Visjon
Administrasjon
Personale
Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute
Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa
Kontakt HVS
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)
Kunnskapsløftet
2006
Læreplanar
(alle fag)
|
| |
Du er her: Faglege turar >
3FY-ekskursjon til CERN
Stø kurs mot CERN for 4TAF.
Veke 7, 2008.
Klasse 4TAF og kontaktlærar Terje Engeset Pettersen
har i løpet av hausten arbeidd med å få i
stand ein fagtur, ein skikkeleg realfagstur, til Geneve. For
å unngå å gå glipp av undervisning vart
dei samde om å leggje denne turen til vinterferien, med
avreise frå Vigra måndag 11/2-08.
Ein slik tur som denne er viktig på minst to måtar,
meinte Terje Engeset Pettersen, då han la fram planane
på vegne av seg og klassen.
For det fyrste so vil elevane som no skal velje vidare studiar,
få sjå at realfag er mykje meir enn ingenørutdanning
innan marine fag. For det andre syner denne turen at skulen
er medviten ansvar sitt og satsar ærleg på å
få til eit godt realfagsmiljø, og god realfagsutdanning,
på skulen.
Leiinga tok vel i mot initiativet, og turen vart ein realitet.
Ein fantastisk moglegheit for både elevar og lærar.
Berre det å få innpass i CERN er utruleg spannande,
og spesielt no rett før realiseringen av storprosjektet
knytt til ATLAS-detektoren. På vegen ned til Sveits, var
det lagt inn både fagleg påfyll ved Universitetet
i Bergen og opplevingar av meir sosial art i Paris.
Også pressa viste god interesse for initiativet. Både
Sunnmørsposten, Bygdebladet og Haramsnytt hadde oppslag
om den ekskusive ekskursjonen.
Les
artikkelen som sto i Haramsnytt før avreise ...
Turoppsett - program
Måndag 11/2-08:
Reise Ålesund-Bergen. Ankomst kl: 08.15
Omvisning på Nygårds høyden (spesielt realfag)
Spesialbestilt guida tur ca 2,5 timar på instituttet for
teknologi og fysikk.
Tysdag 12/2-08:
Reise Bergen-Paris. Ankomst kl: 10.20
Store delar av dagen vil gå med til å orientera
seg om fasilitetar som Paris kan tilby.
Onsdag 13/2-08:
Paris - Besøke Eiffel-tårnet, Pompidou senteret,
Notre Dame etc.
Torsdag 14/2-08:
Reise Paris-Geneve (TGV-hurtigtog), med ankomst omlag 10:30
eller 12:30
Fredag 15/2-08:
Omvisning på forskningslaboratoriet CERN kl 9.00-16.00
evnt 9.00-17.00.
Laurdag 16/2-08:
Reise Geneve-Ålesund. Ankomst kl: 15.35
Ein fantastisk tur, smilte gjengen etter
endt "vinterferie".
Du kan lese meir om denne spennande ekskursjonen
på heimesida til lektor Pettersen. Tilrådd
på det sterkaste for alle med eit snev av fysikkinteresse!!!
Les
meir på idavoll.com ! |
Bilete
viser holet som er laga til ATLAS-detektoren,
100 m under bakkenivå.
(Foto: CERN)
|
Elles:
Andre faglege
turar gjort av HVS-elevar ...
Hovudsida
|
|
|