Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 2007-2008


Motivasjonskurs for ingeniørutdanning 07-08

England 10.- 16.02.08.

Reisebrev frå Leamington Spa.


Søndag 10. februar 2008
la 16 spente ungdommar og 3 reiseleiarar ut på tur frå Vigra. Vi frå Haram vidaregåande kom samla med drosje frå Brattvåg til Vigra. Derifrå flaug heile følget til Heathrow i England, med mellomlanding i Oslo. Alt gjekk smertefritt heilt til bagasjen skulle hentast ...


Då merka vi at kofferten til ein av medelevane våre var borte. Dette gjorde at det vart litt venting på Heathrow. Etterkvart måtte vi forlate flyplassen utan kofferten, men til gjengjeld med ei lita naud-toalettveske frå flyselskapet.


Måndagen 11. februar begynte vi med ein god frukost, før vi gjekk bort til Holly House, huset der ``The Smallpeice Trust`` held til. Vi fekk her gjennomgang av opplegget denne veka. Mykje sprell og moro var lagt inn. Dette fekk vi sjå allereie fyrste dagen da vi skulle lage høgast tårn av berre papir og ikkje noko anna. Tårnet skulle tole ei vekt på om lag 100 gram. Vinnaren klarte 106 cm meter høgt tårn, som var det høgaste leiarane nokon gong hadde sett.

Papirtårn-prosjektet


"Gutta boys" er i gong med byggje-prosjektet.


Ulike teoriar vart prøvd ut kring i dei ulike gruppene.


Prøvemåling


Jo, det gjekk med eit element til - skal vi prøve fleir?!


Borte i kråa har gutta fått taket på bygginga si ...


Jada, det står, med loddtyngd og det heile.

Flott!!!


Seinare på dagen, etter lunsj, tok vi turen til Warwick Castle. Her fekk vi sjå mykje forskjellig som gjenferd og fangehull, og korleis det gamle slottet såg ut tidlegare.


Warwick Castle


Reiseleiarane våre utanfor fantastiske Warwick Castle,
ei middelalderborg som er open for turistar. Dei fleste vart nok positivt
overraska over opplegget vi fekk her!


Vi fekk mellom anna prøve å skyte med pil og boge.
Noko som sette oss i rett Robin Hood-stemning!



Det var litt stilig, skjønar du.

Og vi vart skremde i eit spøkelseshus med levande personar og skodespel, ...
og nokon opplevde "verre" ting, slik som


Thomas Helland og Kristine Aarnes, som vart fanga i gapestokken
på Warwick Castle
. Thomas fylte forresten 18 år under opphaldet.
Det gjorde vi sjølvsagt litt stas på.



Allereie tysdag!
Etter at frukosten var fortært, var alle klar for ein ny og fullpakka dag.
Vi starta dagen på ”The Smallpeice Trust” med ei oppgåve der vi skulle starte opp og drive ein vinbar. Dette var utruleg lærerikt og morosamt. Nokre av gruppene møtte problem undervegs, men med godt teamarbeid løyste det meste seg. Vi lærte oss å ta viktige avgjersle under press og kor viktig det er å samarbeide.

Etter lunsj tok vi turen til Land Rover, der vi fekk følgje produksjonen av dei flotte bilane frå start til slutt. Vi vart overraska over kor stor både produksjonen og fabrikken var, der dei produserte om lag 1000 bilar dagleg!


Besøk på Land Rover-fabrikken.
Frå venstre framme: Mariann Otterlei, Pernille Seth, Erlend E Christiansen,
Christian L Remøy, Oskar Alme, Michael K Risbakk, Thomas Helland.

Frå venstre bake: Kristine Aarnes, John Martin Godø, Gunnar E Tvedt,
John Haddal Mork, Solveig Hurlen, Eirin Nedreberg, Miriam Kvalsvik,
Elisabeth Hovden, Ingvild Lausund



Denne var berre !!!



Så knall at vi alle ville fotograferast i lag med den :-)


Folkesjel og kultur
Etter ein rask middag på hotellet var alle klare for fotballkamp mellom Coventry og Cardiff, ikledd ull, hue og vottar, og klare for ei kald oppleving. Kampen var eit lokaloppgjer om nedrykk, og der var over 15 000 tilskodarar. Vi fekk oppleve litt av den engelske fotballentusiasmen.

Litt ut i kampen fekk vi besøk av ei vakt som ville eskortere oss til bussen vår etter kampen. Bussen var omringa av om lag 50 politimenn, då dei trudde oss var hooligans (rebelske fotballfans). Vi må ha vore dei mest knisande hooligans nokon sinne ... Ein av dei mange politimennene falt bokstaveleg talt for ei av jentene frå Ulsteinvik. Det gjorde ikkje humøret vårt mindre lystig!


- Klar til kamp -

Onsdag: Ny dag, nye moglegheiter.
Dagen starta med ei ny og spanande prosjektoppgåve på lokalet til The Smallpeice Trust. Oppgåva gjekk ut på å bygge den beste krana av avgrensa materiale.


Artig å jobbe med nytt materiale!


Det gav ein heilt annan planleggingsprosess.


Men samarbeidsevna måtte vere den same!
Det var forresten slik at krana og skulle fungere ved hjelp av elektrisitet,
så vi fikk bryne oss.

Her er det Mariann Otterlei, Solveig Hurlen (begge frå Haram vgs) og
John Martin Godø (Ulstein vgs) som held på å konstruerer vinnarkrana ”PMS” (Powerful Mega Structure)


Stratford- Upon- Avon
Etter lunsj vart vi transportert til Shakespeare sin heimstad, Stratford- Upon- Avon. Vi møtte ein overflod av suvenirbutikkar, og mykje forskjellig å sjå på. Nokre av oss var i huset han voks opp i. Etter tre timers shopping, var det klart for den kulturelle delen, og vi dro til teateret for å sjå det velkjende Shakespearestykket "Henrik VI". Dette var veldig interessant og morosamt, men etter ein lang dag, kunne vi finne mange trøtte andlet i salen.


Heile gjengen
fotografert utanfor barndomsheimen til William Shakespeare.


Stratford- Upon- Avon
var ein særs sjarmerande stad









Fellesmiddag før teaterkvelden.


Vidare denne veka
skal vi mellom anna jobbe med ulike prosjektarbeid og besøke transportmuseum.
Vi har hatt det kjempekjekt til no, og har liknande opplevingar i vente. Vi vil takke bedriftene Ulstein, Aker Yards og Rolls- Royce for denne utrulege sjansen til å få sjå korleis ingeniøryrket fungerar i praksis.

Vindmølle-prosjektet
var og artig. Gjennom heile opphaldet møtte vi med andre ord nye utfordringar som stimulerte kreativiteten, pågangsmotet og ikkje minst vår tekniske innsikt.

Her viser Miriam stolt fram
si gruppe sitt produkt.



Takk for ein flott tur!


Venleg helsing

Mariann, Pernille, Kristine, Solveig, Ingvild og Gunnar.



Linkar
Les meir om opphaldet:
Artikkel frå Vestlandsnytt 22.02.08. (pdf-format)


Meir om:
Motivasjonskurs for ingeniørutdanning ...
Stiftinga Smallpeice Trust ...

Faglege turar ved HVS ...


Hovudsida