Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > Bedriftsbesøk til Ekornes

VKI Elektro på bedriftsbesøk i Sykkylven

01.06.07.

Elektrolærar Torbjørn Volstad og elevane på VKI Elektro var på bedriftsbesøk hos Ekornes ASA, i Sykkylven fredag 1. juni. Ein så stor møbelprodusent har mykje å by på til nysgjerrige, unge og kommande eletrikarlærlingar.
Gjengen har sett fram til denne turen.

Etter ein drøy times køyring i strålande flott sunnmørsnatur, inkl. ferjeturen frå Magerholm, kom gutane frå Haram vgs. fram til Ekornes.
- Vi vart godt mottekne av Sverre Kalvatn, som engasjert og tolmodig førte oss gjennom heile anlegget. Det vart ein god spasertur, på fire innhaldsrike timer, fortel faglærar Torbjørn Volstad, som var imponert over det han og elevane fikk sjå av produksjonssystem innan mekanikk og elektronikk på rundturen.


Sverre Kalvatn viste, og fortalde i detalj, korleis enkelte
deler av produksjonen går føre seg.



Imponerande ryddig og systematisk bygd opp!


Gutane frå VKI Elektro fulgte interesserte med
på det som vart vist fram.



Flott råmateriale må til for å produsere gode produkt.


- Jo, det var verdt turen! Helt supert, det er lærerikt å få høve til å få innblikk i noko slikt, avsluttet Volstad, og begynner å fortelje om den eine finessa etter den andre. Ikkje noko er betre enn å få sjå faget utført i praksis og på høgt nivå.

Faglærar Torbjørn Volstad og elevane takkar Ekornes ASA, og Sverre Kalvatn spesielt, for ein lærerik dag!


Andre ekskursjonar i regi HVS ...

Hovudsida