Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Kva skjer > HVS
- eit Miljøfyrtårn, H07
Miljøfyrtårnsertifikat til Haram
Vidaregåande skule
Dato: 04.10.07. Tekst
av: Birgitte Ringstad
Foto: Steinar Tharaldsen
Torsdag 4. oktober var det overrekking av miljøfyrtårnsertifikat
på Haram Vidaregåande skule. Varaordførar
Torleiv Rogne hadde i oppgåve å overrekkje sertifikatet
som varer i tre år. I denne perioden vil miljøstatusen
på skulen regelmessig bli sjekka. Held arbeidet i miljøkomiteen
fram, og tiltaka betrar seg, vil sertifikatet bli fornya om
tre år.

- HVS er med dette å rekne eit miljøfyrtårn
i nærmiljøet -
Frå venstre:
Mona Æsøy Kvammen, Torleiv Rogne, Randi
Løndal, Nanda Kristin Sæterøy,
Henrik Høyberg Aure, rektor Jøstein Taftø
og elevrådsleiar Mariell Ulla Toven.
|
På Haram Vidaregåande
skule inneber sertifikatet tre krav.
Det første er korleis skulen kan redusere sin utsetnad
på miljøet globalt. Rektor på Haram Vidaregåande
skule, Jøstein Taftø, har lært mykje gjennom
sertifiserings-prosessen. Først tenkte han skulen var
ei verksemd som ikkje forureina.
- Her driv vi jo berre med undervisning, seier Jøstein
Taftø. Men utover i prosjektperioden har han lært
om oppvarming, reinhald, sortering og ressursbruk.
Det andre kravet er at det skal bli eit godt samsvar mellom
tiltaka skulen utfører, og helsa og miljøet som
er på skulen. Slik at skulen skal blir ein betre læreplass.
Det tredje er at ein må lære ungdommen om miljøet
i undervisninga. - Der vi har flinke elevar, blir løysningane
betre. Seier miljørådgjevar Øystein
Solevåg. Tiltak i miljøkomiteen
Til no har skulen byrja med kjeldesortering av papir, og oppvarminga
på skulen har blitt datastyrt. Vaktmeistaren på
skulen regulerer varmen på skulen i forhold til temperaturen
ute. Då unngår skulen å kaste vekk energi.
Dette skuleåret vil det bli satsa på å forbetre
og få fleire miljøtiltak. Det vil bli gjennomgang
av avfallsordninga i kantina, få fleire til å sykle
til skulen/jobben og lærarane vil ha eit større
fokus på miljø i undervisninga. Elevane skal også
få ei oversikt over kvar ein bør gjere av avfallet
sitt, som til dømes batteri. Rådgjevar til miljøkomiteen
som arbeider for miljøfyrtårn ved skulen, Øystein
Solevåg, synest samarbeidet har vore bra. Spesielt har
elevane i miljøgruppa vore aktive, og kome med forslag
til kva som kan bli betre. Felles ansvar
- Sjølv om dei største problema må taklast
globalt, så kan vi ikkje overlate det til andre.
Seier Øystein Solevåg . Han fortel vidare at ein
må ta ansvar for det ein utsett miljøet for, og
bli meir viss på korleis ein kan redusere sine eigne utslepp.
I Noreg kan femten prosent av norske klimautslepp kuttast lokalt
i kommunene. Haram Kommune er godt i gong med 13 fyrtårnsverksemder.
Der det er tolv verksemder frå næringslivet, fire
barnehagar og no kom Haram Vidaregåande skule i tillegg.
På landsbasis ligg kommuna på 8. plass etter folketal.
Vil du vite meir om:
Haram
kommune
Stiftelsen
Miljøfyrtårn
Hovudsida
|
|
|