kvart som vi nærmar
oss Madrid, aukar volumet av spansktalande som fyller
rommet. Det går opp for oss at vi snart er i Spania.
Vi ventar på bagasjen, venter og venter. Rundt oss
pressar utålmodige medpassasjerar på. Innimellom
jaller eit varskurop, ein ivrig spanjol bryt seg fram
og reddar kofferten sin før den følgjer
bandet og går ut luka til 3. runde. |
Gåveklargjering på Gardermoen
|
Bagasjen vår kjem heilt til slutt, ingenting manglar.
Vi er dei siste som forlet ankomsthallen. Rushet er over, og
vi kan roleg spasere ut i drosjene og ta motorvegen inn til
Calle Atocha og Madrid.
Vi køyrer med opne vindauge. Ein varm god kveldsbris
møter oss, og det kjennes godt å vere her. Hostell
Castello er ok; - billig, reint og ligg sentralt til. Kristine
og Frida fann hotellet då dei var her i februar.
Kveldskos og storbystemning
Endeleg - vi er i Madrid!
|
Vi tek turen til Plaza Major. Kveldsola varmar enno. Vi ser
på livet, mens vi nyt Paella, kylling eller spagetti.
Og ser fram til neste dag ...
For tidleg neste morgon skal vi til verdas nest største
fiskemarknad MercaMadrid (berre Tokyo er større). Vi
skal møte Jose Maria Barrio Burgos som har ansvar for
stand/Puesto 106 "Pesacados Conchamar". Kontakten
er formidla gjennom Sindre Longva (Brattvåg/Ålesund/Madrid).
Utan denne kjennskapen hadde vi neppe kunna gjennomført
turen.
Vi har fått økonomisk støtte gjennom Ungt
Entreprenørskap i Møre og Romsdal og Eksportutvalget
for fisk i Tromsø, i tillegg har overskotet frå
ungdomsbedrifa IBD Consulting gått med.I kjøleskapet
på hotellet ventar ”varene”. Vi har gjennomført
oppdraget etter planen. Produkta har blitt frakta frå
produsenten på Tustna v/Kristiansund til Madrid utan at
kjølelina har blitt broten.
Den siste etappen verkar grei, men kva møter oss på
MercaMadrid?
Vil vi finne fram, og kven er Jose Maria Barrio Burgos, vil
han møte oss, og får vi levere varene?
Onsdag
6. juni 2007
Klokka er 06:15. Vi oppsøkjer resepsjonen og vekkjer
ein søvnig resepsjonist. Han rister oppgitt på
hovudet, ”- ... ingen drosje å få på
denne tida av døgnet", seier han oppgitt. Og vi
tok ikkje sjansen på å bestille dagen før.
Lett for at nokon ville forsove seg og drosja måtte vente.
Sunnmøringar har ikkje råd til slikt.
Ute er det klart og kaldt. Alle er lettkledde. Vi stiller i
gamle klede og fottøy, ettersom vi har blitt varsla om
at lukta vil sitte i. Det er likevel lett å få tak
i drosje, og vi set kursen mot MercaMadrid, som er Spanias største
marknad, der dei sel mange forskjellige varer. Det dekkjer eit
område på storleik med Ålesund.
Drosjesjåførane snakkar ikkje engelsk, og det er
ikkje gitt at dei veit kvar fiskemarknaden er, sjølv
om den er ein av verdas største. Vår bil vil sleppe
oss av ved porten, men vi nektar. Vi skal til fiskemarknaden.
Han veit ikkje kvar fiskemarknaden er, men etter litt leiting
er vi framme. Ingen av dei andre bilane har funne vegen. Dei
har slept folk av på feil plass. Dei fleste ved porten.
Etter ca. eit kvarter finn den andre gruppa og fram, og dei
to andre gruppene er undervegs. Vi finn fram til stand 106,
Jose Maria er ute i marknaden, men vil snart vere på plass.
På fiskemarknaden MercaMadrid
|
MercaMadrid
Etter 5 minutt kjem Jose Maria Barrio Burgos. Han tek svært
vennleg imot oss. Han organiserer ein handel, mens vi ventar
på å bli vist rundt på MercaMadrid. Ei streng
vakt tek kontakt med oss, og ber oss forlate marknaden. Jose
kjem hjelpande til og forklarer at vi er hans forretningskontaktar.
Vi får vite at det er eigne guidar som tek folk med rundt
på marknaden mot betaling, då dette blir sett på
som ein stor attraksjon.
Mens vi ventar på at resten av gruppa vår skal finne
fram, viser Jose oss rundt på marknaden. Han kjenner mange,
og det er populært med alle jentene som er med. På
fiskemarknaden er det nesten berre menn. Dei ulike salsområda
har sine spesialitetar, både kjente og ukjente fiskeslag
og skaldyr. Utvalet er enormt. Jose fortel at MarcaMadrid opnar
klokka 0300 om natta, hallen er då fylt heilt opp, i nitida
er så å seie alt borte. Resten av gjengen vår
kjem, vi orienterer oss mot stand 106 og forretningssamtalane
kan starte.
MercaMadrid
3IBD samla saman med Jose Maria (nr
4 frå venstre).
|
Jose Maria forklarer korleis marknaden fungerer.
|
Jose og Silje
|
Vi hang på på rundturen i det enorme
lokalet.
|
MercaMadrid hadde mykje å by på!
|
Jose har spesialisert seg på kvitfisk, både fersk
og salta. Han får overlevert prøveprodukta vi har
med, vi vekslar kontaktinformasjonar, og han vil teste ut produkta
og kome med tilbakemelding til produsent om dei kan vere aktuelle,
og kva som må gjerast i forhold til innpakking, merking
og eventuelt andre forhold.
Han har erfaring og fleire tankar om kva som skal til for at
eit produkt skal lukkast på den spanske marknaden. Vi
får vite at norsk kvitfisk går for å vere
billig og bra nok, men at den beste kvaliteten kjem frå
Færøyane, der fisken er større og kvitare,
og difor kan seljast til ein høgre pris.Etter at forretningsoppdraget
er gjennomført, blir vi beden på frukost i kantina
til MercaMadrid, vi takkar ja til tilbodet. Jose spanderer Cola,
kaffi, sprøsteikt blekksprutterningar, og potetsalat.
- Dette er enkel, men kraftig kost, forklarer han, - Torghandlarane
må ha kraftig kost for å fungere så tidleg
på morgonen.
Oppdraget er fullført!
|
Drosjene venter på oss, og vi kan dra tilbake til hotellet.
Jose har ordna med ein engelsktalande drosjesjåfør.
Det manglar også ei drosje på tilbaketuren. Den
er bestilt, men kjem aldri. Jose løyser saka, og tek
med dei siste til privat omvisning i fiskebilen med levering
av fisk til hotell og restaurantar i Madrid. Jose viser gladleg
Madrid, og kva som er verdt å vite om denne byen.
Om ettermiddagen oppsøkjer vi supermarknader,
og ser korleis fisken blir presentert for kunden. Butikkane
har eigne avdelingar for fisk, og variasjon og omfang er enormt.
Vi legg merke til at firma frå Færøyane og
Island har eigne diskar med kvitefisk, medan det er vanskeleg
å oppdage dei norske varene. Det kan verke som om varer
frå Færøyane og Island har ei dominerande
rolle i marknaden når det gjeld kvitfisk. Det er og ei
stor promotering av laks frå eit spansk firma (Alcampo).
Smaksprøver er det og å få. På spørsmål
kvar laksen kjem frå, er svaret: ”Noruega”,
sjølvsagt ”Noruega”. Norsk laks som er vidareforedla
i Spania. Den smakte forresten svært godt.
La Vaguada
Det bugnar av ulike varer inne i supermarknaden.
Dette frå eit stort område med berre frukt.
|
På kvelden samlar vi oss til felles middag og deler opplevingar
og ny kunnskap. Dagen etter skal vi møte hos Innovasjon
Noreg sitt kontor i Madrid, i den gamle ambassadebygningen.
Antrekket frå fiskemarknaden blir bytta med forretningsantrekk.
Dette blir spanande. Torsdag 7. juni
Kontakten til Innovasjon Noreg sitt kontor i Madrid er ordna
gjennom Innovasjon Noreg i Ålesund. Vi blir tatt vel imot
av Ole Homb (frå Toten) og Lieneke Fjørtoft.
Ole Homb har tidlegare hatt samarbeid med Senter of Ekspertise
i Ålesund og vore involvert i vidareføringa av
TAF-ordninga, der Haram vidaregåande skule har vore ein
sentral aktør sidan 1997.
Lieneke Fjørtoft (Ålesund) med slekt på Fjørtoft,
og med lokalkunnskap derifrå, kunne frette nytt frå
elevane våre, Marianne og Kristine, begge frå Fjørtofta.
Lieneke Fjørtoft er utdanna Diplom Eksportmarknadsførar
frå Norges Markedshøyskole, og har i mange år
vore administrasjonsansvarleg ved Den Cubanske Ambassade i Oslo.
Interessant og lærerik føremiddag
Vi fekk ein interessant og lærerik føremiddag,
og eit glitrande foredrag om handelen mellom Noreg og Spania
og om kva for utfordringar og moglegheiter dei såg for
seg. Vi fekk og kunnskap om spansk kultur og tradisjon. Mange
av dei tinga vi hadde lagt merke til på MercaMadrid, i
supermarknadane og i Madrid elles, fekk vi og svar på.
Det blei og stilt problemstillinga om kvinna si stilling i Spania,
der vinklinga gjekk ut på at kvinner i Spania kan ha større
makt enn kvinner i Noreg. Noko som kan kome av makta kvinnene
har i heimen og i familien, samt gjennom posisjonar familien
har i samfunnet. Staten har mindre innverknad på forretningslivet
i Spania enn i Noreg, mens privat forhold, familien og familieband
har stor innverknad.
Vi får vite at Noreg har omfattande handel med Spania
innan tre områder i tillegg til olje og gass. Det gjeld
fisk, skipsutstyr og turisme (eksporterer Fjord Norge).
Møre og Romsdal er stor innafor alle desse næringsområda.
Handelen mellom Spania og Noreg går nesten i balanse dersom
ein ser bort frå eksporten av olje og gass. Madrid har
den nest største fiskemarknaden i verda. Det er, som
sagt, berre Tokyo som er større.
Ole Homb gir også råd i samband med utdanningsvegar,
og brukar seg sjølv som eksempel. Å konkurrere
med 1000 siviløkonomar om jobb kan vere hardt. Men mellom
desse er det kanskje berre 20 – 30 som har velt å
fordjupe seg i spansk. Vidare spesialisering og nisjetenking
kan gi jobbmuligheiter innafor spesielle interessefelt. Desse
vil ha ein kjempefordel, dersom dei ønskjer seg draumejobben
i eit spansktalande land eller handle med spansktalande.
Inntrykk frå byen Madrid
Då vi forlet den gamle ambassadebygningen og Innovasjon
Noreg sitt kontor i Madrid, har vi enno nokre timar på
oss til å oppleve Madrid, før vi tek flyet heim.
Palacio Real - Kongepalasset
i Madrid
(Bygd i perioden 1738-64)
Det imponerande byggverke vart ferdig i 1764,
og skulle erstatte Alcazar-slottet, som brant ned tretti
år tidlegare.
Kongepalasset var tidlegare residens for dei spanske
kongane, men i dag
bur den spanske kongefamilien i det langt mindre palasset
Zarzuela.
|
Inntrykka vert mange, både frå den forretningsmessige
delen av turen, men og frå besøka i katedralen
La Almudena, palasset Palacio Real, musea, Plaza Mayor, dei
fine parkanlegga, alle folka vi møtte i ulike samanhengar,
og sjølvsagt, den sosiale delen.
Kunnskapen ein fekk med, veg ikkje mykje, den er lett å
ta med og kan hende kan den brukast vidare i livet.
Med helsing 3IBD og J.M.Helland
Huff da - skodde i Samfjorden ...
|
Etter strålande dagar i Madrid var det ikkje berre, berre
å sjå heimlege trakter igjen. Kvardagen, og skodda,
vinka til oss idet vi nærma oss Ålesund lufthavn,
Vigra.
Faglege turar
Hovudsida
|
|
|