Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Elevkvardagen > Kva skjer > Ekskursjon til bokbåten EPOS, H-07

Besøk på bokbåten Epos

Fredag 21/9-07



Bokbåten til kai på Lepsøya.

Bokbåten er Vestlandet sit flytande bibliotek, som dekker kysten frå Hordaland i sør og nordover til og med Møre og Romsdal. 2 gongar i året får kystbarna høve til å besøke "Epos". Det likar dei godt!


Tekst: Merete Mikalsen
Foto: Vigdis O. Farstad og Merete Mikalsen


Eg og Vigdis var på skulen fram til klokka 10.00, og så kjørte vi i Vigdis sin bil til Skjelten og kom rett på ferga. Då vi kom til Lepsøya kjørte vi til bokbåten, og tok ut bøkene vi skulle levere tilbake. Det var 4 kasser og ein pose med bøker.
Vi gjekk inn. Vigdis og ei dame tok ut alle bøkene og sette dei på ei tralle.


Inne i mellom bokhyllene møtte vi skodespelar Eva Mørkeset.

Vigdis begynte å sjå etter bøker ho kunne ta med seg tilbake til biblioteket på Lepsøya. Samstundes kom det nokon barn og vaksne frå Lepsøy barnehage og såg på bøker.


Om bord i båten begynte barnehagebarna
å leite i bokkassa. Det likte dei godt.


Som du ser var det berre blide folk om bord.

Underhaldning om bord.
Etterpå var det skodespel med Eva Mørkeset, som spelte alle rollene! Det var eit moderne «Rødhette og ulven»-stykke. Det var veldig gøy. Etterpå fikk vi klappe «ulven». Det syntest barna var spanande.


Her lager Eva Mørkeset til kulissene.
Merk dykk ringeklokka til bestemora.


Eva Mørkeset som jegaren Truls.


Den utsendte journalisten følgjer godt med.


Barna følgjer også godt med.

Og så tok eg og Vigdis bøkene i bilen og kjørte til Vigdis sitt hus. Og der blei vi heilt til vi skulle dra tilbake til fastlandet.


Biblotekaren på bokbåten var kjekk.


Bokbåtklubben
Bokbåtklubben er ein eigen klubb for barn i 1.- 7. klasse som låner bøker frå bokbåten «Epos». Den skal fremje leselysta og bokinteressa blant elevane.
I år har bokbåten fått eiga internettside, som eg meiner du bør besøke.
Det er på www.bokbaten.no. Der kan du lese om bokbåten, sjå bilder frå forrige tur, sjå når bokbåten kjem og kva slags kulturprogram som skal vere på turen.
Du kan også sjå kart over fylket og følgje bokbåten når den er ute på tokt.


Hovudsida