Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Elevkvardagen > Kva skjer > Avslutningsfest 2007



Avslutningsfest på HVS


Dato: 19.06.07.
Foto: Torleiv Austnes
 



Så er det over - skuleåret 2006/2007.
I kantina på HVS vart det tatt farvel med avgangselevar, og med lærarar som har valt å gå over i pensjonistene sine rekkjer. Ei verdig og stilfull avrunding på eit innhaldsrikt og hektisk skuleår.



Elevrådsstyret hadde laga eit rikhaldig program for festen, kantina var smakfullt pynta og steminga god i salen. Elevane i 1ST hadde fått servitørjobben og serverte på ein effektiv og fin måte dei vel 210 som var samla kring langborda. Maten smakte og praten gikk livleg inne i mellom programinnslaga.
Programleiarane Randi og Lise frå 2AF, førte publikum leikent og lett gjennom festen.


2TAF opna festen,
med klangfull song og musikk.


Undervegs takka dei den gamle kontaktlæraren sin frå grunnkurset
for laget, og ønska han lukke til i pensjonist-tilværet
han no har tenkt å nyte framover.



Gunnar Sandvik tok i mot på sitt vanlege blide vis,
og såg særs nøgd ut med gåvene.
- Dei ville nok kome godt med, meinte han smilande.



Avgangselevane møtte i finkle,
og var eit stilig element midt i salen.



2AF-bordet var ikkje verre !


Rektor Jøstein Taftø gratulerte vinnarane
av volleyball-turneringa som gikk dagen før,
og overrekte vinnarane diplomane deira.



Fotballturneringa 2007
var det desse gutane frå 2AFA som vann.


Dei fekk og overlevert diplom og gratualsjonar for sigeren.




Så kom det spillopper frå 3AF.
LP og Sveinnung har laga ablegøyer før ...


faktisk jamnt og trutt


i sine 3 år ved HVS.

Skikkeleg moro var det,
sjølv om poenget nok var litt diffust.
Men det spelte ingen rolle!

Takk for showet.



Malin og Cathrine song nydeleg,


medan Ingunn akkompagnerte.

Vakkert.




4TAF nøt sin siste skuledag ved HVS.
Fire år med skulearbeid og jobbing er nesten over.
- Deilig, smiler denne gjengen.








Ivrige samtaler ved 3AF-bordet.
Om ikkje lenge er dei spreidd over heile landet.


Det er mykje som skal omtalast slik på tampen ...


Så kom tida for å takke for tida som har gått.

Tillitselev Kristine i 3AF overleverte små og store gåver frå klassen
til lærarane deira, og krydra gåveoverrekkinga
med takksame ord og små historier.


Her er det kroppsøvingslærar Ravnestad
som får takk for strevet.



Lektor Lausund vart og kalla fram til applaus frå 3AF-bordet.

Det same vart mange, mange fleire -
og underteikna veit det er mange som kjem til å sakne 3AF


Inspektør II Jan Magne Helland fikk eiga gåve frå 2IBD-gjengen,
med ein stor takk for alt han har klart å få til for dei,
flotte undervisningsopplegg og fantastiske turer.


Til slutt var det norsklæraren deira, lektor Ingunn Hellevik, som vart kalla fram.
Ho avsluttar no sitt arbeid ved HVS, og vart gjort litt ekstra stas på av elevane.


Ein god klem høyrer med !


Russepresidenten spratt og fram og takka for laget,
med den einaste franske setninga han var skikkeleg trygg på!
Det skapte munter stemning i salen.



På oppmoding tok lektor Ingunn Hellevik til slutt russeropet sitt frå den gong ho sjølv var russ ved "Katta" (Oslo katedralskule).



Lektor Kolbjørn Hellevik og frue var godt nøgde med avslutningsfesten.
Det fikk dei støtte på av Ravnestad og rektor Jøstein Taftø.
- Elevane kan sine saker, smilte dei frå bordenden sin.



Ravnestad har hatt gleden av å vere kontaktlærar for halve 3AF, og gav dei lovord for den fine tida dei har hatt i lag, og ønska dei lukke til kor dei no måtte ende etter vidaregåande.


Austnes har vore kontaktlærar for
hi halvdelen, og følgde opp rosen
frå Ravnestad.
- Verda treng slike som dykk,
hilste han elevane sine.

3AF strålte mot salen frå scena,
medan dei takka for seg.



Så var det 4TAF og lektor Sandbakk som overtok ordet.
Vi ønskjer også dei lukke til vidare!


Line og Lisa song ein vakker ballade,


elevrådsleiar Mona takka for samarbeidet dette skuleåret,


rektor Taftø takka alle for innsatsen
og ønska alle ein positiv sommar,


før Ingunn til slutt spella Prøysen si vise
"Oppi lauvåsen veks det jordbær .." medan alle song med.

Det var sommarstemning på HVS.



Med dette ønskjer vi alle
ein riktig flott sommar !


3AF tok rektor på ordet,
og storma sommaren i møte




Hovudsida