Heim
Visjon
Administrasjon
Personale

Biblioteket
Boklister
Diverse informasjon
Mål- og tiltaksplan
Reglement
Skulerute

Storyline ved HVS
Utviklingsarbeid
Yrkesmessa

Kontakt HVS

Elevkvardagen
Kva skjer
Helsetenesta
Rådgjevar
Ut av klasserommet!
Skule + næringsliv
Faglege turar
Aktivitetsdagar
Studietilbod
Studietilbod ved HVS
(Revidert 2006)

Kunnskapsløftet 2006
Læreplanar (alle fag)






  Du er her: Faglege turar > 3FY-ekskursjon til CERN


Fysikkelevar til forskingssenter i Sveits

Det som i utgangspunktet skulle bli ein klassetur for dei åtte avgangselevane ved TAF-linja på HVS, utvikla seg etterkvart til ein fagtur til det prestisjefylte forskingssenteret CERN i Sveits.


Triumfbuen, Paris

Partikkelfysikk
(Ill.foto)

Vassjet. Lac Leman

Tekst og foto:
Evy Skarvøy Lien
evy@haramsnytt.no


Ålesund – Bergen – Paris - Geneve,
det er reiseruta til dei åtte fysikkelevane ved Haram vidaregåande skule. Vinterferien skal brukast til å tilegne seg verdifull innsikt i det nyaste innan fysikken si verd.

Lokal kontakt
Det er fysikklærar Terje Engeset Pettersen som har fått i stand det spanande besøket ved eit av verdas fremste forskingssenter, CERN i Geneve. Han har jobba ved senteret både som student og som nyutdanna, og gler seg til å få kome attende og sjå kva utviklinga har brakt med seg.

Innhaldsrik tur
I Bergen er det omvisning ved Teknisk Institutt, og ei aldri så lita orientering i studentbyen, som står på programmet.
– Det er greitt å få sjekka ut tilhøva, søknadsfristen til høgskulane nærmar seg, så dette blir ei gyllen moglegheit for oss til å få sett på studentfasilitetane i Bergen, seier Anne Mari Lausund.
Deretter går turen til Paris og to dagar med museum, utstillingar og masse kos....

– Vi skal sjølvsagt sjå på ingeniørkunst, men også få med oss litt av fasilitetane i Paris, seier Kristoffer Remen Nesje, og haustar rå latter frå klassekameratar. Uvisst kvifor....

Derifrå går turen vidare med hurtigtog til Geneve der det blir litt tid til FN, skitur i Alpane og slikt, før forskingssenteret CERN står på plakaten.

Teknologi i verdstoppen
Thor Audun Steen har vore reiseleiar og hatt ansvaret for bestilling av flybillettar og hotellopphald. Lærar Pettersen har delegert koordinasjonsarbeidet som ein læringsprosess og er godt nøgd med resultatet.

Dei åtte elevane får ei sju timars guida omvisning ved anlegget av ein nordmann som jobbar der nede. At forskingssenteret er prestisjefylt, skjønar vi når Pettersen fortel at over halvparten av alle partikkelfysikarane i verda er knytt til ulike prosjekt ved CERN.
– Det er såpass dyrt å drive forskinga, at finansieringa er basert på eit internasjonalt samarbeid, seier han. - Eg gler meg til at elevane skal få sjå korleis forskinga fungerar, få sjå ulike eksperiment og forsøk dei berre har høyrt om før. Ved CERN driv dei med teknologi i verdstoppen, og det nyaste no er eksperimentet LHC, som startar til sommaren, fortel Pettersen. Han prøvar seg på ei forklaring som ikkje er til å forstå for den som ikkje har ei tung fysikkutdanning bak seg. Men at det er snakk om ein tunnel med ein omkrins på 27 kilometer som skal sjå på partiklar frå The Big Bang, sjå det skjønar vi.


TAF
Elevane skal bidra med ein liten fagleg del også. Dei skal skrive artiklar om norske fysikarar som skal leggast ut på internett leksikonet, Wikipedia.
– Dei fremste fysikarane i verda har jobba ved CERN, fleire har fått Nobel prisen for arbeidet sitt. Det seier ikkje så reint lite, meinar Martinus Løken, som samstundes nyttar høver til å oppmode alle elevar ved 10. steget til å søkje seg til TAF linja ved HVS, berre sjå kva dykk får bli med på!

Superklasse
– Eg har hatt denne klassa i matematikk og fysikk i snart fire år no, og eg må få seie at eg er ein utruleg fornøgd lærar. Dei er ein kjempegrei gjeng, arbeidssame og proffe på alle måtar, og fortener verkeleg denne turen, skryt Pettersen.
– Det er no vi skal seie at grunnen til at vi er så kjekke er at vi har hatt ein fantastisk god lærar som har forma oss, kjem det frå reiseleiar Steen. Seks medelevar gjev høglytt uttrykk for at dei er einige i den karakteristikken.

I utgangspunktet skulle turen vere sjølvfinansierande, men skuleleiinga vart så begeistra for opplegget at dei ville vere med å betale reisa for elevane. Dette som eit ledd i styrkinga av realfaga. 11. februar startar dei åtte framtidige ingeniørane, sivilingeniørane og fysikarane på fysikkturen sin.


Meir om CERN-turen ...

Andre faglege turar ved HVS ...


Hovudsida