Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > York 2007

London - York, ei samanlikning ...


Med heile 7,5 millionar innbyggjerar seier det seg sjølv at London er ein stor og travel by, men den har også mykje spanande å by på. Flaks at oss ikkje rota oss vekk...

Fre.28. - søn.30.09.08.

Vi ankom Hilton Metropole med undergrunn ein solskinnsfylt fredags ettermiddag . Humøret var på topp og ingen sure miner. Vi sjekka inn og dressa oss opp til ein finare middag på Hilton. I hovudsak var det ein tre rettars-middag. Noko vi nordmenn ikkje er så vande med, så nokre byrja rett på hovudretten.


- Storby liv nattestid -


Laurdag vart ein innhaldsrik dag,
om enn på ein annan måte enn veka elles, med mange opplevingar i London

Shopping
Tolv "trøttetryner" heiv i seg frukosten og tok undergrunnen til Oxford Street. Der shopping stod på menyen. Gata var full av butikkar og shoppegale menneske frå heile verda. Vi var omringa av nye og spanande butikkar, men alle jubla då dei såg den rosa butikken, BikBok. Etter ein lang og folksam dag drog vi attende til hotellet for å gjere oss klare til musikal.


Cafe-besøk gjorde godt både ein og to og tre gongar.

Wooow!

Litt av eit skue for sjokoladehungrige jenter på tur i Londons gater ...


- Har kjøpt litt ...



Middag og musikal


- Ladies in 3IBD -

Då alle hadde ”stasa” seg opp, vart heile gruppa delt i to. Lærarane og gutane forsvann , og jentegjengen bestemde seg for å ta undergrunnen til Haymarket-gata, der vi seinare skulle på musikal.


Vi vart igjen splitta då vi skulle ete, i og med at ikkje alle ville ha biff.
Fire av jentene bestemde seg for å ete på Steak House. Der vart vi vist til eit lite bord i andre etasje, tilfeldigvis ved sidan av gutane vår som tidlegare hadde forlate oss...

Etter maten var tida inne for musikalen ”Phantom of the opera”.
Det var delte meinige om forstillinga. Somme meinte at pause var det beste, der vi vart tilbudd lunka vatn og is, medan andre såg på musikalen som eit verkeleg fantastisk høgdepunkt.

Uansett smak, dette var ein viktig del av det å vere i London!

Etter ei heil veke i England, gjekk kvelden roleg for seg. Alle var trøtte og slitne og vi lag oss så og seie tidleg...


Einkvar tur tar slutt, også vår ekskursjon til York og London...
Søndagen kom, og alle var klare for heimreise. Men før toget gjekk, sto sightseeing og kafébesøk på menyen.


Sightseeinga gjekk ikkje heilt smertefritt, spesielt for ein som var ein ivrig fotograf, og kanskje ein smule uforsiktig med ein splitter ny I- Phone. Medan fotograferinga gjekk føre seg på toppen av dobbeltdekkaren, skjedde det plutseleg eit ”glipp”!?
I- Phonen låg plutseleg på vegen under bussen, der ein svært frustrert eiger satt å såg på at telefonen gjekk i bakken med eit knas. Resten i følget såg på dette som ”morosamt”, der dei kan hende ikkje heilt var klar over kva som eigentleg hadde skjedd. Bussen kjørte vidare utan ”fotografen”, og den forvirra og skuffa eigaren drog tilbake til hotellet med knust I- Phone.






Flyturen heim gjekk som forventa, alle var trøtte og slitne, men somme fekk seg ein opptur då det viste seg at Morten Harket skulle ta same fly som oss heim.
(- Joda, vi sikra oss bilete, smiler jentene, men det blir ikkje lagt ut her...).

Framkomst Vigra, var seint på kvelden, og alle såg fram til ei god natts søvn i eiga seng, der norsk frukost sto øvst på menyen tidleg måndags morgon.


York - London
York skil seg frå London ved at York har noko særeige med husa sine og byen sin som skaper eit spesilet miljø, medan London er akkurat som ein vanleg storby. Sidan York er ein mykje mindre by, var gatene rolegare og det var enklare å finne fram. Men kanskje var det opplevinga av kontrasten mellom desse to byane som framheva det beste med kvar av dei.


- Nostalgi i York -

Vi i 3IBD takkar faglærarane våre, og då fyrst og fremst insp.I Jan Magne Helland som har planlagt turen, for ein flott tur, full av gode opplevingar, mykje lærdom og elles mange morosame minne!

Tilbake til York H-07


Hovudsida