| |
Du er her: Faglege turar >
York 2007
The British Press
Onsdag den 26. september 2007 var vi på foredrag med Tim
Vicary. Han snakka om The British Press. Eit særs interessant
emne!
Først hadde vi foredrag
saman med studentane frå høgskulen i Volda.
Då presenterte han dei forskjellige typane aviser
og viste oss forskjellar på dei. Det var klart at
dei andre elevane var litt betre førebudd til dette
enn oss.
Det var mange elevar på eit lite klasserom, men
for oss var det, mot alle odds, kaldt. Vindauga stod nemlig
opne og slapp vinteren inn. Vi fekk heldigvis ei pause
der vi sneik oss til å late dei att.
Mr. Vicary lærte oss om tabloider og broadsheet.
Tabloider fokuserer veldig på ting som vil selje:
skandalar, kjærleik og sex! |

Tim Vicary
|
Broadsheet er meir seriøse aviser som fokuserer på
politikk og økonomi. Vi kan dele inn avisene i høgreorienterte
aviser og venstreorienterte aviser. Aviser som The Sun, Daily
Star, Daily Mail og The Times er aviser som står til høgre
i politikken. Til venstre har vi aviser som Daily Mirror, Financial
Times og The Independence. På somme av avisene kan vi
sjå den politiske ståstanden på logoen; ved
farge eller symbol.
Mr. Vicary fortalde oss at avisene hadde fleire mål. Dei
skulle underhalde, spreie informasjon, dele meiningar og skaffe
ein viss profitt. Kva kvar avis fokuserer på, varierer
sterkt. Somme fokuserer veldig på underhaldning for å
få stor profitt, medan andre fokuserer på å
få ut informasjon og meiningar.
Mr Vicary stilte spørsmålet om kvar grensa mellom
ytringsfridom og respekt skal gå. Vi var veldig fokuserte
på respekt medan Vicary var veldig fokusert på ytringsfridom.
Han trekte fram eksempelet mohammedteikningane. Dei skapte mykje
uro blandt truande muslimar. Somme i denne saka meinte det var
respektlaust å trykke teikningane, medan andre meinte
at muslimane ikkje burde ta seg nær av teikningane; andre
religionar vert også tulla med.
På den eine sida er det negativt å provosere
muslimane, på den andre sida er det negativt at dei
vert så lett provoserte skal begrense ytringsfridomen
vår.
Dette var utan tvil den mest lærerike dagen vi hadde
i England.
Tilbake til York H-07
Hovudsida
|
|