Valldal
- småbåthavn

Det var her turen verkeleg starta.
Gutane tok farvel med sivilisasjonen for nokre dagar.
|

Med passeleg mengde bagasje, vart alle stua ombord.
Turen gjekk ut på den spegelblanke fjorden.
|

Eit stykke inn i Synnylvsfjorden,
vart det lagt til kai.
|

Gutane hjalp til etter beste evne,
medan dei såg seg nysgjerrige omkring. |

Men det var ingen ferietur dei var med på.
Fyrste oppgåve vart presentert så fort dei
kom i land.
Ved løypestrengen låg det materiale som
skulle opp til gardane der oppe i lia.
|

Den gamle løypestrenga vart inspisert av nysgjerrige
og litt skeptiske gutar.
Men når systemet var forklart, var det berre å
hjelpe til ...
|

og det var ikkje mangel på ivrig arbeidskraft!
|
| |
Materielen vart festa på løypestrengen -
og til stor lette (!) fikk og noko av bagasjen følgje
etter same vegen.
Det var nok ein del av gutane som hadde begynt å
sjå mørkt på turen opp, med full last
på ryggen.
Så var det berre å sveive i veg ...
opp reiste både plankar og ryggsekkar. |

Stilig i grunn!
|

Turen opp kravde litt svette, men det var ei flott oppstiging,
med mykje fantastisk natur å sjå på
undervegs.
|
I tillegg var det mykje humør i flokken, så
det vart nok av ablegøyer på vegen. Det
vart mest som om ein møtte
" Per og Pål ..."
|

Sjølvsagt - det var lagt opp
til fleire rastepauser undervegs.
Her og der dukka dei naturlegaste sitjeplassar opp og
freista ein fjellvandrar til å ta ein pust i bakken
og nyte utsikta.
|

Fjord-idyll!
|

Etterkvart nærma toppen seg.
|

Vel oppe var alle nøgde!
|
| |
Materialen vart plukka av,
og skulle transporterast vidare til næraste nabo.
Det vart nesten ein plank til kvar,
og så masjerte gjengen vidare innover.
|

Klar for avgang!
|

Eitt - to, eitt - to ... |

Etterkvart kom dei inn i rytma, og traska gjennom det
fine landskapet
over til neste fjellgard høgt der oppe ...
Med seg på vegen fikk dei ein dose lokalhistorie.
|

Eeeh, litt spenning i kvardagen ...
|

Ny idyll kom til syne, når gutane nærma
seg målet.
|

Ei pause her var særs godt!
|

Det var alle samde i, og gjorde som det er gjort i årtider
bakover;
- dei sette seg på tunet og slo av ein prat.
|
|
|
Foran dei låg fjord-Noreg
på sitt vakraste, med skyfri himmel og naturen
i vårskrud ...
Medan ein tanke var innom at flottare kan det no vel
ikkje bli,
seig hurtigruta stille kring neset
og la enda eit pluss til inntrykket.
Det var berre å nyte det - ein skulle jo ingen
stad likevel.
|
|

Ein sivilisert ungdom
|

lar seg inspirere ... |

og vips - ein ekte fjellbuar,
|

og villmann ... |
|
Turen tilbake gikk utan ballast,
og det vart ein livleg retur!
|
I løpet av ekskursjonen fekk elektro-gjengen stadig
meir kjennskap til korleis livet hadde vore på ein
fjellgard som Ytste Smoge, korleis folket levde og ordna
seg i kvardagen.
I tillegg var det lærerikt for elevane å vere
utan alle daglegdagse hjelpemiddel og fritidssysler dei
tar for gitt i kvardag sin heime.
|
Ei
perle
Fjellgarden "Ytste Smoge"
|
|

Nokre utfordringar var det og ...
|

for dette var ikkje enkelt ... |

Verken for den eine
eller den andre ...
|

Jo, litt frustrasjon må innrømmast.
Sjølv om alle til slutt fekk sove i ordentleg
sengetøy.
|

Leik og morro høyrer med.
|

Det skapar godt venskap. |

Likeins, gjer eit godt måltid susen.
Det var ikkje grunn til å klage på kokken
på denne garden.
|

Kokken vår, Smoge, i full gong.
|

Ingen tvil om kor denne
døra fører ...
|

Gutar er seg sjølv lik,
og interessene dei same. Dette var kjekt.
|
Ein dreven fjellgardsbuar,
|
 som
gjerne viste medelevane
sine rundt på garden.
|

Kveldro...
|

Kveldsstemning ...
|

- og til slutt retur ...
|