Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > York 2007

Gruvemuseumet og omvising i gruva

Vi ankom gruvemuseumet kl 14:30 på onsdagen. Forventningane var ikkje høge då vi ikkje visste så mykje om kva vi skulle sjå. Vi fekk beskjed om å leggje frå oss alle ting med batteri i bussen, då dette ikkje var tillate i gruva på grunn av sprengingsfare.

Vi måtte vente ei lita stund på at den forrige gruppa skulle bli ferdig, så vi fikk høve til å sjå oss litt om i museumet på egenhand aller først.

I museumet var der mange gjenstandar og utstyr som gruvearbeidarane hadde brukt til gruvedrift før i tida.

Stilfult informasjonslokale!

Spente og ventande som vi var, fekk vi plutseleg beskjed om at vi skulle 150 meter ned under jorda! Då var det ikkje fritt for at fleire veksla blikk og at griblinga i mageregionen hos fleire av oss, starta opp ...


Omvisning med utfordringar
Vi møtte på en hyggeleg kar som heitte Dobbin. Han var ein av dei aller siste gruvearbeiderane i gruva i Yorkshire, og no fungerte han som guide. Først måtte vi leggje frå oss alle elektroniske dingsar, spesielt alt som inneheldt batteri. Vi vart utstyrt med hjelmar, lys på hodet og tilhøyrande batteri til dette.

Forventningane steig berre meir og meir, og no var det på tide å gå inn i ei nærmast klaustrofobi-skapande heis. Det var lite lys i heisa, og veldig trangt. Heisa gjekk sakte, men sikkert, langt langt ned i jorda. Vi kom endeleg ned, og det første vi måtte passe på, var at vi ikkje skulle døy. Vi kunne nemmeleg dø visst vi opna opp begge dørene i ei luftsjakt på ein gong. Ikkje lurt!

Vi starta å gå inn i gruva, no var vi ca. 150 meter under jorda.
Det var ikkje heilt slik som vi hadde forventa oss, då gruva var ganske stor og det var mogleg å gå nokre plassar. Andre plassar derimot var det skikkeleg trangt,og vi vart til og med ved fleire
høve tilbedne om å kravle inn i trange gangar. Dette var for å oppleve korleis arbeidsforholda til dei gamle gruve-arbeidarane var. Og det gav oss noko å tenke på ei tid framover.

Vi vart etterkvart fortalt mykje historie om gruva, om folka som jobba der og om dei dårlege forholda som dei måtte arbeide under.

Både barn, kvinner og menn i alle aldre måtte arbeide i gruva, og fleire av dei vart ganske sjuke av dette.

I gruva var det også illustrert med figurar og diverse effektar korleis dei arbeidde.
Guiden vi fekk, var totalt umuleg å forstå. Dermed fekk vi faktisk ikkje med oss så mykje av kva han sa, men eg trur at dei fleste syntest at det var ei morosam oppleving å vere med på omvising i gruva. «Dobbin» likte også å gi alle kallenamn, og dette vart etterkvart ganske populært...

Alt i alt; ei fin oppleving!


Tilbake til York H-07



Hovudsida